×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.

image

Lær Norsk Nå Podcast, 92 – Stereotypiar om Noreg og nordmenn

92 – Stereotypiar om Noreg og nordmenn

Heihei! Eg vil berre minna dykk på at de kan støtta podkasten på Patreon. Der kan de gje eit månadleg bidrag til podkasten, noko eg sett veldig pris på!1. Om de ikkje ønsker å binda dykk til faste bidrag kvar månad, så er det mogleg å gje ein eingongsdonasjon. De finn aktuelle lenker i deskripsjonen. La oss starta episoden!

Stereotypiar er forenklingar og generaliseringar som me må ver på vakt for. Dei kan ofte vera basert på anekdotar eller feiloppfatningar. Likevel kan det av og til vera litt sanning i dei, sjølv om det finnes store individuelle forskjellar blant folk. I denne episoden skal me snakka om stereotypiar om Noreg og nordmenn. Stereotypiar blir som oftast bestemt av dei som lagar dei, og då er dei også avhengige av dei som held stereotypiane. Amerikanarar har nok andre stereotypiar om Noreg og nordmenn enn det tyskarar har. Men også dette er jo ein stereotypi frå mi side. Eg har i alle fall funne stereotypiane frå engelskspråkleg media og kjem til å diskutera desse litt nærmare. Nokre av stereotypiane er om Noreg medan andre er om heile Skandinavia.

Me kan byrja med å sjå på den nettbaserte teikneserien Scandinavia and the World av Humon frå Danmark. Her ser me tre karakterar som skal representera Noreg, Sverige og Danmark. Designet av karakterane er basert på skandinaviske stereotypiar om oss sjølv. Ein stereotypi om svenskar er at dei er rike, arrogante og kan mykje om teknologi; difor har den svenske karakteren ein datamaskin, moderne briller, håret i sleik og eit arrogant uttrykk i andletet. Den danske karakteren er full og glad. Den norske karakteren har på seg ein strikka genser, turbukse og sko, ei fiskestong i dei eine handa og ein fisk i den andre. Dette er nok ein stereotypi om at nordmenn er turglade, praktiske og kanskje litt simple. Kanskje ikkje så alt for langt frå sanning.

Ein annan kjent stereotypi er at nordmenn er audmjuke, litt dystre og introverte. Vel, la oss først sjå på audmjuk. Kanskje kjem dette frå at nordmenn ofte har ein litt annan kultur når det kjem til å snakka om eigne individuelle prestasjonar. Janteloven, eit norsk og dansk konsept, er at ein ikkje skal tru at ein er betre enn andre. Dette står sterkt i Noreg. Likevel er ikkje nordmenn så veldig kollektivt audmjuke. Til dømes kallar me ofte vårt eige land for «det beste landet i verda». Me er veldig patriotiske.

Nordmenn som litt dystre og kanskje litt mørke er nok kopla til dei kalde og mørke vintrane i Noreg. Eg trur det er mogleg å merka skilnadar i folk i Noreg på vinteren samanlikna med sommaren. Her i Trondheim er det berre fire timar med sollys på det mørkaste. Lenger nord er det ikkje sollys i det heile tatt. Situasjonen er heilt annleis på sommaren då me har sol nesten heile døgnet. Dette gjer kanskje at ein blir litt dystrare og meir innestengde på vintrane samanlikna med somrane. Ein blir påverka av sollyset ein får i løpet av dagen, og det er kjent at det er mogleg å få vinterdepresjon på grunn av dette; altså at ein føler seg meir nedpå og har mindre energi på vinteren. Det er individuelt kor utsette ein er for dette, men eg kan merka sjølv at eg endrar litt humør og veremåte på vintrane samanlikna med somrane.

Den siste er at nordmenn er introvertar. Dette er kanskje eit misbruk av termen «introvert», men det er vel ofte her forstått som at nordmenn ikkje tek kontakt så ofte. Det er mindre vanleg å snakka med framande i Noreg samanlikna med andre land. Kanskje. Til dømes er det veldig uvanleg at ein sett seg ved sidan av nokon på bussen og snakkar med dei, sånn heilt utan vidare. Men dette har kanskje meir med kultur å gjera. Det er mange ekstrovertar også i Noreg.

