×

Nous utilisons des cookies pour rendre LingQ meilleur. En visitant le site vous acceptez nos Politique des cookies.

image

Lær Norsk Nå Podcast, 47 – Samisk

47 – Samisk

Hei og velkommen til ein ny episode! I denne episoden skal me snakka om samar, spesielt med fokus på samisk språk. Før me byrjar 1 vil eg berre minna dykk 2 på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. I tillegg vil eg berre 3 nemna at det er mogleg å støtta podcasten på Patreon. 4. Det er veldig kjekt å sjå at det allereie er fleire som har valt å gjera det. De finn lenker til båe 5 nettstaden og Patreon i deskripsjonen av episoden. Takk.

I dag skal me snakke om samar og samisk. Samar er eit urfolk i Noreg. Urfolk er folkegrupper som har budd ein stad i svært lang tid. I Noreg er samar eit urfolk ettersom det har vore samar i Noreg i fleire tusen år. Historisk har samane først og fremst vore busette i Nord-Noreg, Nord-Sverige, Nord-Finland og Nord-Vest i Russland. I dag er det omtrent 100 000 samar i verda, og dei fleste av dei kjem frå Noreg. I Noreg bur det ca. 50 000 til 60 000 samar. Samanlikna med det totale folketalet i Noreg på over fem millionar, så er det ikkje så mange samar i Noreg. Likevel har dei vore her lenge, og dei har ein lang historie i Noreg. For eksempel handla vikingar og samar med kvarandre. I følgje ei myte skal den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre frå 800-talet, ha gifta seg med ei samekvinne som heitte 6 Snøfrid.

Samane er altså ein viktig del av norsk historie og levde tett ved sidan av dei norrøn-snakkande i sør. Men kvar 7 kom samane frå? Samane utvandra frå Volga-regionen i Russland for mange tusen år sidan. Dei vandra til nordlege Skandinavia. Språket til samane, samisk, er eit finsk-ugrisk språk. Finsk-ugrisk er ein språkfamilie akkurat som indo-europeisk. Dette tyder altså at norsk og samisk ikkje er i slekt med kvarandre. Faktisk er norsk og russisk likare kvarandre enn norsk og samisk. Samisk er i slekt med språk som finsk, estisk og ungarsk som også er finsk-ugriske språk.

Likevel er ikkje samisk berre eit språk. Samisk er ei gruppe av språk som er i slekt med kvarandre, men kan vera veldig ulike kvarandre. Det er altså ikkje ulike dialekter av same språk, men forskjellige språk. I alt er det ti samiske språk. Desse kan delast i to hovudgreiner: Vestsamiske språk og austsamiske språk. Dei vestsamiskespråka er nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk og umesamisk. Alle desse blir snakka eller har blitt snakka i Noreg. I tillegg har det vore skolesamisk som er eit austsamisk språk. Andre austsamiskespråk er enaresamisk, akkalasamisk, kildinsamsik, tersamisk og kemisamisk. I Noreg har seks av desse samiske språka blitt snakka av samar, men i dag er det berre nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk som blir snakka i Noreg. Dei andre tre har døydd ut her i landet.

Totalt snakkar omtrent 30% av alle samar eit samisk språk. Det vil seie at det finnes omtrent 30 000 som kan samisk. Av desse er det berre 15% som også kan skriva samisk. Dei samiske språka er altså veldig små språk. Nordsamisk er det største samiske språket. 90% av alle som snakkar samisk, snakkar nordsamisk. Dei aller fleste av desse bur i Nord-Noreg i fylka Troms og Finnmark. Dette vil seie at nesten alle som snakkar samisk bur i Noreg, og mange stader, spesielt i Nord-Noreg, er det mogleg å få undervisning i samisk. Slik kan dei som snakkar samisk også læra å lesa og skriva det. Det er veldig viktig for at samisk skal overleva som språk. Når ein seier samisk, meiner ein som oftast nordsamisk ettersom det er det største samiske språket. Likevel er det viktig å huska på at det også finnes andre samiske språk.

Alle dei samiske språka, unntatt nordsamisk, er alvorleg trua. Alvorleg trua språk er språk med svært få brukarar, altså personar som framleis kan språket. I tillegg er desse språka som oftast berre snakka av vaksne og eldre personar. Det er altså få barn og yngre personar som lærar språka. Sannsynligvis kjem fleire av dei samiske språka til å bli utrydda i nær framtid. For eksempel er det berre 600 personar som framleis brukar lulesamisk aktivt i Noreg. Lulesamisk blir også snakka i Sverige, men ikkje av mange. Det er nok svært sannsynleg at lulesamisk kjem til å døy ut om ikkje lenge dersom det ikkje blir gjort noko drastisk. Fleire har engasjert seg for å prøva å redda lulesamisk ved å prøva å få yngre folk til å læra det. Likevel kan det vera for seint allereie. Lulesamisk er eit språk med ulike dialekter, eit skriftspråk og ein kultur av lulesamar. Mykje av dette kan gå tapt dersom lulesamisk forsvinn.

Sørsamisk blir også snakka i Noreg, men også det er eit alvorleg trua språk som kan forsvinna i nærmaste framtid. Omtrent 1000 personar brukar sørsamsik aktivt. Likevel er det fleire som prøvar å redda sørsamsik. Det er nok meir sannsynleg at sørsamsik overlever enn lulesamisk. For eksempel laga NRK, den norske statskanalen, eit TV-program om det sørsamsike språket. Programmet heitar «Den stille kampen: Kampen for språket» og handlar om ein sørsamisk familie som kjempar for at språket deira skal overleva. NDLA, ei nettside med ressursar for bruk i den norske skulen, har ressursar for å læra sørsamisk. I tillegg er det fleire skilt på stadnamn og kommunenamn i Nord-Noreg som blir skrivne på båe norsk og sørsamisk.

