×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.


image

Lær Norsk Nå Podcast, I – Reisebrev frå Chile (2)

I – Reisebrev frå Chile (2)

Klokka tre møter eg opp til visning og møter ei eldre dame som ikkje kjenner meg igjen. Ho spør litt vakt «Cómo te llamas» (kva heiter du). Ho kjende meg ikkje igjen frå profilbilete mitt. «Du har jo blondt hår og blåe auge, ikkje brunt hår og mørke auge som på dette bilete». Ho klarte ikkje å sjå at eg var same person. Frå seg av begeistring for at eg lever opp til stereotypien ho har av Noreg og nordmenn insisterer ho på å ta nokre bilete av meg ute på balkongen for å visa vennene sine at «jaudå, nordmannen eg skal leiga ut til har faktisk blondt hår OG blåe auge.»

Me går gjennom leilegheita som er veldig bra plassert. Det er veldig sentralt og rett ved ein metro. I nærleiken er det hundrevis av butikkar, kjøpesenter, restaurantar og kafear. Ho gjer meg ein latterleg bra pris for staden til ca. 7400 kr i månaden (inkludert alt av straum og kostnadar) delt på to personar. Det skulle seinare visa seg at denne prisen var for god til å vera sann. Eigedomsmeklaren viste at prisen ho ga meg ikkje stemde med det som stod i kontrakten. Leilegheita var 1000kr dyrare enn prisen ho ga meg. Etter ein litt oppgitt telefonsamtale får eg forhandla prisen ned til 8000kr. Ein stress dag, men eg nådde no målet mitt for dagen. Innflyttinga skjedde på søndag kveld.

For å feira avtalen inviterte utleigaren meg på ein restaurant. Der fekk eg servert verdas største porsjon med svinekjøtt og pommes frites. Mens eg åt ringte ho barnebarnet sitt som studerte i Danmark som ho ville at eg skulle snakka med. Me var jo på same alder og ho kunne jo forklara meg alt om leilegheita på nytt, berre på engelsk! Ein har vel eigentleg ikkje noko val i ein slik situasjon og eg prøvde å halda det så kortfatta som mogleg. Etter middagen tok ho meg på ein lite runde i bilen medan ho viste meg dei beste restaurantane, kafeane og matbutikkane i nærleiken. Nyttig det, om eg berre hadde huska halvparten av alt ho sa og viste meg.

Dette blei den store «ordna leilegheit dagen» min. Det blei også «den store gå dagen». I Santiago er det veldig interessant å gå rundt i gatene og berre observera. Eg har vert veldig interessert i å gå så mykje som mogleg no i starten slik at eg blir meir kjend med staden og gatene rundt. Likevel har det også vert litt slitsamt og det har gnaga litt i hælen skal eg ærleg innrømma. Den 14. januar viste klokka at eg hadde gått 40,000 skritt. Ikkje så rart det når dagen stort sett gjekk til det. Men også dei andre dagane har eg gått mykje. Eg har snitta på 26,000 skritt kvar dag dei siste fem dagane. Santiago er ein folksam by som strekk seg over eit stort område og ein tur til byen inneber difor mykje gåing. Uansett, med 40,000 skritt lagt bak med, slitne bein og 4% straum igjen på mobilen kjem eg tilbake til Airbnb staden min.

Dei siste dagane har gått mykje i å få ordna ting og utforska. Eg har blitt tatt med til sprudlande marknadar, to gonger, der dei sel alt mogleg som mat, frukt og grønt (blant anna latterleg billige blåbær), elektroniske dingsar, medisinar, bøker, klede, spill og mykje meir. Det er veldig livleg på marknaden med mykje folk og lyd. Seljarar passar godt på at du får med deg at dei sel «BILLIG FISK. BILLIG OG GOD FISK. BILLIG, BILLIG, BILLIG!!!!». Stemmane deira må vera heil køyrde etterpå for det var i alle fall øyrene mine!