Nordmenn er konfliktsky. Dette vil seie at nordmenn ikkje liker konflikt og gjer nesten kva som helst for å unngå det. Eg veit ikkje om dette er spesielt for nordmenn; det er vel ganske normalt å prøva å unngå konflikt. Likevel er kanskje nordmenn kjent for å vera det i enda større grad enn andre. Eg fekk sjølv merka dette då eg jobba deltid på ein restaurant her i Noreg. Då var kundane veldig tolmodige, sjølv om det kunne ta lang tid til tider før dei fekk maten sin. Det var veldig sjeldan at me fekk klagar. Men kanskje er det litt forskjell på folk frå Nord-Noreg og Sør-Noreg her. Nordlendingar pleier å vera meir direkte og rappkjefta enn folk frå sør.

Nordmenn er høge, blonde og blåauga. Denne gjed nok for skandinavarar generelt. Det er sjølvsagt variasjonar i den norske befolkninga også. Me har meir enn éin hårfarge og augefarge. Likevel er det i gjennomsnitt fleire blonde og blåauga i Noreg og Norden samanlikna med resten av verda. Grunnen til dette er det låge melaninnivået som gjer fargestoff til hår og hud. Kanskje har dette med at det er veldig lite lys i Noreg på vinteren. Lys hud tar nemleg opp lettare D-vitamin. Huda produserer D-vitamin når den får sol. Lys hud er fordel i eit land der det er lite sol store delar av året. At nordmenn er høge er eit generelt nordeuropeisk fenomen.

Nordmenn elskar natur. Dei aller fleste i Noreg har eit eller anna forhold til naturen. Kanskje har det det med at me har så mykje natur rundt oss i Noreg. Eg veit i alle fall at det er veldig vanleg å gå tur og reise til hytter i Noreg. Det er veldig uvanleg å høyra at folk ikkje liker å gå tur, sjølv om det nok også finnes. Kanskje er dette knytt til bilete om den simple nordmannen. Dette vil seie at me kanskje liker at livet er litt simplare. For eksempel å koma seg ut i naturen, ikkje bruka så dyre klede, eta ganske simpel mat. Og at me elskar fisk, noko som er på grunn av vår lange kyst.

Nært knytt til dette er den egalitære kulturen me har i Noreg. I Noreg har me sterke sosialdemokratiske tradisjonar som gjer at me har eit sterkt helsevesen og mange offentlege retter og godar. Sannsynlegvis har de høyrt om det generøse norske velferdssystemet. Denne egalitære kulturen kan ein også merka i korleis me snakkar med kvarandre og forskjellen mellom formell og uformell. Det er ikkje ein sterk skilnad mellom formelt og uformelt språk i Noreg. Me bruker førenamnet på folk, til og med professorar. Me seier sjeldan «vær så snill» eller andre tomme formalitetar. Mange, spesielt dei som er meir vande med hierarkiske kulturar med sterke skilnadar i formelt og uformelt språk, så kan nok dette vera litt kultursjokk.

Noko anna me må snakka om er nordmenns forhold til alkohol. Kanskje har du høyrt at nordmenn drikk mykje alkohol. Dette stemmer faktisk ikkje. Noreg ligg på 72. plass på gjennomsnittleg alkoholforbruk samanlikna med andre land. Dette er lågare enn alle andre land i Norden. I tillegg er det lågare enn dei aller fleste vestlege land. Alkohol er veldig dyrt i Noreg, noko som har stor påverknad på alkoholforbruket. Men kvifor er det då ein stereotypi om at nordmenn drikk mykje? Vel, det har nok med at me sjeldan drikk i vekedagane, slik som ein kan sjå i middelhavkulturar med eit glas vin til maten, men nordmenn drikk generelt mykje i helgene. Me har faktisk eit eige ord for det: Helgefylla. Mange nordmenn drikk veldig mykje når dei først drikk, men drikk sjeldnare enn i mange andre land.

