×

Nous utilisons des cookies pour rendre LingQ meilleur. En visitant le site vous acceptez nos Politique des cookies.

image

Lær Norsk Nå Podcast, 54 – Norrøn mytologi: Skapinga

54 – Norrøn mytologi: Skapinga

Hei! I denne episoden skal me sjå på skapinga av verda. Før me byrjar vil eg berre igjen takka Dianne for at ho har sendt meg lister med ord for episode 7, 8, 9, 10, 11, 14, 15, 16, 17 og 18. Eg legg alle desse ordlistene ut på nettsida i episodetranskripsjonane. Elles vil eg berre seie at eg sett veldig pris på alle som har støtta meg på Patreon. Patreon er ein plattform som gjer det mogleg å støtta prosjektet ved å donera litt kvar månad. Eg sett veldig pris på de som allereie har valt å gjere det. No, til episoden!

I følgje norrøn mytologi var det berre eit stort gap i byrjinga. Dette gapet var ei djup kløft, altså ein stad der det går nedover. Gapet heiter Ginnungagap. Det var fullt av kraft som var viktig for skapinga. Skapinga av verda skjedde ved at varm og kald luft møtte kvarandre i Ginnungagap. Når den kalde og den varme lufta møtte kvarandre, blei det første vesenet skapt. Eit vesen er ein levande skaping. Den første skapinga i verda var urjotunen Yme. Jotnane er motsettinga til gudane i norrøn mytologi; dei er på ein måte fiendane til gudane. Likevel ser vi her at jotnane vart skapt før gudane.

Yme, den første jotunen, er tvikjønna. Tvikjønna tyder at hen er båe dame og mann på same tid. Yme var dermed båe forfaren og formora til alle jotnane. «Hen» er eit nytt pronomen på norsk som ein kan bruka når det refererer til båe menn og kvinner.

Det var ikkje berre jotunen Yme som oppstod i Ginnungagap då varm og kald luft møtte kvarandre. Då den varme og kalde lufta trefte kvarandre i Ginnungagap, blei kua Audhumbla skapt. Kua Audhumbla gjer mjølk til Yme, den første jotunen, slik at hen får nok næring. Ei slik ur-ku, eller skaparku, finn ein også i babylonsk og indiske mytologiar. Audhumbla er viktig ettersom ho sleikar på ein salt stein. Frå denne steinen oppstår Bure. Bure er den første guden i norrøn mytologi. Bure fekk sonen Bore. Bore fekk tre søner med jotunkvinna Bestla. Sønene heiter Odin, Vilje og Ve. Dei første æsene var altså ei blanding av ein jotun og ein gud. Slik oppstod æsene.

Odin, Vilje og Ve, dei første æsene, gjekk saman om å drepa Yme, den første jotunen. Dei bar Yme sin kropp til Ginnungagap, gapet som førte til dei første skapingane i verda. Odin, Vilje og Ve brukte den døde kroppen til Yme, i Ginnungagap, til å laga jorda. Jorda blei laga av kjøtet til Yme. Frå knoklane til Yme, det er det same som beina, vart fjella laga. Blodet til Yme blei til hava. Hovudet blei til himmelen, medan hjernen blei til skyene.

Verda vart laga ved eit drap. Jotnane tilgav aldri æsene, Odin, Vilje og Ve og deira etterkommarar, dette drapet. Æsene drap den første jotunen for å skapa verda, men dermed blei dei også fiendar. Det er kanskje ikkje så rart at jotnane kjempa mot æsene.

Det var ikkje alle områder på den nye jorda ein kunne leva på. I norrøn mytologi er det berre delen på midten at menneskje kan leva på. Heilt i nord og heilt i sør kan ikkje menneskje leva. I desse utkantane fantes det farlege kaoskrefter. Skapinga av verda førte også til at tida byrja. Før skapinga av jorda fantes det ikkje tid. No byrja også tida.

Etter skapinga av verda byrja gudane å skapa orden i den nye verda. Sola og månen blei sett i faste banar, lovar blei laga og gudane laga Åsgard, som var der dei no skulle bu. Denne første tida var ein gullalder for gudane. Dei hadde det bra i den nye verda; dei leika med kvarandre, det var gull overalt og dei var glade. Denne gullalderen braut saman då tre jotunkvinner kom til dei. Gudane var forferda over å sjå desse jotunkvinnene. Forferda tyder sjokkert. Gudane samla seg saman og laga dvergane som eit svar på dette. Likevel var dette slutten på gullalderen.

Ask og Embla var dei to første menneskjene. Dei blir skapt av Odin, Høner og Lod, tre æser. Æsene skapar menneskje ved at dei gjer liv til to tre. Odin gjer trea pust, Høner gjer dei sjel og Lod gjer dei hår og menneskjeandlet. Dermed var dei to første menneskjene skapte, ein mann og ei dame. Det som er interessant i norrøn mytologi er at mannen og kvinna blir skapt på same tid på akkurat same måte. I bibelen blir mannen skapt før kvinna, og kvinna blir skapt av eit ribbein av mannen. I norrøn mytologi blir dama og mannen skapt på same tid. Namna til dei to menneskja, Ask og Embla, kjem frå namna på tre.