Nordsamisk er det største samiske språket, og nesten alle som snakkar nordsamisk bur i Noreg. På grunnskulen i Noreg i 2010 var det over 2000 elevar som hadde opplæring i nordsamisk. Grunnskulen er år ein til ti i det norske skulesystemet. Altså frå ein er 6 år til ein er 16 år gammal. Av dei som hadde opplæring i samisk på grunnskulen, var halvparten morsmålsbrukarar. Altså var det ca. 1000 elevar i Noreg som fekk opplæring i samisk som var deira førstespråk. Dei som har samisk som morsmål snakkar som regel også norsk som morsmål. Altså får dei to språk gratis kan ein nesten seie. Så heldige, ikkje sant?

I kommunane Karasjok og Kautokeino snakkar majoriteten nordsamsik som morsmål. Desse kommunane ligg inne i landet i Finnmark og er nokre av dei kaldaste stadene i Noreg. Gjennomsnittstemperaturen pleier å vera -20 gradar Celsius på vintrane. Karasjok har kulderekorden i Noreg. Kulerekord er den kaldaste temperaturen som nokon gong er målt. Det skjedde i Karasjok 6. februar 1886, altså for ganske lenge sidan. Då blei det målt 51,4 minusgradar Celsius.

I båe Kautokeino og Karasjok snakkar dei aller fleste nordsamisk. Systera mi har faktisk vore i Kautokeino, og ho sa at ein berre høyrte samisk rundt seg. For eksempel snakka dei samisk til kvarandre i butikkane, ikkje norsk. Folk som bur der kan sjølvsagt norsk også, men det verker som dei først og fremst snakkar samisk med kvarandre. Dette visar at nordsamisk framleis er eit levande språk.

Faktisk er nordsamisk det einaste samiske språket som ikkje er alvorleg trua. Språket er likevel klassifisert som trua, men i mindre grad enn dei andre samiske språka. Det er derimot viktig å framleis ha fokus på å halda nordsamisk levande ved å gje opplæring i språket og få yngre folk til å læra det. Korleis kan ein gjera det? Ein mogleg måte er å fokusera meir på samisk kultur og språk som noko positivt og som ein del av kultur og identitet. I tillegg er det viktig å visa at samisk blir brukt i Noreg og i kultur. Ein måte dette kan gjerast på er å visa samisk i song, på TV og i samfunnet generelt.

NRK har eigne nyhendesendingar på nordsamisk. Desse fokuserer på samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland, altså ikkje berre om Noreg. Dette kan vera ein måte å byggja ein felles samisk identitet på tvers av landegrenser. På tvers av landegrenser tyder at ein hopp over landegrenser. Å gå på tvers av landegrenser vil seie at ein går utan å tenkja på at det er landegrenser i vegen. Ein kan også høyra samisk på radio. Faktisk har NRK ein eigen radiokanal på samisk.

I tillegg har samane eit eige sameting. Sametinget er i Finnmark og består av 39 representantar for samane. Desse 39 representantane blir valt av samar i Noreg. Sametinget si oppgåve er å passa på at samane sine interesser blir høyrde i Noreg. Dei skal passa på å ta vare på samisk kultur, språk og interesser i Noreg. Sametinget blei oppretta i Noreg i 1989 og kan samanliknast med Stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg, berre for samane.

Det er også kjekt å sjå at samane har fått større internasjonal interesse i dei seinare åra. For eksempel laga Disney teiknefilmen «Frost 2». «Frost 2» handlar om eit folkeslag som er tydeleg inspirert av samane. Faktisk jobba Disney saman med samemiljøet når dei laga filmen. Filmen har fått ros for si framvising av samisk kultur. Å få ros tyder at folk seier at noko er bra. I «Frost 2» kan ein også høyra songar som har element av joik i seg. Joik er ein tradisjonell samisk musikkform. «Frost 2» er også den første filmen som er dubba til nordsamisk. Dubba tyder at ein omsettar ein film til eit anna språk og les inn stemmane. På denne måten kan samiske ungar få sjå ein film på sitt eige språk. Forhåpentlegvis vil me få sjå fleire filmar dubba til samisk i framtida. Her er eit likte klipp av den samiske dubben frå «Frost 2»:

Samisk kultur og språk har kanskje aldri vert så tydeleg i Noreg som i dag. Likevel er det ikkje berre positive tendensar ein kan sjå i Noreg. NRK skreiv nettopp ein artikkel om Ann-Marie Dorph som er same. Ho bur i Tromsø, den største byen i Nord-Noreg, og den byen i Noreg med flest samar. Ho snakka samisk med nokre venner på ein buss i Tromsø. Då ho skulle gå av bussen, var det ei eldre dame som sa til henne at: «Samar høyrer ikkje til nokre stader, og spesielt ikkje på bussen, der alle kan høyra språket». Det var altså ei eldre dame som sa at Ann-Marie ikkje burde bruka samisk på bussen.

Sjølv om det er mange som har eit positivt syn på samar og samisk kultur og språk, er det framleis mange som ikkje liker samar. Dei fleste yngre er i dag positive til samar og samisk. Likevel er det ein del blant dei eldre som framleis har eit negativt syn på samisk og samar. På 1800-talet og heilt fram til om lag (ca.) 1950, prøvde Noreg å assimilera samane. Altså, staten prøvde å utrydda samisk kultur og språk. Ein ønska at samane skulle snakka norsk og gløyma samisk kultur. Dette er noko eg kjem til å laga ein episode om i framtida. Uansett visar denne hendinga på bussen at slike haldningar om samane framleis finnes i dag.

Til slutt tenkte eg me kunne snakka litt kort om samisk språk, altså litt om grammatikk og syntaks. Dei første bøkene på samisk kom faktisk allereie på 1600-talet, så slik kan ein sjå språkutviklinga til samisk heilt frå denne tida. Det er morosamt å tenkja på at dei første bøkene på norsk ikkje kom før på 1800-talet. I Noreg skreiv ein dansk på 1600-talet. Det var ikkje før på 1800-talet at Noreg fekk sine eigne skriftspråk, nynorsk og bokmål. Men la oss sjå litt på dei moderne samiske språka, spesielt på nordsamisk ettersom det er det største samiske språket.