Noko anna Noreg er kjent for er eit meir liberalt syn på seksualitet. Dette kjem for eksempel tydeleg fram i skilnadane på synet på nakenheit i Noreg samanlikna med USA. Det er langt vanlegare å sjå nakenheit i media og samfunnet generelt samanlikna med USA. I tillegg er skandinavarar kjent for å vera meir villige til å ha tilfeldig sex enn i andre land. Dette trur eg kan stemma, sjølv om ein ikkje bør overdriva dette. Den største skilnaden er kanskje at nordmenn pleier å vera mindre religiøse i gjennomsnitt, noko som gjer at religion spelar ei mindre rolle for moral rundt seksualitet enn i andre kulturar.

Og med det så avsluttar me denne episoden. Me har no gått igjennom nokre stereotypiar om Noreg, nordmenn og skandinavarar generelt. Det finnes sikkert mang fleire eg kunne ha nemnd, men dette er ei lita innføring i stereotypiar og generaliseringar. Om de har nokre spørsmål eller tilbakemeldingar må de gjerna senda meg ein epost. Eposten finn de i deskripsjonen. Elles vil eg berre ønska dykk ein riktig god dag vidare. Ha det bra!

Learn languages from TV shows, movies, news, articles and more! Try LingQ for FREE

92 – Stereotypiar om Noreg og nordmenn Stereotypes|||| 92 – Stereotypen über Norwegen und Norweger 92 - Stereotypes about Norway and Norwegians 92 – Estereotipos sobre Noruega y los noruegos 92 – Stéréotypes sur la Norvège et les Norvégiens 92 – Estereótipos sobre a Noruega e os noruegueses 92 – Стереотипи про Норвегію та норвежців

Heihei! Eg vil berre minna dykk på at de kan støtta podkasten på Patreon. I|||||||||||| I just want to remind you that they can support the podcast on Patreon. Der kan de gje eit månadleg bidrag til podkasten, noko eg sett veldig pris på!1. |||give||||||||||| There they can make a monthly contribution to the podcast, something I really appreciated! 1. Om de ikkje ønsker å binda dykk til faste bidrag kvar månad, så er det mogleg å gje ein eingongsdonasjon. If they do not want to tie dives to fixed contributions every month, then it is possible to make a one-time donation. De finn aktuelle lenker i deskripsjonen. They find relevant links in the description. La oss starta episoden! Let's start the episode!

Stereotypiar er forenklingar og generaliseringar som me må ver på vakt for. Stereotypes are simplifications and generalizations that we must be wary of. Dei kan ofte vera basert på anekdotar eller feiloppfatningar. They can often be based on anecdotes or misconceptions. Likevel kan det av og til vera litt sanning i dei, sjølv om det finnes store individuelle forskjellar blant folk. Nevertheless, there can sometimes be some truth in them, even though there are great individual differences among people. I denne episoden skal me snakka om stereotypiar om Noreg og nordmenn. In this episode we will talk about stereotypes about Norway and Norwegians. Stereotypiar blir som oftast bestemt av dei som lagar dei, og då er dei også avhengige av dei som held stereotypiane. Stereotypes are usually determined by those who create them, and then they are also dependent on those who keep the stereotypes. Amerikanarar har nok andre stereotypiar om Noreg og nordmenn enn det tyskarar har. Americans probably have different stereotypes about Norway and Norwegians than Germans have. Men også dette er jo ein stereotypi frå mi side. But this too is a stereotype on my part. Eg har i alle fall funne stereotypiane frå engelskspråkleg media og kjem til å diskutera desse litt nærmare. I have at least found the stereotypes from the English-language media and will discuss these a little more closely. Nokre av stereotypiane er om Noreg medan andre er om heile Skandinavia. Some of the stereotypes are about Norway while others are about the whole of Scandinavia.