Det første mordet i verda blei gjort av æsene. Dette var det første drapet etter skapinga. Yme, den første jotunen, blei drepen for å skapa verda. Men det første drapet på jorda vart også gjort av æsene, altså gudane. Æsene drap Gullveig, ei mystisk kvinne i norrøn mytologi. Ho blei drepen tre gonger ved å bli stukken med syd og brent i Odins hall. Alle tre gongene blir ho gjenfødd. Men kven er Gullveig? Kvifor blir ho drepen? Det er vanskeleg å vita, men ho blir skildra som ei vond volve, altså ei vond spåkvinne. Dette drapet førar til ein krig mellom æsene og vanane, to ulike gudeslekter. Krigen endar med at vanene og æsene blir foreinte til ei samla gudeslekt.

Skapinga i norrøn mytologi er litt merkeleg og rar, men også interessant. Dei første vesena blir til av at varm og kald luft treff kvarandre. Frå dette blir jotnane og gudane til. Det er æsene som lagar verda ved å drepa Yme, den første jotunen. Menneska blir også laga av tre æser. Noko som er spesielt for norrøn mytologi er at alle skaparane er menn. Det var Odin og brørne hans som skapa verda. Det var også Odin og to andre æser som skapte dei første menneskja. I begge desse tilfella brukte dei mannlege gudane allereie eksisterande materiale til å lage verda og menneskja. For verda brukte dei den døde kroppen til Yme. For å skapa menneskja brukte dei to tre som dei fann. Handverkarar var viktige i norrøn kultur, og desse forteljingane er kanskje ein refleksjon av det.

I norrøn mytologi er mannleg framstilling betre enn naturleg avling. Altså at for eksempel handverk ved at ein lagar noko nytt av allereie eksisterande material, er betre enn at noko nytt kjem til ved ei naturleg fødsel av liv. På same måte representerer æsene manndom og kultur, i denne samanhengen kan me forstå kultur som menneskeleg omforming av noko. Jotnane, fiendane til æsene, representerer kvinnelegheit og natur. Sjølvsagt finnes det kvinnelege æser og mannlege jotnar, men det er dette som blir forbundet med dei to. Det er tydeleg å sjå at norrøn mytologi oppstod i ein mannsdominerande kultur.

Uansett er det interessant å sjå at menn har ein så dominerande rolle i skapinga i norrøn mytologi. I mange andre mytologiar, som også har oppstått i mannsdominerte kulturar, ser ein ofte at kvinner er viktige eller dominerande i den første skapinga.

Til slutt no tenkte eg at me kunne lesa litt frå Voluspå. Voluspå tyder volvas spådom. Ei volve er ei slags spåkvinne som kan sjå inn i fortida, notida og framtida. Voluspå er eit gudedikt i Den eldre Edda som blir fortalt frå volva sitt synspunkt. Den eldre Edda er ei samling av munnlege forteljingar som kan ha blitt fortalt frå så tidleg som 700-talet eller før. Dei blei først skrivne ned på 1200-talet. Dette er ei av dei beste kjeldene me har på norrøn mytologi, og eg tenkte no at me kunne lesa litt frå denne; me les dei delane som har med skapinga å gjere.

Eg kjem til å bruka Jackson Crawford si omsetjing frå 2012 til moderne nynorsk.

Voluspå Vers tre:

3. Det var i byrjinga,

i tida hans Yme,

då det var ingen sand, ingen sjø,

ingen svale bylgjer,

inga jord,

ingen himmel,

ikkje noko gras,

men berre Ginnungagap.

I vers tre fortel volva, altså spåkvinna, om tida før noko vart skapt. Då var det ingenting utanom Ginnungagap, eit tomt gap, og den første jotunen Yme. Voluspå fortel ikkje om skapinga av Yme og urkua Audhumbla.

Vers fire:

4. Men Odin og brørne hans

laga jorda,

det var dei

som laga Midgard.

Sola skein sunnan

på hallene deira

og landet vart grønt

med veksande planter.

Her fortel volva at verda blei laga av Odin og brørne hans som heitar Vilje og Ve. Dei laga Midgard og det var eit grønt og frodig land med planter.

Vers fem til sju:

5. Sola, ven hans månen,

skein sunnan,

medan dei himmelske hestane

drog henne austan.

Men sola visste ikkje enno

kvar ho kvilte om kveld,

stjernene visste ikkje enno

kvar dei laut stå i himmelen,

månen visste ikkje enno

kor mykje kraft han hadde.

Sjølv om sola og månen har blitt skapt, er ikkje naturlovane laga ennå. Alle mekanismane er på plass: Månen og sola og korleis dei skal flyttast med himmelske hestar. Men sola og månen skin saman på same tid. Dette gjer at månen ikkje får vist seg fram, og den veit ikkje kor mykje kraft den har sidan sola skin så mykje. Stjernene visste heller ikkje kor dei skulle vera på himmelen.

6. Då gjekk alle gudane

til tronene sine,

dei heilage gudane,

og dei avgjorde dette:

dei gav namna til

natta og timane,

morgonen,

middagen,

ettermiddagen og kvelden,

så at dei kunne vita tida.

Her lagar gudane tida. Dei vedtek, altså avgjer, at det skal vera natt, morgon, middag, ettermiddag og kveld. Slik skulle dei vita tida. Det er altså her at gudane byrjar å laga naturlovane og tida.

7. Gudane møttest

på Idavollen.

Der laga dei

tempel og høge heilagdomar.

Dei laga smider,

dei laga edelsteinar,

dei laga tenger,

og andre verkty.

Gudane byrjar også å laga kultur. Dei lagar tempel, smier for å laga verktøy og dei lagar edelsteinar.

Vers åtte og ni:

8. Dei leika i graset,

dei var glade;

mellom dei var det ingen

mangel på gull.

Men tre

jotnekvinner kom,

vonde jotnekvinner

frå Jotunheim.