Samisk språkpolitikk, altså korleis språket skal skrivast, er ganske puristisk. Dette vil seie at språket prøver å ikkje ta inn for mange nye låneord, men vel heller å laga nye ord på eige språk. Dette kan likna litt på islandsk som også føretrekk å laga nye ord på for eksempel ny teknologi der dei brukar islandske ord. Likevel har samisk tatt inn fleire låneord frå norsk. I tillegg er det interessant å sjå at samisk har ganske mange låneord frå norrønt. De hugsar kanskje at samar og vikingar hadde mykje kontakt med kvarandre? Dette er nok grunnen til at det er ein del norrøne låneord på samisk.

Elles er samisk eit språk med mange ord for natur, dyreliv, terrenget rundt seg og snø. Samar har lenge levd i tett samband med naturen. Dei har lenge levd i ein arktisk natur heilt nord i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Språket er difor rikt på ord som skildrar naturen og eit kaldt klima. For eksempel finnes det latterleg mange ord for snø. Nokre eksempel er «bajádat» som tyder eit lag med snø som skia ikkje dett ned i. Altså eit snølag som skia kan halda seg oppå. Eit anna eksempel er «čáhcemuohtta» som er våtaktig snø, spesielt slik snøen er på våren. Eit siste eksempel er «goahpálat» som er fuktig snø som fell ned og fester seg til alt. Dette er berre nokre få eksempel på snø-relaterte ord på samisk.

Samisk fungerer veldig annleis enn norsk. For eksempel pleiar orda å vera veldig lange. Dette er kompliserte ord med fleire prefiksar og suffiksar. For eksempel kan ein leggja til ei ending på samiske substantiv for å visa kven som eig det. I tillegg er det kasus på samisk. Det finnes sju kasusformar på nordsamisk. Kasus er ei bøyingsform av substantiv, adjektiv og pronomen som visar kva rolle det har i setninga. For eksempel om det er den som gjer verbet. Fleire indo-europeiske språk har kasussystem, for eksempel har tysk fire kasus, nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. Litauisk har sju kasus. Kasussystemet på samisk fungerer likevel litt annleis enn det gjer på indo-europeiske språk. Mange pleier å overdriva kor mange «reelle» kasus det finnes på finsk-ugriske språk. Du har kanskje høyrt at finsk har 10 eller 20 kasus? Dette stemmer ikkje heilt. Så eg vil tru at desse sju kasusane på samisk kanskje ikkje er heilt det same som dei indo-europeiske kasusane.

Noko som er veldig kult på samisk er at ein kan leggja til endingar på verb som endrar noko av tydinga. «Njuikut» tyder «å hoppe» på samisk. «Njuiket» tyder å hoppe berre éin gong, ikkje fleire gonger. «njuikkodit» tyder å hoppe fleire gonger etter kvarandre. «njuikestit» tyder å gjere eit lite hopp berre éin gong. «njuikulit» tyder å gjere fleire raske hopp etter kvarandre. «njuikehit» tyder å klara å hoppa. Altså å få til å hoppa. Det er ganske kult at nokre endingar kan endra så mykje.

Trykket i samisk er alltid på første stavinga i ordet. Dette gjer at det kanskje høyrest litt hakkete ut frå eit norsk perspektiv. Norsk har trykk på ein av dei tre siste stavingane. Norske dialekter i Karasjok og Kautokeino og andre stader med mange samar, har ofte eit trykksystem som liknar meir på samisk. Her kan dykk få høyra eit lite utdrag av korleis ei slik dialekt høyrest ut:

Eg håpar at de har fått eit lite innblikk i kor rikt og unikt samisk språk og kultur er. Det er ein del av Noreg og spesielt nordnorsk kultur. Kanskje nokre av dykk har lyst til å læra dykk samisk i framtida? Uansett er det greitt å veta litt om samane og samisk ettersom dei er ein viktig del av norsk historie og kultur.

Me avsluttar der. De kan kontakta meg på epost. Epostadressa finn dykk i deskripsjonen av episoden. Me snakkast i neste episode. Ha det bra!

Learn languages from TV shows, movies, news, articles and more! Try LingQ for FREE

47 – Samisk 47 – Sami 47 – Sami 47 – Sami 47 – Samis 47 – Sami 47 – Sami 47 – Sami 47 – Сами 47 – Самі

Hei og velkommen til ein ny episode! Hello and welcome to a new episode! I denne episoden skal me snakka om samar, spesielt med fokus på samisk språk. |||||||Sami|||||| |||||||Sami people|||||| In this episode we will talk about Sami, especially with a focus on the Sami language. Før me byrjar 1 vil eg berre minna dykk 2 på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. ||beginne||||erinner euch||||||finden|||||Webseite|| Before I start 1, I just want to remind dive 2 that they can find the text of the episode on the podcast's website. I tillegg vil eg berre 3 nemna at det er mogleg å støtta podcasten på Patreon. |||||nennen erwähnen||||möglich||||| In addition, I would just like to mention 3 that it is possible to support the podcast on Patreon. 4. Det er veldig kjekt å sjå at det allereie er fleire som har valt å gjera det. |||schön|||||bereits||mehrere|||gewählt||es tun| It is very nice to see that there are already more who have chosen to do so. De finn lenker til båe 5 nettstaden og Patreon i deskripsjonen av episoden. ||Links||beide||||||| They find links to both the 5 website and Patreon in the description of the episode. Takk. Thanks.