Me kan byrja med å sjå på den nettbaserte teikneserien Scandinavia and the World av Humon frå Danmark. We can start by watching the online cartoon series Scandinavia and the World by Humon from Denmark. Her ser me tre karakterar som skal representera Noreg, Sverige og Danmark. Designet av karakterane er basert på skandinaviske stereotypiar om oss sjølv. The design of the characters is based on Scandinavian stereotypes about ourselves. Ein stereotypi om svenskar er at dei er rike, arrogante og kan mykje om teknologi; difor har den svenske karakteren ein datamaskin, moderne briller, håret i sleik og eit arrogant uttrykk i andletet. A stereotype about Swedes is that they are rich, arrogant and know a lot about technology; therefore, the Swedish character has a computer, modern glasses, slicked-back hair and an arrogant expression on his face. Den danske karakteren er full og glad. The Danish character is drunk and happy. Den norske karakteren har på seg ein strikka genser, turbukse og sko, ei fiskestong i dei eine handa og ein fisk i den andre. The Norwegian character is wearing a knitted jumper, hiking trousers and shoes, a fishing rod in one hand and a fish in the other. Dette er nok ein stereotypi om at nordmenn er turglade, praktiske og kanskje litt simple. This is probably a stereotype that Norwegians are adventurous, practical and perhaps a little simple. Kanskje ikkje så alt for langt frå sanning. Maybe not too far from the truth.

Ein annan kjent stereotypi er at nordmenn er audmjuke, litt dystre og introverte. Another well-known stereotype is that Norwegians are humble, a little gloomy and introverted. Vel, la oss først sjå på audmjuk. Well, first let's look at audmjuk. Kanskje kjem dette frå at nordmenn ofte har ein litt annan kultur når det kjem til å snakka om eigne individuelle prestasjonar. Perhaps this comes from the fact that Norwegians often have a slightly different culture when it comes to talking about their own individual achievements. Janteloven, eit norsk og dansk konsept, er at ein ikkje skal tru at ein er betre enn andre. Janteloven, a Norwegian and Danish concept, is that you should not think that you are better than others. Dette står sterkt i Noreg. This stands strong in Norway. Likevel er ikkje nordmenn så veldig kollektivt audmjuke. Nevertheless, Norwegians are not very collectively humble. Til dømes kallar me ofte vårt eige land for «det beste landet i verda». For example, we often call our own country "the best country in the world". Me er veldig patriotiske. Me are very patriotic.

Nordmenn som litt dystre og kanskje litt mørke er nok kopla til dei kalde og mørke vintrane i Noreg. Norwegians who are a little gloomy and perhaps a little dark are probably linked to the cold and dark winters in Norway. Eg trur det er mogleg å merka skilnadar i folk i Noreg på vinteren samanlikna med sommaren. I think it is possible to notice differences in people in Norway in the winter compared to the summer. Her i Trondheim er det berre fire timar med sollys på det mørkaste. Here in Trondheim there are only four hours of sunlight at its darkest. Lenger nord er det ikkje sollys i det heile tatt. Further north there is no sunlight at all. Situasjonen er heilt annleis på sommaren då me har sol nesten heile døgnet. The situation is completely different in the summer when we have sun almost all day. Dette gjer kanskje at ein blir litt dystrare og meir innestengde på vintrane samanlikna med somrane. Ein blir påverka av sollyset ein får i løpet av dagen, og det er kjent at det er mogleg å få vinterdepresjon på grunn av dette; altså at ein føler seg meir nedpå og har mindre energi på vinteren. Det er individuelt kor utsette ein er for dette, men eg kan merka sjølv at eg endrar litt humør og veremåte på vintrane samanlikna med somrane. It is individual how prone one is to this, but I can notice myself that my mood and demeanor change a little in the winter compared to the summer.

Den siste er at nordmenn er introvertar. Dette er kanskje eit misbruk av termen «introvert», men det er vel ofte her forstått som at nordmenn ikkje tek kontakt så ofte. This is perhaps a misuse of the term "introvert", but it is often understood here to mean that Norwegians do not make contact that often. Det er mindre vanleg å snakka med framande i Noreg samanlikna med andre land. It is less common to talk to foreigners in Norway compared to other countries. Kanskje. Maybe. Til dømes er det veldig uvanleg at ein sett seg ved sidan av nokon på bussen og snakkar med dei, sånn heilt utan vidare. For example, it is very unusual for someone to sit next to someone on the bus and talk to them, without further ado. Men dette har kanskje meir med kultur å gjera. But this may have more to do with culture. Det er mange ekstrovertar også i Noreg.