No handlar mykje om å skaffa dei siste småtinga eg treng og prøva å bli kjent med folk. Daniel, svensken eg skal bu med, kom til Santiago 15. januar, men han testa positivt på PCR-testen han tok på flyplassen og er difor i karantene. Det var veldig kjipt og eg kjøpte litt småting til han slik at han skulle ha noko nødmat, litt snacks og vatn medan han var på hotellet og venta på vidare instruksar. Forhåpentlegvis kjem han snart ut igjen; det er litt tomt her i leilegheita med berre meg.

I – Reisebrev frå Chile (2) I – Reisebrief aus Chile (2) I – Travel letter from Chile (2) I – Lettre de voyage du Chili (2) I – List podróżniczy z Chile (2) I – Carta de viagem do Chile (2) I – Дорожній лист із Чилі (2)

Klokka tre møter eg opp til visning og møter ei eldre dame som ikkje kjenner meg igjen. At three o'clock I show up for the screening and meet an elderly lady who doesn't recognize me. Ho spør litt vakt «Cómo te llamas» (kva heiter du). She asks a bit guardedly "Cómo te llamas" (what's your name). Ho kjende meg ikkje igjen frå profilbilete mitt. She didn't recognize me from my profile picture. «Du har jo blondt hår og blåe auge, ikkje brunt hår og mørke auge som på dette bilete». "You have blond hair and blue eyes, not brown hair and dark eyes like in this picture." Ho klarte ikkje å sjå at eg var same person. She couldn't see that I was the same person. Frå seg av begeistring for at eg lever opp til stereotypien ho har av Noreg og nordmenn insisterer ho på å ta nokre bilete av meg ute på balkongen for å visa vennene sine at «jaudå, nordmannen eg skal leiga ut til har faktisk blondt hår OG blåe auge.» Excited that I live up to the stereotype she has of Norway and Norwegians, she insists on taking some pictures of me out on the balcony to show her friends that "yes, the Norwegian I'm going to rent out to actually has blonde hair AND blue eye."

Me går gjennom leilegheita som er veldig bra plassert. Me walks through the apartment, which is very well located. Det er veldig sentralt og rett ved ein metro. It is very central and right next to a metro. I nærleiken er det hundrevis av butikkar, kjøpesenter, restaurantar og kafear. In the vicinity there are hundreds of shops, shopping centres, restaurants and cafes. Ho gjer meg ein latterleg bra pris for staden til ca. She gives me a ridiculously good price for the place at approx. 7400 kr i månaden (inkludert alt av straum og kostnadar) delt på to personar. NOK 7,400 a month (including all electricity and costs) divided between two people. Det skulle seinare visa seg at denne prisen var for god til å vera sann. It would later turn out that this price was too good to be true. Eigedomsmeklaren viste at prisen ho ga meg ikkje stemde med det som stod i kontrakten. The estate agent showed that the price she gave me did not match what was in the contract. Leilegheita var 1000kr dyrare enn prisen ho ga meg. The apartment was NOK 1,000 more expensive than the price she gave me. Etter ein litt oppgitt telefonsamtale får eg forhandla prisen ned til 8000kr. After a somewhat tedious phone conversation, I can negotiate the price down to NOK 8,000. Ein stress dag, men eg nådde no målet mitt for dagen. A stressful day, but I now reached my goal for the day. Innflyttinga skjedde på søndag kveld. The move in took place on Sunday evening.

For å feira avtalen inviterte utleigaren meg på ein restaurant. To celebrate the agreement, the landlord invited me to a restaurant. Der fekk eg servert verdas største porsjon med svinekjøtt og pommes frites. There I was served the world's largest portion of pork and fries. Mens eg åt ringte ho barnebarnet sitt som studerte i Danmark som ho ville at eg skulle snakka med. While I was eating, she called her grandson, who was studying in Denmark, who she wanted me to talk to. Me var jo på same alder og ho kunne jo forklara meg alt om leilegheita på nytt, berre på engelsk! We were the same age and she could explain everything about the flat to me again, only in English! Ein har vel eigentleg ikkje noko val i ein slik situasjon og eg prøvde å halda det så kortfatta som mogleg. You don't really have a choice in such a situation and I tried to keep it as brief as possible. Etter middagen tok ho meg på ein lite runde i bilen medan ho viste meg dei beste restaurantane, kafeane og matbutikkane i nærleiken. After dinner, she took me for a short drive in the car while she showed me the best restaurants, cafes and grocery stores nearby. Nyttig det, om eg berre hadde huska halvparten av alt ho sa og viste meg. Useful, if only I had remembered half of everything she said and showed me.