I dag skal me snakke om samar og samisk. Today we will talk about Samar and Sami. Samar er eit urfolk i Noreg. Samar is an indigenous people in Norway. Urfolk er folkegrupper som har budd ein stad i svært lang tid. |||||gelebt||Ort|||| ||||"have"|lived|||||| Indigenous peoples are groups of people who have lived in a city for a very long time. I Noreg er samar eit urfolk ettersom det har vore samar i Noreg i fleire tusen år. |||||||||ein||||||| In Norway, the Sami are an indigenous people as they have been our Sami in Norway for several thousand years. Historisk har samane først og fremst vore busette i Nord-Noreg, Nord-Sverige, Nord-Finland og Nord-Vest i Russland. ||Sami|||||ansässig|||||||||||| ||the Sami people|||||settled|||||||||||| Historically, the Sami have primarily settled in northern Norway, northern Sweden, northern Finland and northwestern Russia. I dag er det omtrent 100 000 samar i verda, og dei fleste av dei kjem frå Noreg. Today there are about 100,000 Sami in the world, and most of them come from Norway. I Noreg bur det ca. In Norway there are approx. 50 000 til 60 000 samar. 50,000 to 60,000 Samar. Samanlikna med det totale folketalet i Noreg på over fem millionar, så er det ikkje så mange samar i Noreg. Compared to the total population in Norway of over five million, there are not that many Sami in Norway. Likevel har dei vore her lenge, og dei har ein lang historie i Noreg. Nevertheless, they have been here for a long time, and they have a long history in Norway. For eksempel handla vikingar og samar med kvarandre. For example, Vikings and Sami trade with each other. I følgje ei myte skal den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre frå 800-talet, ha gifta seg med ei samekvinne som heitte 6 Snøfrid. |||||||||||||||||||Sami woman||was named|Snofrid According to a myth, the first king in Norway, Harald Hårfagre from the ninth century, married a Sami woman named 6 Snøfrid.

Samane er altså ein viktig del av norsk historie og levde tett ved sidan av dei norrøn-snakkande i sør. |||||||||||||||||Norse-speaking|| The Sami are thus an important part of Norwegian history and lived closely alongside the Norse-speakers in the south. Men kvar 7 kom samane frå? But where did the Sami come from? Samane utvandra frå Volga-regionen i Russland for mange tusen år sidan. |emigrated||Volga region|the region||||||| Samans emigrated from the Volga region of Russia many thousands of years ago. Dei vandra til nordlege Skandinavia. |They traveled to northern Scandinavia.||northern| They migrate to northern Scandinavia. Språket til samane, samisk, er eit finsk-ugrisk språk. The language of the Sami, Sami, is a Finno-Ugric language. Finsk-ugrisk er ein språkfamilie akkurat som indo-europeisk. Finno-Ugric is a language family just like Indo-European. Dette tyder altså at norsk og samisk ikkje er i slekt med kvarandre. This means that Norwegian and Sami are not related to each other. Faktisk er norsk og russisk likare kvarandre enn norsk og samisk. In fact, Norwegian and Russian are more alike than Norwegian and Sami. Samisk er i slekt med språk som finsk, estisk og ungarsk som også er finsk-ugriske språk. |||||||||||||||Finno-Ugric| Sami is related to languages such as Finnish, Estonian and Hungarian, which are also Finno-Ugric languages.

Likevel er ikkje samisk berre eit språk. Nevertheless, Sami is not just a language. Samisk er ei gruppe av språk som er i slekt med kvarandre, men kan vera veldig ulike kvarandre. Sami is a group of languages that are related to other quadrants, but can be very different quadrants. Det er altså ikkje ulike dialekter av same språk, men forskjellige språk. These are not different dialects of the same language, but different languages. I alt er det ti samiske språk. There are a total of ten Sami languages. Desse kan delast i to hovudgreiner: Vestsamiske språk og austsamiske språk. |||||main branches|Western Sami|||East Sami| These can be divided into two main branches: West Sami languages and East Sami languages. Dei vestsamiskespråka er nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk og umesamisk. |the Western Sami languages|||Lule Sami|Southern Sami|Pite Sami||Ume Sami The West Sámi languages are North Sámi, Lule Sámi, South Sámi, Pite Sámi and Ume Sámi. Alle desse blir snakka eller har blitt snakka i Noreg. All of these are talked about or have been talked about in Norway. I tillegg har det vore skolesamisk som er eit austsamisk språk. |||||school Sami||||East Sami| In addition, our school Sami is an East Sami language. Andre austsamiskespråk er enaresamisk, akkalasamisk, kildinsamsik, tersamisk og kemisamisk. |Eastern Sami languages||Inari Sami|Akkala Sami|Kildin Sami|Ter Sami||Kemi Sami Other East Sámi languages are Inari Sámi, Accala Sámi, Kildin Sámi, Tersami and Chemisami. I Noreg har seks av desse samiske språka blitt snakka av samar, men i dag er det berre nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk som blir snakka i Noreg. ||||||Sami|||||||||||||||||||| In Norway, six of these Sami languages have been spoken by Sami, but today only Northern Sami, South Sami and Lule Sami are spoken in Norway. Dei andre tre har døydd ut her i landet. ||||died out|||| The other three have died out in this country.

Totalt snakkar omtrent 30% av alle samar eit samisk språk. In total, about 30% of all Sami speak a Sami language. Det vil seie at det finnes omtrent 30 000 som kan samisk. This means that there are about 30,000 who can speak Sami. Av desse er det berre 15% som også kan skriva samisk. Of these, only 15% can also write Sami. Dei samiske språka er altså veldig små språk. The Sami languages are thus very small languages. Nordsamisk er det største samiske språket. Northern Sami is the largest Sami language. 90% av alle som snakkar samisk, snakkar nordsamisk. 90% of all those who speak Sami speak Northern Sami. Dei aller fleste av desse bur i Nord-Noreg i fylka Troms og Finnmark. ||||||||||counties||| The vast majority of these cages are in northern Norway in the counties of Troms and Finnmark. Dette vil seie at nesten alle som snakkar samisk bur i Noreg, og mange stader, spesielt i Nord-Noreg, er det mogleg å få undervisning i samisk. This means that almost everyone who speaks Sami cages in Norway, and in many places, especially in northern Norway, it is possible to receive instruction in Sami. Slik kan dei som snakkar samisk også læra å lesa og skriva det. In this way, those who speak Sami can also learn to read and write it. Det er veldig viktig for at samisk skal overleva som språk. ||||||||survive|| It is very important for Sami to survive as a language. Når ein seier samisk, meiner ein som oftast nordsamisk ettersom det er det største samiske språket. When one wins Sámi, one usually means Northern Sámi as it is the largest Sámi language. Likevel er det viktig å huska på at det også finnes andre samiske språk. Nevertheless, it is important to remember that there are other Sami languages as well.