Dette er gullalderen. Gudane har skapt verda og no er dei glade. Dei leikar i graset og har mykje gull og velstand. Dette endar ved at tre vonde jotnekvinner kjem. Jotunheimen er der jotnane held til, altså bur. Det er i Utgard.

9. Då gjekk alle gudane

til tronene sine,

dei heilage gudene,

og dei avgjorde dette:

dei skulle laga

kongen over dvergane

frå blod hans Yme

og hans ròtne lemer.

Gudane bestemmer seg for å laga dvergane då dei møter desse jotnekvinnene. Dei lagar den første dvergen av blodet til Yme og dei rotne kroppsdelane hans.

Dei neste versa, vers 10 til 16 skildrar slektene til dvergane. Det er mange namn og kanskje ikkje så interessant. Likevel er det litt interessant å sjå på namna ettersom Tolkien fans nok vil kjenna nokre av dei. Tolkien var inspirert av norrøn mytologi då han skreiv Ringdrotten, eller Ringenes Herre som det heitar på bokmål, og også dei andre bøkene hans som Hobbiten. I slekta til dvergane finn me namn som File, Kile, Biver, Bover, Bomber, Gandalv, Tror og Eikenskjold. Mange av desse er veldig like eller dei same namna som dvergane i Hobbiten. Gandalv reknar eg med at dei fleste av dykk kjenner igjen. Det er nesten det same namnet som trollmannen i Ringdrotten, Gandalf.

Vers 17. og 18.

17. Men tre kom,

sterke, hugrame;

dei forlét Åsgard

for Midgard;

dei fann der Ask og Embla,

svake,

utan lagnad,

på landet.

Desse tre som kom er tre gudar som gjekk frå Åsgard til Midgard. Dei tre gudane er Odin, Høner og Lod. Dei kjem til Midgard sterke og hugrame. Hugram tyder ivrig. Når dei kjem til Midgard, finn dei to tre, Ask og Embla. Ask og Embla er svake og utan lagnad. Lagnad kan kanskje omsetjast til mål eller skjebne.

18. Dei hadde ikkje pust,

inga sjel, ikkje noko hår,

inga røyst,

dei såg umenneskelege ut.

Odin gav dei pust,

Høner gav dei sjeler,

Lod gav dei hår

og menneskelege andlet.

Ask og Embla hadde ikkje pust, dei var ikkje levande. Inga sjel hadde dei og ikkje noko hår eller røyst. Røyst tyder stemme, så dei kunne ikkje snakka. Det var Odin, Høner og Lod som gav dei liv slik at Ask og Embla blei til dei to første menneskja.

Vers 21 til 24:

21. Eg hugsar det fyrste mordet

på jorda,

då Gullveig

stakkst på spjot

og brann

i Odin si hall.

Tre gonger vart ho brent,

tre gonger atter fødd,

ofte drepen;

ho levde enno.

Her blir me fortalt om Gullveig og korleis ho blei drepen. Ho blei stukken med spyd og brent tre gonger. Ho vart gjenfødd tre gonger og levde framleis. Som de ser er det eein veldig brå introduksjon til denne mystiske Gullveig.

22. Dei kalla henne Heid

då ho kom til dei,

ei trollkvinne som føresåg glede.

Ho kunne magi,

ho kunne heksekunst,

ho dreiv med heksekunst.

Ho var den verste

i ei vond ætt.

Kven er Gullveig? Det kan sjå ut som ho er ei vond heks, og det var nok derfor ho blei drepen av Odin og dei andre æsene. Men var ho vond eller vart ho oppfatta som vond sidan ho kunne magi? Det er vanskeleg å veta og Gullveig er ein mystisk figur i norrøn mytologi.

23. Då gjekk alle gudane

til tronene sine,

dei heilage gudane,

og dei avgjorde dette:

om dei skulle tola

Gullveigs skadar,

eller om dei skulle

søkja skadebot.

24. Odin kasta eit spjot,

han skaut det inn i kampen;

det var den fyrste krigen

i verda.

Ytterveggen

til Åsgard var broten,

Vanene kunne stridmagi,

dei trakka på dalane.

Slik byrjar den første krigen mellom æsene og vanene. Vanene prøvar å bestemma seg om dei skal gå til krig mot æsene for det æsene gjorde mot Gullveig. Det er likevel æsen Odin som byrjar krigen. Odin kastar eit spyd inn mot vanene, og slik byrjar krigen mellom dei to gudeslektene.

Avslutning: Voluspå handlar om meir enn berre skapinga og krigen mellom vanene og æsene. For eksempel går den heilt til Ragnarok og den nye tidsalderen etterpå. Det er ganske interessant å lesa og omsetjinga til moderne nynorsk av Crawford ligg gratis ute på internett. På den nettstaden, Heimskringla.no, finn de også fleire norrøne tekstar som er omsette til bokmål, nynorsk og andre skandinaviske språk. Det er ikkje dei lettaste tekstane å lesa, men om de er motiverte, er eg sikker på at de kan få det til.

Elles må de berre senda meg ein epost om de har nokre tilbakemeldingar, spørsmål eller noko anna. Ha det bra!