Dette blei den store «ordna leilegheit dagen» min. This was my big "fix the apartment day". Det blei også «den store gå dagen». It was also "the big go day". I Santiago er det veldig interessant å gå rundt i gatene og berre observera. In Santiago it is very interesting to walk around the streets and just observe. Eg har vert veldig interessert i å gå så mykje som mogleg no i starten slik at eg blir meir kjend med staden og gatene rundt. I have been very interested in walking as much as possible in the beginning so that I become more familiar with the city and the surrounding streets. Likevel har det også vert litt slitsamt og det har gnaga litt i hælen skal eg ærleg innrømma. Nevertheless, it has also been a bit tiring and it has gnawed a bit in the heel, I must honestly admit. Den 14. januar viste klokka at eg hadde gått 40,000 skritt. On January 14, the watch showed that I had walked 40,000 steps. Ikkje så rart det når dagen stort sett gjekk til det. No wonder when the day mostly went to that. Men også dei andre dagane har eg gått mykje. But I also walked a lot the other days. Eg har snitta på 26,000 skritt kvar dag dei siste fem dagane. I have averaged 26,000 steps every day for the last five days. Santiago er ein folksam by som strekk seg over eit stort område og ein tur til byen inneber difor mykje gåing. Santiago is a crowded city that extends over a large area and a trip to the city therefore involves a lot of walking. Uansett, med 40,000 skritt lagt bak med, slitne bein og 4% straum igjen på mobilen kjem eg tilbake til Airbnb staden min. Anyway, with 40,000 steps behind me, tired legs and 4% electricity left on my mobile, I return to my Airbnb place.

Dei siste dagane har gått mykje i å få ordna ting og utforska. The last few days have been spent organizing things and exploring. Eg har blitt tatt med til sprudlande marknadar, to gonger, der dei sel alt mogleg som mat, frukt og grønt (blant anna latterleg billige blåbær), elektroniske dingsar, medisinar, bøker, klede, spill og mykje meir. I have been taken to exuberant markets, twice, where they sell everything possible such as food, fruit and vegetables (including ridiculously cheap blueberries), electronic gadgets, medicines, books, clothes, games and much more. Det er veldig livleg på marknaden med mykje folk og lyd. It is very lively at the market with lots of people and noise. Seljarar passar godt på at du får med deg at dei sel «BILLIG FISK. Sellers make sure you understand that they sell "CHEAP FISH. BILLIG OG GOD FISK. CHEAP AND GOOD FISH. BILLIG, BILLIG, BILLIG!!!!». CHEAP, CHEAP, CHEAP!!!!". Stemmane deira må vera heil køyrde etterpå for det var i alle fall øyrene mine! Their voices must have been full afterwards because it was my ears anyway!

No handlar mykje om å skaffa dei siste småtinga eg treng og prøva å bli kjent med folk. Now it's a lot about getting the last little things I need and trying to get to know people. Daniel, svensken eg skal bu med, kom til Santiago 15. januar, men han testa positivt på PCR-testen han tok på flyplassen og er difor i karantene. Daniel, the Swede I will be living with, came to Santiago on 15 January, but he tested positive in the PCR test he took at the airport and is therefore in quarantine. Det var veldig kjipt og eg kjøpte litt småting til han slik at han skulle ha noko nødmat, litt snacks og vatn medan han var på hotellet og venta på vidare instruksar. It was very difficult and I bought some small things for him so that he would have some emergency food, some snacks and water while he was at the hotel and waiting for further instructions. Forhåpentlegvis kjem han snart ut igjen; det er litt tomt her i leilegheita med berre meg. Hopefully he will come out again soon; it's a bit empty here in the flat with just me.