Alle dei samiske språka, unntatt nordsamisk, er alvorleg trua. All the Sami languages, except Northern Sami, are seriously threatened. Alvorleg trua språk er språk med svært få brukarar, altså personar som framleis kan språket. ||||||very few|few|users|||||| Seriously threatening language is a language with very few users, ie people who still know the language. I tillegg er desse språka som oftast berre snakka av vaksne og eldre personar. In addition, these languages are usually only spoken by adults and the elderly. Det er altså få barn og yngre personar som lærar språka. So there are few children and younger people who learn the language. Sannsynligvis kjem fleire av dei samiske språka til å bli utrydda i nær framtid. ||||||||||wiped out||| Probably more of the Sami languages will be eradicated in the near future. For eksempel er det berre 600 personar som framleis brukar lulesamisk aktivt i Noreg. For example, there are only 600 people who currently use Lule Sámi actively in Norway. Lulesamisk blir også snakka i Sverige, men ikkje av mange. Lule Sámi is also spoken in Sweden, but not by many. Det er nok svært sannsynleg at lulesamisk kjem til å døy ut om ikkje lenge dersom det ikkje blir gjort noko drastisk. It is probably very likely that Lule Sámi will die out soon if nothing drastic is done. Fleire har engasjert seg for å prøva å redda lulesamisk ved å prøva å få yngre folk til å læra det. Several have become involved in trying to save Lule Sámi by trying to get younger people to learn it. Likevel kan det vera for seint allereie. Still, it may be too late already. Lulesamisk er eit språk med ulike dialekter, eit skriftspråk og ein kultur av lulesamar. |||||||||||||Lule Sami people Lule Sámi is a language with different dialects, a written language and a culture of Lule Sámi. Mykje av dette kan gå tapt dersom lulesamisk forsvinn. |||||||Lule Sami language| Much of this can be lost if Lule Sámi disappears.

Sørsamisk blir også snakka i Noreg, men også det er eit alvorleg trua språk som kan forsvinna i nærmaste framtid. ||||||||||||||||disappear||near future| Southern Sami is also spoken in Norway, but it is also a seriously endangered language that may disappear in the near future. Omtrent 1000 personar brukar sørsamsik aktivt. |||Southern Sami| About 1000 people actively use Southern Sami. Likevel er det fleire som prøvar å redda sørsamsik. Nevertheless, there are more who are trying to save southern Sami. Det er nok meir sannsynleg at sørsamsik overlever enn lulesamisk. |||||||will survive|| It is probably more likely that southern Sámi will survive than Lule Sámi. For eksempel laga NRK, den norske statskanalen, eit TV-program om det sørsamsike språket. ||||||state broadcaster||||||Southern Sami| For example, NRK, the Norwegian state channel, made a TV program about the South Sami language. Programmet heitar «Den stille kampen: Kampen for språket» og handlar om ein sørsamisk familie som kjempar for at språket deira skal overleva. |||||||||||||||fight|||||| The program is called "The silent struggle: The struggle for the language" and is about a South Sami family who are fighting for their language to survive. NDLA, ei nettside med ressursar for bruk i den norske skulen, har ressursar for å læra sørsamisk. Norwegian Digital Learning Arena|||||||||||||||| NDLA, a website with resources for use in the Norwegian school, has resources for learning Southern Sami. I tillegg er det fleire skilt på stadnamn og kommunenamn i Nord-Noreg som blir skrivne på båe norsk og sørsamisk. |||||||place names||municipality names||||||||||| In addition, there are several signs for town names and municipality names in northern Norway that are written in both Norwegian and Southern Sami.

Nordsamisk er det største samiske språket, og nesten alle som snakkar nordsamisk bur i Noreg. Northern Sámi is the largest Sámi language, and almost everyone who speaks Northern Sámi cages in Norway. På grunnskulen i Noreg i 2010 var det over 2000 elevar som hadde opplæring i nordsamisk. |primary school|||||||||||| At the primary school in Norway in 2010, there were over 2000 pupils who had training in Northern Sami. Grunnskulen er år ein til ti i det norske skulesystemet. |||||||||school system The primary school is years one to ten in the Norwegian school system. Altså frå ein er 6 år til ein er 16 år gammal. That is, from one is 6 years old to one is 16 years old. Av dei som hadde opplæring i samisk på grunnskulen, var halvparten morsmålsbrukarar. |||||||||||native speakers Of those who had instruction in Sami in primary school, half were mother tongue users. Altså var det ca. So it was approx. 1000 elevar i Noreg som fekk opplæring i samisk som var deira førstespråk. 1000 pupils in Norway who received instruction in Sami, which was their first language. Dei som har samisk som morsmål snakkar som regel også norsk som morsmål. Those who have Sami as their mother tongue usually also speak Norwegian as their mother tongue. Altså får dei to språk gratis kan ein nesten seie. So you get the two languages for free you can almost say. Så heldige, ikkje sant? |So lucky, right?|| So lucky, right?