Learn languages from TV shows, movies, news, articles and more! Try LingQ for FREE

54 – Norrøn mytologi: Skapinga 54 – Nordische Mythologie: Die Schöpfung 54 – Norse mythology: The creation 54 – Mitología nórdica: La creación 54 – Mythologie nordique : La création 54 – Noorse mythologie: de schepping 54 – Mitologia nordycka: Stworzenie 54 – Mitologia nórdica: A criação 54 – Скандинавская мифология: Создание 54 – Скандинавська міфологія: Створення

Hei! Hi! I denne episoden skal me sjå på skapinga av verda. In this episode we will look at the creation of the world. Før me byrjar vil eg berre igjen takka Dianne for at ho har sendt meg lister med ord for episode 7, 8, 9, 10, 11, 14, 15, 16, 17 og 18. |||||||thank||||||||||||| Before I start, I just want to thank Dianne again for sending me lists of words for episodes 7, 8, 9, 10, 11, 14, 15, 16, 17 and 18. Eg legg alle desse ordlistene ut på nettsida i episodetranskripsjonane. ||||the word lists||||| I post all these glossaries on the website in the episode transcripts. Elles vil eg berre seie at eg sett veldig pris på alle som har støtta meg på Patreon. Otherwise, I just want to say that I really appreciated everyone who has supported me on Patreon. Patreon er ein plattform som gjer det mogleg å støtta prosjektet ved å donera litt kvar månad. |||||||||||||donate||| Patreon is a platform that makes it possible to support the project by donating a little every month. Eg sett veldig pris på de som allereie har valt å gjere det. I really appreciate those who have already chosen to do so. No, til episoden! Well, for the episode!

I følgje norrøn mytologi var det berre eit stort gap i byrjinga. According to Norse mythology, there was only one big gap in the beginning. Dette gapet var ei djup kløft, altså ein stad der det går nedover. ||||deep|gorge||||||| This gap was a deep gorge, ie a city where it goes down. Gapet heiter Ginnungagap. Gapet heiter Ginnungagap. Det var fullt av kraft som var viktig for skapinga. It was full of power that was important to creation. Skapinga av verda skjedde ved at varm og kald luft møtte kvarandre i Ginnungagap. The creation of the world took place by hot and cold air meeting quadrants in Ginnungagap. Når den kalde og den varme lufta møtte kvarandre, blei det første vesenet skapt. When the cold and the warm air met quadrants, the first being was created. Eit vesen er ein levande skaping. |||||being A being is a living creature. Den første skapinga i verda var urjotunen Yme. ||||||the primordial giant| The first creature in the world was the Urjotun Yme. Jotnane er motsettinga til gudane i norrøn mytologi; dei er på ein måte fiendane til gudane. the giants||opposition||||||||||||| Jotnane is the opposite of the gods in Norse mythology; they are in a way the enemies of the gods. Likevel ser vi her at jotnane vart skapt før gudane. Yet we see here that the Jotnas were created before the gods.

Yme, den første jotunen, er tvikjønna. |||||two-gendered Yme, the first jotunen, is bisexual. Tvikjønna tyder at hen er båe dame og mann på same tid. Tvikjønna indicates that he is both a woman and a man at the same time. Yme var dermed båe forfaren og formora til alle jotnane. Yme was thus both the ancestor and forefather of all the Jotnans. «Hen» er eit nytt pronomen på norsk som ein kan bruka når det refererer til båe menn og kvinner. Hen (pronoun)|||||||||||||||||| "Hen" is a new pronoun in Norwegian that one can use when referring to both men and women.

Det var ikkje berre jotunen Yme som oppstod i Ginnungagap då varm og kald luft møtte kvarandre. It was not only the jotun Yme that arose in Ginnungagap when hot and cold air met quadrants. Då den varme og kalde lufta trefte kvarandre i Ginnungagap, blei kua Audhumbla skapt. When the hot and cold air hit each other in Ginnungagap, the cow Audhumbla was created. Kua Audhumbla gjer mjølk til Yme, den første jotunen, slik at hen får nok næring. The cow Audhumbla makes milk for Yme, the first jotun, so that he gets enough nourishment. Ei slik ur-ku, eller skaparku, finn ein også i babylonsk og indiske mytologiar. |||||creator cow|||||Babylonian||Indian|mythologies Such a primordial cow, or creature cow, is also found in Babylonian and Indian mythologies. Audhumbla er viktig ettersom ho sleikar på ein salt stein. |||||licks|||| Audhumbla is important as she licks on a salty rock. Frå denne steinen oppstår Bure. |||arises from|Bure From this stone arises Bure. Bure er den første guden i norrøn mytologi. Bure is the first god in Norse mythology. Bure fekk sonen Bore. Bure got his son Bore. Bore fekk tre søner med jotunkvinna Bestla. Bore had three sons with the Jotun woman Bestla. Sønene heiter Odin, Vilje og Ve. The sons' names are Odin, Vilje and Ve. Dei første æsene var altså ei blanding av ein jotun og ein gud. The first aes were thus a mixture of a jotun and a god. Slik oppstod æsene. This is how the Aces arose.

Odin, Vilje og Ve, dei første æsene, gjekk saman om å drepa Yme, den første jotunen. Odin, Vilje and Ve, the first Æsir, joined forces to kill Yme, the first Jotun. Dei bar Yme sin kropp til Ginnungagap, gapet som førte til dei første skapingane i verda. |||||||the gap|||||||| They carried Yme's body to the Ginnungagap, the gap that led to the first creatures in the world. Odin, Vilje og Ve brukte den døde kroppen til Yme, i Ginnungagap, til å laga jorda. Odin, Vilje and Ve used the dead body of Yme, in Ginnungagap, to prepare the soil. Jorda blei laga av kjøtet til Yme. The earth was made from the flesh of Yme. Frå knoklane til Yme, det er det same som beina, vart fjella laga. |the knuckles||||||||||the mountains| From the bones of Yme, that is the same as the bones, the mountain was made. Blodet til Yme blei til hava. Yme's blood ran to the sea. Hovudet blei til himmelen, medan hjernen blei til skyene. The head became the sky, while the brain became the clouds.