Nordmenn er konfliktsky. Norwegians are conflict-averse. Dette vil seie at nordmenn ikkje liker konflikt og gjer nesten kva som helst for å unngå det. This means that Norwegians do not like conflict and will do almost anything to avoid it. Eg veit ikkje om dette er spesielt for nordmenn; det er vel ganske normalt å prøva å unngå konflikt. I don't know if this is special for Norwegians; It is quite normal to try to avoid conflict. Likevel er kanskje nordmenn kjent for å vera det i enda større grad enn andre. Nevertheless, Norwegians are perhaps known to be so to an even greater extent than others. Eg fekk sjølv merka dette då eg jobba deltid på ein restaurant her i Noreg. I noticed this myself when I worked part-time at a restaurant here in Norway. Då var kundane veldig tolmodige, sjølv om det kunne ta lang tid til tider før dei fekk maten sin. Then the customers were very patient, even though it could sometimes take a long time before they got their food. Det var veldig sjeldan at me fekk klagar. It was very rare that I received complaints. Men kanskje er det litt forskjell på folk frå Nord-Noreg og Sør-Noreg her. But perhaps there is a slight difference between people from Northern Norway and Southern Norway here. Nordlendingar pleier å vera meir direkte og rappkjefta enn folk frå sør. Northerners tend to be more direct and blunt than people from the south.

Nordmenn er høge, blonde og blåauga. Denne gjed nok for skandinavarar generelt. This is enough for Scandinavians in general. Det er sjølvsagt variasjonar i den norske befolkninga også. There are of course variations in the Norwegian population as well. Me har meir enn éin hårfarge og augefarge. I have more than one hair color and eye color. Likevel er det i gjennomsnitt fleire blonde og blåauga i Noreg og Norden samanlikna med resten av verda. Nevertheless, there are on average more blondes and blue-eyed people in Norway and the Nordic countries compared to the rest of the world. Grunnen til dette er det låge melaninnivået som gjer fargestoff til hår og hud. The reason for this is the low level of melanin, which gives color to hair and skin. Kanskje har dette med at det er veldig lite lys i Noreg på vinteren. Perhaps this has to do with the fact that there is very little light in Norway in the winter. Lys hud tar nemleg opp lettare D-vitamin. Fair skin absorbs vitamin D more easily. Huda produserer D-vitamin når den får sol. Lys hud er fordel i eit land der det er lite sol store delar av året. Fair skin is an advantage in a country where there is little sun for large parts of the year. At nordmenn er høge er eit generelt nordeuropeisk fenomen. That Norwegians are tall is a general Northern European phenomenon.

Nordmenn elskar natur. Dei aller fleste i Noreg har eit eller anna forhold til naturen. The vast majority of people in Norway have one or another relationship with nature. Kanskje har det det med at me har så mykje natur rundt oss i Noreg. Maybe it has to do with the fact that we have so much nature around us in Norway. Eg veit i alle fall at det er veldig vanleg å gå tur og reise til hytter i Noreg. In any case, I know that it is very common to go on walks and travel to cabins in Norway. Det er veldig uvanleg å høyra at folk ikkje liker å gå tur, sjølv om det nok også finnes. It is very unusual to hear that people do not like to go for a walk, although there are probably some. Kanskje er dette knytt til bilete om den simple nordmannen. Perhaps this is linked to the image of the simple Norwegian. Dette vil seie at me kanskje liker at livet er litt simplare. This means that I might like life to be a little simpler. For eksempel å koma seg ut i naturen, ikkje bruka så dyre klede, eta ganske simpel mat. For example, getting out into nature, not wearing such expensive clothes, eating fairly simple food. Og at me elskar fisk, noko som er på grunn av vår lange kyst. And that I love fish, which is because of our long coast.