I kommunane Karasjok og Kautokeino snakkar majoriteten nordsamsik som morsmål. |the municipalities||||||Northern Sami|| In the municipalities of Karasjok and Kautokeino, the majority speak Northern Sami as their mother tongue. Desse kommunane ligg inne i landet i Finnmark og er nokre av dei kaldaste stadene i Noreg. |the municipalities||||||||||||coldest||| These municipalities are located inland in Finnmark and are some of the coldest cities in Norway. Gjennomsnittstemperaturen pleier å vera -20 gradar Celsius på vintrane. The average temperature||||||| The average temperature tends to be -20 degrees Celsius in the winters. Karasjok har kulderekorden i Noreg. ||cold record|| Karasjok holds the cold record in Norway. Kulerekord er den kaldaste temperaturen som nokon gong er målt. Cold record|||||||||measured Bullet record is the coldest temperature ever measured. Det skjedde i Karasjok 6. februar 1886, altså for ganske lenge sidan. It happened in Karasjok on February 6, 1886, a long time ago. Då blei det målt 51,4 minusgradar Celsius. ||||minus degrees Celsius| Then 51.4 degrees Celsius was measured.

I båe Kautokeino og Karasjok snakkar dei aller fleste nordsamisk. In both Kautokeino and Karasjok, the vast majority speak Northern Sami. Systera mi har faktisk vore i Kautokeino, og ho sa at ein berre høyrte samisk rundt seg. My sister|||||||||||||heard||| My sister has actually been to Kautokeino, and she said that one only heard Sami around her. For eksempel snakka dei samisk til kvarandre i butikkane, ikkje norsk. ||||||||the stores|| For example, they spoke Sami to each other in the shops, not Norwegian. Folk som bur der kan sjølvsagt norsk også, men det verker som dei først og fremst snakkar samisk med kvarandre. People who live there can of course also speak Norwegian, but it seems that they primarily speak Sami with each other. Dette visar at nordsamisk framleis er eit levande språk. |||||||living| This shows that Northern Sami is a living language.

Faktisk er nordsamisk det einaste samiske språket som ikkje er alvorleg trua. In fact, Northern Sami is the only Sami language that is not seriously threatened. Språket er likevel klassifisert som trua, men i mindre grad enn dei andre samiske språka. |||classified as threatened||||||||||| The language is nevertheless classified as threatened, but to a lesser extent than the other Sami languages. Det er derimot viktig å framleis ha fokus på å halda nordsamisk levande ved å gje opplæring i språket og få yngre folk til å læra det. On the other hand, it is important to focus on keeping Northern Sami alive by providing language training and getting younger people to learn it. Korleis kan ein gjera det? How can one do that? Ein mogleg måte er å fokusera meir på samisk kultur og språk som noko positivt og som ein del av kultur og identitet. |||||focus on||||||||||||||||| One possible way is to focus more on Sami culture and language as something positive and as part of culture and identity. I tillegg er det viktig å visa at samisk blir brukt i Noreg og i kultur. In addition, it is important to show that Sami is used in Norway and in culture. Ein måte dette kan gjerast på er å visa samisk i song, på TV og i samfunnet generelt. |||||||||||song|||||| One way this can be done is to show Sami in song, on TV and in society in general.

NRK har eigne nyhendesendingar på nordsamisk. |||news broadcasts|| NRK has its own news broadcasts in Northern Sami. Desse fokuserer på samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland, altså ikkje berre om Noreg. These focus on Samar in Norway, Sweden, Finland and Russia, ie not just about Norway. Dette kan vera ein måte å byggja ein felles samisk identitet på tvers av landegrenser. ||||||build||||||||national borders This can be a way to build a common Sami identity across national borders. På tvers av landegrenser tyder at ein hopp over landegrenser. Across national borders indicates a jump across national borders. Å gå på tvers av landegrenser vil seie at ein går utan å tenkja på at det er landegrenser i vegen. Going across national borders means that one walks without thinking that there are national borders in the road. Ein kan også høyra samisk på radio. One can also hear Sami on the radio. Faktisk har NRK ein eigen radiokanal på samisk. ||||own||| In fact, NRK has its own radio channel in Sami.

I tillegg har samane eit eige sameting. ||||||Sami Parliament In addition, the Sami have their own Sami parliament. Sametinget er i Finnmark og består av 39 representantar for samane. The Sami Parliament|||||||representatives|| The Sami Parliament is in Finnmark and consists of 39 representatives of the Sami. Desse 39 representantane blir valt av samar i Noreg. |the representatives|||||| These 39 representatives are elected by Samar in Norway. Sametinget si oppgåve er å passa på at samane sine interesser blir høyrde i Noreg. ||task|||ensure|||||||heard|| The Sami Parliament's task is to ensure that the Sami's interests are heard in Norway. Dei skal passa på å ta vare på samisk kultur, språk og interesser i Noreg. They must take care to preserve Sami culture, language and interests in Norway. Sametinget blei oppretta i Noreg i 1989 og kan samanliknast med Stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg, berre for samane. The Sami Parliament was established in Norway in 1989 and can be compared to the Storting, the national assembly in Norway, only for the Sami.

Det er også kjekt å sjå at samane har fått større internasjonal interesse i dei seinare åra. It is also nice to see that the Sami have gained greater international interest in recent years. For eksempel laga Disney teiknefilmen «Frost 2». ||||animated film| For example, Disney made the cartoon "Frost 2". «Frost 2» handlar om eit folkeslag som er tydeleg inspirert av samane. ||||people|||||| "Frost 2" is about a people who are clearly inspired by the Sami. Faktisk jobba Disney saman med samemiljøet når dei laga filmen. |||||Sami community|||| In fact, Disney worked with the Sami community when they made the film. Filmen har fått ros for si framvising av samisk kultur. ||||||presentation of||| The film has been praised for its display of Sami culture. Å få ros tyder at folk seier at noko er bra. Getting praise indicates that people say that something is good. I «Frost 2» kan ein også høyra songar som har element av joik i seg. ||||||songs|||||traditional singing|| In "Frost 2" you can also hear songs that have an element of yoik in them. Joik er ein tradisjonell samisk musikkform. |||||music form Joik is a traditional Sami form of music. «Frost 2» er også den første filmen som er dubba til nordsamisk. "Frost 2" is also the first film to be dubbed into Northern Sami. Dubba tyder at ein omsettar ein film til eit anna språk og les inn stemmane. dubbing||||translates||||||||||voices Dubba suggests that one translates a film into another language and reads in the voices. På denne måten kan samiske ungar få sjå ein film på sitt eige språk. In this way, Sami kids can see a film in their own language. Forhåpentlegvis vil me få sjå fleire filmar dubba til samisk i framtida. ||||||films||||| Hopefully we will see more films dubbed into Sami in the future. Her er eit likte klipp av den samiske dubben frå «Frost 2»: ||||||||the dub|| Here is a similar clip of the Sami dub from "Frost 2":