Verda vart laga ved eit drap. The world was created by a murder. Jotnane tilgav aldri æsene, Odin, Vilje og Ve og deira etterkommarar, dette drapet. |forgave (past tense)||||||||||| The Jotnan never forgave the Æsirs, Odin, Vilje and Ve and their descendants, this murder. Æsene drap den første jotunen for å skapa verda, men dermed blei dei også fiendar. The Æsir killed the first Jotun to create the world, but in doing so they also became enemies. Det er kanskje ikkje så rart at jotnane kjempa mot æsene. It is perhaps not so strange that the jotnans fight against the aes.

Det var ikkje alle områder på den nye jorda ein kunne leva på. Not all areas of the new earth could be lived on. I norrøn mytologi er det berre delen på midten at menneskje kan leva på. In Norse mythology, it is only the part in the middle that people can live on. Heilt i nord og heilt i sør kan ikkje menneskje leva. Humans cannot live all the way to the north and all the way to the south. I desse utkantane fantes det farlege kaoskrefter. ||the outskirts|||| In these outskirts there were dangerous forces of chaos. Skapinga av verda førte også til at tida byrja. The creation of the world also led to the beginning of time. Før skapinga av jorda fantes det ikkje tid. Before the creation of the earth there was no time. No byrja også tida. Now the time also began.

Etter skapinga av verda byrja gudane å skapa orden i den nye verda. After the creation of the world, the gods began to create order in the new world. Sola og månen blei sett i faste banar, lovar blei laga og gudane laga Åsgard, som var der dei no skulle bu. |||||||orbits|the laws||||||||||||| The sun and moon were seen in fixed orbits, laws were made and the gods made Åsgard, which was where they would now live. Denne første tida var ein gullalder for gudane. |||||golden age|| This first time was a golden age for the gods. Dei hadde det bra i den nye verda; dei leika med kvarandre, det var gull overalt og dei var glade. Denne gullalderen braut saman då tre jotunkvinner kom til dei. This golden age broke when three Jotun women came to them. Gudane var forferda over å sjå desse jotunkvinnene. ||terrified||||| The gods were horrified to see these Jotun women. Forferda tyder sjokkert. Terrified means shocked. Gudane samla seg saman og laga dvergane som eit svar på dette. the gods||||||the dwarves||||| The gods got together and created the dwarves as an answer to this. Likevel var dette slutten på gullalderen. |||||the golden age Nevertheless, this was the end of the golden age.

Ask og Embla var dei to første menneskjene. Ash and Embla were the first two humans. Dei blir skapt av Odin, Høner og Lod, tre æser. They are created by Odin, Høner and Lod, three aesirs. Æsene skapar menneskje ved at dei gjer liv til to tre. The Æsir create humans by giving life to two trees. Odin gjer trea pust, Høner gjer dei sjel og Lod gjer dei hår og menneskjeandlet. ||the trees|||||||||||| Odin makes the wood breath, Høner makes the soul and Lod makes the hair and the human skull. Dermed var dei to første menneskjene skapte, ein mann og ei dame. Thus the first two human beings were created, a man and a woman. Det som er interessant i norrøn mytologi er at mannen og kvinna blir skapt på same tid på akkurat same måte. What is interesting in Norse mythology is that man and woman are created at the same time in exactly the same way. I bibelen blir mannen skapt før kvinna, og kvinna blir skapt av eit ribbein av mannen. I norrøn mytologi blir dama og mannen skapt på same tid. In Norse mythology, the lady and the man are created at the same time. Namna til dei to menneskja, Ask og Embla, kjem frå namna på tre. The names of the two people, Ask and Embla, come from the name of three.

Det første mordet i verda blei gjort av æsene. The first murder in the world was done by the Æsir. Dette var det første drapet etter skapinga. This was the first murder after the creation. Yme, den første jotunen, blei drepen for å skapa verda. |||||killed|||| Yme, the first Jotun, was killed to create the world. Men det første drapet på jorda vart også gjort av æsene, altså gudane. But the first murder on earth was also done by the Æsir, i.e. the gods. Æsene drap Gullveig, ei mystisk kvinne i norrøn mytologi. |killed|||mysterious|||| The Æsene killed Gullveig, a mysterious woman in Norse mythology. Ho blei drepen tre gonger ved å bli stukken med syd og brent i Odins hall. |||||by|||stabbed||sword||burned||| She was killed three times by being stabbed and burned in Odin's hall. Alle tre gongene blir ho gjenfødd. ||the three gongs|||reborn All three times he is reborn. Men kven er Gullveig? But who is Gullveig? Kvifor blir ho drepen? Why is he killed? Det er vanskeleg å vita, men ho blir skildra som ei vond volve, altså ei vond spåkvinne. It is difficult to know, but she is portrayed as an evil volve, i.e. an evil fortune teller. Dette drapet førar til ein krig mellom æsene og vanane, to ulike gudeslekter. This murder leads to a war between the Æsir and the Vana, two different families of gods. Krigen endar med at vanene og æsene blir foreinte til ei samla gudeslekt. The war ends with the Vans and Aces being united into a single family of gods.