Nært knytt til dette er den egalitære kulturen me har i Noreg. Closely related to this is the egalitarian culture we have in Norway. I Noreg har me sterke sosialdemokratiske tradisjonar som gjer at me har eit sterkt helsevesen og mange offentlege retter og godar. In Norway, we have strong social democratic traditions which mean that we have a strong healthcare system and many public services and benefits. Sannsynlegvis har de høyrt om det generøse norske velferdssystemet. They have probably heard about the generous Norwegian welfare system. Denne egalitære kulturen kan ein også merka i korleis me snakkar med kvarandre og forskjellen mellom formell og uformell. This egalitarian culture can also be seen in how we talk to each other and the difference between formal and informal. Det er ikkje ein sterk skilnad mellom formelt og uformelt språk i Noreg. There is not a strong difference between formal and informal language in Norway. Me bruker førenamnet på folk, til og med professorar. We use the first name for people, even professors. Me seier sjeldan «vær så snill» eller andre tomme formalitetar. We rarely say "please" or other empty formalities. Mange, spesielt dei som er meir vande med hierarkiske kulturar med sterke skilnadar i formelt og uformelt språk, så kan nok dette vera litt kultursjokk. For many, especially those who are more familiar with hierarchical cultures with strong differences in formal and informal language, this can probably be a bit of a culture shock.

Noko anna me må snakka om er nordmenns forhold til alkohol. Something else we have to talk about is Norwegians' relationship to alcohol. Kanskje har du høyrt at nordmenn drikk mykje alkohol. Perhaps you have heard that Norwegians drink a lot of alcohol. Dette stemmer faktisk ikkje. This is actually not true. Noreg ligg på 72. plass på gjennomsnittleg alkoholforbruk samanlikna med andre land. Dette er lågare enn alle andre land i Norden. This is lower than all other countries in the Nordics. I tillegg er det lågare enn dei aller fleste vestlege land. In addition, it is lower than the vast majority of western countries. Alkohol er veldig dyrt i Noreg, noko som har stor påverknad på alkoholforbruket. Men kvifor er det då ein stereotypi om at nordmenn drikk mykje? But why is there a stereotype that Norwegians drink a lot? Vel, det har nok med at me sjeldan drikk i vekedagane, slik som ein kan sjå i middelhavkulturar med eit glas vin til maten, men nordmenn drikk generelt mykje i helgene. Well, it has to do with the fact that we rarely drink on weekdays, as you can see in Mediterranean cultures with a glass of wine with food, but Norwegians generally drink a lot on weekends. Me har faktisk eit eige ord for det: Helgefylla. We actually have our own word for it: Helgefylla. Mange nordmenn drikk veldig mykje når dei først drikk, men drikk sjeldnare enn i mange andre land. Many Norwegians drank a lot when they first started drinking, but drank less often than in many other countries.

Noko anna Noreg er kjent for er eit meir liberalt syn på seksualitet. Something else Norway is known for is a more liberal view of sexuality. Dette kjem for eksempel tydeleg fram i skilnadane på synet på nakenheit i Noreg samanlikna med USA. This is, for example, clearly evident in the differences in the view of nudity in Norway compared to the United States. Det er langt vanlegare å sjå nakenheit i media og samfunnet generelt samanlikna med USA. It is far more common to see nudity in the media and society in general compared to the USA. I tillegg er skandinavarar kjent for å vera meir villige til å ha tilfeldig sex enn i andre land. In addition, Scandinavians are known to be more willing to have casual sex than in other countries. Dette trur eg kan stemma, sjølv om ein ikkje bør overdriva dette. I think I can agree with this, although one should not exaggerate this. Den største skilnaden er kanskje at nordmenn pleier å vera mindre religiøse i gjennomsnitt, noko som gjer at religion spelar ei mindre rolle for moral rundt seksualitet enn i andre kulturar.

Og med det så avsluttar me denne episoden. Me har no gått igjennom nokre stereotypiar om Noreg, nordmenn og skandinavarar generelt. We have now gone through some stereotypes about Norway, Norwegians and Scandinavians in general. Det finnes sikkert mang fleire eg kunne ha nemnd, men dette er ei lita innføring i stereotypiar og generaliseringar. There are probably many more I could have mentioned, but this is a small introduction to stereotypes and generalizations. Om de har nokre spørsmål eller tilbakemeldingar må de gjerna senda meg ein epost. Eposten finn de i deskripsjonen. Elles vil eg berre ønska dykk ein riktig god dag vidare. Ha det bra!