Samisk kultur og språk har kanskje aldri vert så tydeleg i Noreg som i dag. Sami culture and language may never have been as clear in Norway as it is today. Likevel er det ikkje berre positive tendensar ein kan sjå i Noreg. Nevertheless, there are not only positive trends that can be seen in Norway. NRK skreiv nettopp ein artikkel om Ann-Marie Dorph som er same. ||||||Ann||Dorph||| NRK just wrote an article about Ann-Marie Dorph who is Sami. Ho bur i Tromsø, den største byen i Nord-Noreg, og den byen i Noreg med flest samar. Ho bur in Tromsø, the largest city in northern Norway, and the city in Norway with the most Samar. Ho snakka samisk med nokre venner på ein buss i Tromsø. She spoke Sami with some friends on a bus in Tromsø. Då ho skulle gå av bussen, var det ei eldre dame som sa til henne at: «Samar høyrer ikkje til nokre stader, og spesielt ikkje på bussen, der alle kan høyra språket». |||||||||||||||||doesn't|||||||||||||| When she was about to get off the bus, an elderly lady told her: "Samar does not belong in any place, and especially not on the bus, where everyone can hear the language." Det var altså ei eldre dame som sa at Ann-Marie ikkje burde bruka samisk på bussen. So it was an elderly lady who said that Ann-Marie should not use Sami on the bus.

Sjølv om det er mange som har eit positivt syn på samar og samisk kultur og språk, er det framleis mange som ikkje liker samar. Although there are many who have a positive view of Samar and Sami culture and language, there are still many who do not like Samar. Dei fleste yngre er i dag positive til samar og samisk. Most younger people today are positive about Sami and Sami. Likevel er det ein del blant dei eldre som framleis har eit negativt syn på samisk og samar. Nevertheless, there are some among the elderly who still have a negative view of Sami and Sami. På 1800-talet og heilt fram til om lag (ca.) In the 19th century and all the way to about (approx.) 1950, prøvde Noreg å assimilera samane. |||to assimilate| 1950, Norway tried to assimilate the Sami. Altså, staten prøvde å utrydda samisk kultur og språk. In other words, the state tried to eradicate Sami culture and language. Ein ønska at samane skulle snakka norsk og gløyma samisk kultur. One wanted the Sami to speak Norwegian and forget Sami culture. Dette er noko eg kjem til å laga ein episode om i framtida. This is something I will make an episode about in the future. Uansett visar denne hendinga på bussen at slike haldningar om samane framleis finnes i dag. |||incident|||||attitudes|||||| In any case, this incident on the bus shows that such attitudes about the Sami people still exist today.

Til slutt tenkte eg me kunne snakka litt kort om samisk språk, altså litt om grammatikk og syntaks. Finally, I thought I could talk a little briefly about the Sami language, that is, a little about grammar and syntax. Dei første bøkene på samisk kom faktisk allereie på 1600-talet, så slik kan ein sjå språkutviklinga til samisk heilt frå denne tida. The first books in Sami actually came as early as the 17th century, so this is how one can see the language development of Sami entirely from this time. Det er morosamt å tenkja på at dei første bøkene på norsk ikkje kom før på 1800-talet. ||fun|||||||||||||| It is amusing to think that the first books in Norwegian did not appear until the 19th century. I Noreg skreiv ein dansk på 1600-talet. In Norway, a Dane wrote in the 17th century. Det var ikkje før på 1800-talet at Noreg fekk sine eigne skriftspråk, nynorsk og bokmål. Men la oss sjå litt på dei moderne samiske språka, spesielt på nordsamisk ettersom det er det største samiske språket. But let's take a look at the modern Sami languages, especially Northern Sami as it is the largest Sami language.

Samisk språkpolitikk, altså korleis språket skal skrivast, er ganske puristisk. |language policy||||||||puristic Sami language policy, i.e. how the language should be written, is quite purist. Dette vil seie at språket prøver å ikkje ta inn for mange nye låneord, men vel heller å laga nye ord på eige språk. |||||tries|||||||||||||||||| This means that the language tries not to take in too many new loanwords, but rather to create new words in its own language. Dette kan likna litt på islandsk som også føretrekk å laga nye ord på for eksempel ny teknologi der dei brukar islandske ord. Likevel har samisk tatt inn fleire låneord frå norsk. I tillegg er det interessant å sjå at samisk har ganske mange låneord frå norrønt. In addition, it is interesting to see that Sami has quite a few loanwords from Norse. De hugsar kanskje at samar og vikingar hadde mykje kontakt med kvarandre? Perhaps they remember that the Samaritans and Vikings had a lot of contact with each other? Dette er nok grunnen til at det er ein del norrøne låneord på samisk. This is probably the reason why there are a number of Norse loanwords in Sami.