Skapinga i norrøn mytologi er litt merkeleg og rar, men også interessant. Творение мира||||||||||| The creature in Norse mythology is a bit strange and strange, but also interesting. Dei første vesena blir til av at varm og kald luft treff kvarandre. The first beings are created by hot and cold air hitting each other. Frå dette blir jotnane og gudane til. From this the jotnans and the gods are created. Det er æsene som lagar verda ved å drepa Yme, den første jotunen. It is the Æsir who make the world by killing Yme, the first Jotun. Menneska blir også laga av tre æser. Humans are also made from three aces. Noko som er spesielt for norrøn mytologi er at alle skaparane er menn. Something special about Norse mythology is that all the creators are men. Det var Odin og brørne hans som skapa verda. ||||brothers|||| Det var også Odin og to andre æser som skapte dei første menneskja. It was also Odin and two other Æsirs who created the first humans. I begge desse tilfella brukte dei mannlege gudane allereie eksisterande materiale til å lage verda og menneskja. In both of these cases, the male gods used already existing material to create the world and man. For verda brukte dei den døde kroppen til Yme. For å skapa menneskja brukte dei to tre som dei fann. ||||||||||found To create the man, the two used wood that they found. Handverkarar var viktige i norrøn kultur, og desse forteljingane er kanskje ein refleksjon av det. Craftsmen were important in Norse culture, and these stories are perhaps a reflection of that.

I norrøn mytologi er mannleg framstilling betre enn naturleg avling. ||||male representation|representation of man||||harvest In Norse mythology, male reproduction is better than natural reproduction. Altså at for eksempel handverk ved at ein lagar noko nytt av allereie eksisterande material, er betre enn at noko nytt kjem til ved ei naturleg fødsel av liv. This means that, for example, craftsmanship, where you make something new from already existing material, is better than something new coming into being through the natural birth of life. På same måte representerer æsene manndom og kultur, i denne samanhengen kan me forstå kultur som menneskeleg omforming av noko. In the same way, the aes represent manhood and culture, in this context we can understand culture as the human transformation of something. Jotnane, fiendane til æsene, representerer kvinnelegheit og natur. The Jotnan, the enemies of the Æsir, represent femininity and nature. Sjølvsagt finnes det kvinnelege æser og mannlege jotnar, men det er dette som blir forbundet med dei to. Of course there are female aesirs and male jotnars, but this is what is associated with the two. Det er tydeleg å sjå at norrøn mytologi oppstod i ein mannsdominerande kultur. |||||||||||male-dominated| It is clear to see that Norse mythology arose in a male-dominated culture.

Uansett er det interessant å sjå at menn har ein så dominerande rolle i skapinga i norrøn mytologi. Regardless||||||||||||||||| In any case, it is interesting to see that men have such a dominant role in creation in Norse mythology. I mange andre mytologiar, som også har oppstått i mannsdominerte kulturar, ser ein ofte at kvinner er viktige eller dominerande i den første skapinga. In many other mythologies, which also arose in male-dominated cultures, one often sees that women are important or dominant in the first creation.

Til slutt no tenkte eg at me kunne lesa litt frå Voluspå. Voluspå tyder volvas spådom. ||the seeress|prophecy Voluspä suggests volva's divination. Ei volve er ei slags spåkvinne som kan sjå inn i fortida, notida og framtida. |||||seer woman||||||the past|the present|| A volve is a kind of fortune teller who can see into the past, present and future. Voluspå er eit gudedikt i Den eldre Edda som blir fortalt frå volva sitt synspunkt. ||||||||||||the seeress|| Voluspå is a god poem in The Elder Edda that is told from the volva's point of view. Den eldre Edda er ei samling av munnlege forteljingar som kan ha blitt fortalt frå så tidleg som 700-talet eller før. The Elder Edda is a collection of oral stories that may have been told from as early as the seventh century or earlier. Dei blei først skrivne ned på 1200-talet. Dette er ei av dei beste kjeldene me har på norrøn mytologi, og eg tenkte no at me kunne lesa litt frå denne; me les dei delane som har med skapinga å gjere. This is one of the best sources I have on Norse mythology, and I thought I could read a bit from it; I read the parts that have to do with the creation.

Eg kjem til å bruka Jackson Crawford si omsetjing frå 2012 til moderne nynorsk. |will||||||||||| I will use Jackson Crawford's translation from 2012 into modern Nynorsk.

Voluspå Vers tre: On Volus Verse three:

3\\. Det var i byrjinga, It was in the beginning,

i tida hans Yme, in the time of his Yme,

då det var ingen sand, ingen sjø, when there was no sand, no sea,

ingen svale bylgjer, |swallow|waves no cool waves,

inga jord, no| no soil,

ingen himmel,

ikkje noko gras, no grass,

men berre Ginnungagap.

I vers tre fortel volva, altså spåkvinna, om tida før noko vart skapt. ||||||the seeress|||||| In verse three the volva, i.e. fortune teller, tells about the time before anything was created. Då var det ingenting utanom Ginnungagap, eit tomt gap, og den første jotunen Yme. Then there was nothing but Ginnungagap, an empty gap, and the first jotun Yme. Voluspå fortel ikkje om skapinga av Yme og urkua Audhumbla. ||||||||the primeval cow| Voluspå does not tell about the creation of Yme and the primal cow Audhumbla.

Vers fire: Verse four:

4\\. Men Odin og brørne hans

laga jorda,

det var dei

som laga Midgard.

Sola skein sunnan |shone|from the south The sun shone from the south

på hallene deira in their halls

og landet vart grønt

med veksande planter. with growing plants.