Elles er samisk eit språk med mange ord for natur, dyreliv, terrenget rundt seg og snø. Elles is a Sami language with many words for nature, wildlife, the surrounding terrain and snow. Samar har lenge levd i tett samband med naturen. Dei har lenge levd i ein arktisk natur heilt nord i Noreg, Sverige, Finland og Russland. ||||||Arctic||||||||| They have long lived in arctic nature in the far north of Norway, Sweden, Finland and Russia. Språket er difor rikt på ord som skildrar naturen og eit kaldt klima. The language is therefore rich in words that describe nature and a cold climate. For eksempel finnes det latterleg mange ord for snø. ||||laughable|||| For example, there are a ridiculous number of words for snow. Nokre eksempel er «bajádat» som tyder eit lag med snø som skia ikkje dett ned i. Altså eit snølag som skia kan halda seg oppå. |||snow layer||||||||skis|||||||snow layer|||||| Some examples are "bajádat", which means a layer of snow that the ski cannot descend into. That is, a layer of snow that the ski can stay on. Eit anna eksempel er «čáhcemuohtta» som er våtaktig snø, spesielt slik snøen er på våren. ||||wet snow|||wet-like||||||| Another example is "čáhcemuohtta" which is wet-like snow, especially the way the snow is in spring. Eit siste eksempel er «goahpálat» som er fuktig snø som fell ned og fester seg til alt. ||||wet snow|||wet|||falls|||||| A final example is "goahpálat", which is moist snow that falls and sticks to everything. Dette er berre nokre få eksempel på snø-relaterte ord på samisk. ||||||||related||| These are just a few examples of snow-related words in Sami.

Samisk fungerer veldig annleis enn norsk. Sami works very differently from Norwegian. For eksempel pleiar orda å vera veldig lange. For example, the words tend to be very long. Dette er kompliserte ord med fleire prefiksar og suffiksar. ||||||prefixes||suffixes For eksempel kan ein leggja til ei ending på samiske substantiv for å visa kven som eig det. ||||add|||ending|||||||||| For example, you can add an ending to Sami nouns to show who owns it. I tillegg er det kasus på samisk. In addition, there is a case in Sami. Det finnes sju kasusformar på nordsamisk. |||case forms|| There are seven case forms in Northern Sami. Kasus er ei bøyingsform av substantiv, adjektiv og pronomen som visar kva rolle det har i setninga. |||inflection form||||||||||||| Case is an inflectional form of a noun, adjective and pronoun that shows what role it has in the sentence. For eksempel om det er den som gjer verbet. For example, if it is the person who does the verb. Fleire indo-europeiske språk har kasussystem, for eksempel har tysk fire kasus, nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. |||||case system||||||||||| Several Indo-European languages have a case system, for example German has four cases, nominative, accusative, dative and genitive. Litauisk har sju kasus. Kasussystemet på samisk fungerer likevel litt annleis enn det gjer på indo-europeiske språk. The case system in Sami nevertheless works a little differently than it does in Indo-European languages. Mange pleier å overdriva kor mange «reelle» kasus det finnes på finsk-ugriske språk. |||overstate|||real||||||| Many people tend to exaggerate how many "real" cases there are in Finno-Ugric languages. Du har kanskje høyrt at finsk har 10 eller 20 kasus? You may have heard that Finnish has 10 or 20 cases? Dette stemmer ikkje heilt. This is not quite right. Så eg vil tru at desse sju kasusane på samisk kanskje ikkje er heilt det same som dei indo-europeiske kasusane. |||||||cases||||||||||||| So I would like to believe that these seven cases in Sami may not be quite the same as the Indo-European cases.

Noko som er veldig kult på samisk er at ein kan leggja til endingar på verb som endrar noko av tydinga. ||||||||||||||||||||meaning Something that is very cool in Sami is that you can add endings to verbs that change some of the meaning. «Njuikut» tyder «å hoppe» på samisk. to jump|means|||in| "Njuikut" means "to jump" in Sami. «Njuiket» tyder å hoppe berre éin gong, ikkje fleire gonger. jumped||||||||| "Njuiket" means to jump only once, not several times. «njuikkodit» tyder å hoppe fleire gonger etter kvarandre. jumping||||||| "njuikkodit" means to jump several times in succession. «njuikestit» tyder å gjere eit lite hopp berre éin gong. jumped||||||||| "Njuikestit" means to make a small jump only once. «njuikulit» tyder å gjere fleire raske hopp etter kvarandre. jump|||||||| "njuikulit" means making several quick jumps one after the other. «njuikehit» tyder å klara å hoppa. to manage to jump|||manage||jump "njuikehit" means to be able to jump. Altså å få til å hoppa. That is, to make you jump. Det er ganske kult at nokre endingar kan endra så mykje. It's pretty cool that some endings can change so much.

Trykket i samisk er alltid på første stavinga i ordet. |||||||syllable|| The stress in Sami is always on the first syllable of the word. Dette gjer at det kanskje høyrest litt hakkete ut frå eit norsk perspektiv. |||||sounds||jagged||||| This means that it may sound a bit choppy from a Norwegian perspective. Norsk har trykk på ein av dei tre siste stavingane. |||||||||syllables Norwegian has stress on one of the last three spellings. Norske dialekter i Karasjok og Kautokeino og andre stader med mange samar, har ofte eit trykksystem som liknar meir på samisk. |||||||||||||||stress system||||| Norwegian dialects in Karasjok and Kautokeino and other places with many Samari often have a stress system that is more similar to Sami. Her kan dykk få høyra eit lite utdrag av korleis ei slik dialekt høyrest ut: Here you can hear a small excerpt of what such a dialect sounds like:

Eg håpar at de har fått eit lite innblikk i kor rikt og unikt samisk språk og kultur er. I hope that they have gained a little insight into how rich and unique the Sami language and culture are. Det er ein del av Noreg og spesielt nordnorsk kultur. It is part of Norway and especially northern Norwegian culture. Kanskje nokre av dykk har lyst til å læra dykk samisk i framtida? Maybe some of you would like to learn Sami in the future? Uansett er det greitt å veta litt om samane og samisk ettersom dei er ein viktig del av norsk historie og kultur. In any case, it is good to know a little about the Sami and Sami, as they are an important part of Norwegian history and culture.

Me avsluttar der. |end| I end there. De kan kontakta meg på epost. They can contact me by email. Epostadressa finn dykk i deskripsjonen av episoden. You can find the email address in the description of the episode. Me snakkast i neste episode. Ha det bra!