Her fortel volva at verda blei laga av Odin og brørne hans som heitar Vilje og Ve. Here the volva tells that the world was made by Odin and his brothers called Vilje and Ve. Dei laga Midgard og det var eit grønt og frodig land med planter. |||||||||lush||| They made Midgard and it was a green and lush land with plants.

Vers fem til sju: Verses five through seven:

5\\. Sola, ven hans månen, |friend of||moon The sun, his friend the moon,

skein sunnan, spoon sunnan,

medan dei himmelske hestane while the heavenly horses

drog henne austan. pulled her east.

Men sola visste ikkje enno But the sun didn't know yet

kvar ho kvilte om kveld, where she rested at night,

stjernene visste ikkje enno the stars didn't know yet

kvar dei laut stå i himmelen, where they were left standing in heaven,

månen visste ikkje enno the moon did not know yet

kor mykje kraft han hadde. how much power he had.

Sjølv om sola og månen har blitt skapt, er ikkje naturlovane laga ennå. Although the sun and the moon have been created, the laws of nature have not yet been created. Alle mekanismane er på plass: Månen og sola og korleis dei skal flyttast med himmelske hestar. |||||||||||||||horses All the mechanisms are in place: the moon and the sun and how they are to be moved with heavenly horses. Men sola og månen skin saman på same tid. But the sun and the moon shine together at the same time. Dette gjer at månen ikkje får vist seg fram, og den veit ikkje kor mykje kraft den har sidan sola skin så mykje. This means that the moon does not get to show itself, and it does not know how much power it has since the sun shines so much. Stjernene visste heller ikkje kor dei skulle vera på himmelen. The stars didn't know where they were supposed to be in the sky either.

6\\. Då gjekk alle gudane Then all the gods left

til tronene sine, |the thrones| to their thrones,

dei heilage gudane, the holy gods,

og dei avgjorde dette: and they decided this:

dei gav namna til they gave the name to

natta og timane,

morgonen, the morning

middagen,

ettermiddagen og kvelden,

så at dei kunne vita tida. so that they could know the time.

Her lagar gudane tida. Here the gods make time. Dei vedtek, altså avgjer, at det skal vera natt, morgon, middag, ettermiddag og kveld. |decide||decide|||||||||| They decided, i.e. decided, that there should be night, morning, noon, afternoon and evening. Slik skulle dei vita tida. This is how they should know the time. Det er altså her at gudane byrjar å laga naturlovane og tida. ||||||||создавать||| It is therefore here that the gods begin to create the laws of nature and time.

7\\. Gudane møttest |the gods met The gods met

på Idavollen. |at Idavollen on Idavollen.

Der laga dei There they cooked

tempel og høge heilagdomar. temples and high shrines.

Dei laga smider, ||the smith They made blacksmiths,

dei laga edelsteinar,

dei laga tenger, ||together they made pliers,

og andre verkty.

Gudane byrjar også å laga kultur. Dei lagar tempel, smier for å laga verktøy og dei lagar  edelsteinar. |||they forge|||||||| They make temples, forges to make tools and they make precious stones.

Vers åtte og ni: Verses eight and nine:

8\\. Dei leika i graset, They play in the grass,

dei var glade; they were happy;

mellom dei var det ingen between them there was no one

mangel på gull. shortage of gold.

Men tre

jotnekvinner kom,

vonde jotnekvinner bad jotne women

frå Jotunheim.

Dette er gullalderen. This is the golden age. Gudane har skapt verda og no er dei glade. The gods have created the world and now they are happy. Dei leikar i graset og har mykje gull og velstand. They play in the grass and have a lot of gold and wealth. Dette endar ved at tre vonde jotnekvinner kjem. This ends with three bad Jotne women coming. Jotunheimen er der jotnane held til, altså bur. Jotunheimen is where the Jotnans stay, i.e. live. Det er i Utgard. It is in Utgard.

9\\. Då gjekk alle gudane Then all the gods left

til tronene sine,

dei heilage gudene, the holy gods,

og dei avgjorde dette: and they decided this:

dei skulle laga

kongen over dvergane

frå blod hans Yme from his blood Yme

og hans ròtne lemer. ||rotten|limb and his rotten limbs.

Gudane bestemmer seg for å laga dvergane då dei møter desse jotnekvinnene. The gods decide to create the dwarves when they meet these jot women. Dei lagar den første dvergen av blodet til Yme og dei rotne kroppsdelane hans.

Dei neste versa, vers 10 til 16 skildrar slektene til dvergane. The next verses, verses 10 to 16 describe the families of the dwarfs. Det er mange namn og kanskje ikkje så interessant. Likevel er det litt interessant å sjå på namna ettersom Tolkien fans nok vil kjenna nokre av dei. Nevertheless, it is a bit interesting to look at the names as Tolkien fans will probably know some of them. Tolkien var inspirert av norrøn mytologi då han skreiv Ringdrotten, eller Ringenes Herre som det heitar på bokmål, og også dei andre bøkene hans som Hobbiten. Tolkien was inspired by Norse mythology when he wrote The Lord of the Rings, or the Lord of the Rings as it is called in Bokmål, and also his other books such as The Hobbit. I slekta til dvergane finn me namn som File, Kile, Biver, Bover, Bomber, Gandalv, Tror og Eikenskjold. In the family of the dwarves we find names such as File, Kile, Biver, Bover, Bomber, Gandalv, Tror and Eikenskjold. Mange av desse er veldig like eller dei same namna som dvergane i Hobbiten. Many of these are very similar or have the same name as the dwarves in The Hobbit. Gandalv reknar eg med at dei fleste av dykk kjenner igjen. I reckon most of you will recognize Gandalf. Det er nesten det same namnet som trollmannen i Ringdrotten, Gandalf.

Vers 17. og 18.

17\\. Men tre kom, But three came,

sterke, hugrame; |hugging strength strong, strong;

dei forlét Åsgard |they left| they left Åsgard

for Midgard;

dei fann der Ask og Embla, they found there Ash and Embla,

svake,

utan lagnad, |without fate without lag,

på landet.

Desse tre som kom er tre gudar som gjekk frå Åsgard til Midgard. These three who came are three gods who went from Åsgard to Midgard. Dei tre gudane er Odin, Høner og Lod. The three gods are Odin, Høner and Lod. Dei kjem til Midgard sterke og hugrame. They come to Midgard strong and brave. Hugram tyder ivrig. Hugram (1)||eagerly Hugram suggests eagerly. Når dei kjem til Midgard, finn dei to tre, Ask og Embla. When they get to Midgard, they find two trees, Ash and Embla. Ask og Embla er svake og utan lagnad. Ash and Embla are weak and without strength. Lagnad kan kanskje omsetjast til mål eller skjebne. |||be translated||goal||destiny Lagnad can perhaps be translated into goal or destiny.

18\\. Dei hadde ikkje pust, |||breath

inga sjel, ikkje noko hår, |soul||any|hair no soul, no hair,

inga røyst, |voice no voice,

dei såg umenneskelege ut. they looked inhuman.

Odin gav dei pust, Odin gave them breath,

Høner gav dei sjeler, |||souls

Lod gav dei hår Lod gave them hair

og menneskelege andlet. ||human face and human rights.

Ask og Embla hadde ikkje pust, dei var ikkje levande. Ash and Embla were not breathing, they were not alive. Inga sjel hadde dei og ikkje noko hår eller røyst. They had no soul and no hair or voice. Røyst tyder stemme, så dei kunne ikkje snakka. Loud means voice, so they couldn't talk. Det var Odin, Høner og Lod som gav dei liv slik at Ask og Embla blei til dei to første menneskja. It was Odin, Høner and Lod who gave them life so that Ash and Embla became the first two humans.

Vers 21 til 24:

21\\. Eg hugsar det fyrste mordet I remember the first murder

på jorda,

då Gullveig

stakkst på spjot stuck|| stuck on a spear

og brann and fire

i Odin si hall. in Odin's hall.

Tre gonger vart ho brent, Three times she was burned,

tre gonger atter fødd, three times reborn,

ofte drepen; often killed;

ho levde enno. she still lived.

Her blir me fortalt om Gullveig og korleis ho blei drepen. Ho blei stukken med spyd og brent tre gonger. Ho vart gjenfødd tre gonger og levde framleis. Som de ser er det eein veldig brå introduksjon til denne mystiske Gullveig. As you can see, it is a very abrupt introduction to this mysterious Gullveig.

22\\. Dei kalla henne Heid They called her Heid

då ho kom til dei, when she came to them,

ei trollkvinne som føresåg glede. a sorceress who predicted joy.

Ho kunne magi, She knew magic,

ho kunne heksekunst,

ho dreiv med heksekunst. she dabbled in witchcraft.

Ho var den verste She was the worst

i ei vond ætt. in a bad family.

Kven er Gullveig? Who is Gullveig? Det kan sjå ut som ho er ei vond heks, og det var nok derfor ho blei drepen av Odin og dei andre æsene. It may look like she is an evil witch, and that was probably why she was killed by Odin and the other Æsirs. Men var ho vond eller vart ho oppfatta som vond sidan ho kunne magi? |||||||perceived|||||| But was she evil or was she perceived as evil since she knew magic? Det er vanskeleg å veta og Gullveig er ein mystisk figur i norrøn mytologi.

23\\. Då gjekk alle gudane Then all the gods left

til tronene sine,

dei heilage gudane,

og dei avgjorde dette:

om dei skulle tola |||tolerate it if they should tolerate

Gullveigs skadar, |the harm

eller om dei skulle or if they should

søkja skadebot. seek compensation|damage compensation seek damages.

24\\. Odin kasta eit spjot, Odin throws a spear,

han skaut det inn i kampen; he shot it into the fray;

det var den fyrste krigen

i verda.

Ytterveggen The outer wall

til Åsgard var broten, to Åsgard was broken,

Vanene kunne stridmagi, ||combat magic The habits could battle magic,

dei trakka på dalane. |walked||the valleys they pulled on the valleys.

Slik byrjar den første krigen mellom æsene og vanene. Thus begins the first war between the aces and the vanes. Vanene prøvar å bestemma seg om dei skal gå til krig mot æsene for det æsene gjorde mot Gullveig. The vanes are trying to decide whether they should go to war against the Æsir for what the Æsir did to Gullveig. Det er likevel æsen Odin som byrjar krigen. It is nevertheless Odin, the ace, who starts the war. Odin kastar eit spyd inn mot vanene, og slik byrjar krigen mellom dei to gudeslektene. |throws||||||||||||| Odin throws a spear into the vans, and so begins the war between the two god families.

Avslutning: Voluspå handlar om meir enn berre skapinga og krigen mellom vanene og æsene. Conclusion: Voluspå is about more than just creation and the war between the habits and the aces. For eksempel går den heilt til Ragnarok og den nye tidsalderen etterpå. ||||||||||age| For example, it goes all the way to Ragnarok and the new age afterwards. Det er ganske interessant å lesa og omsetjinga til moderne nynorsk av Crawford ligg gratis ute på internett. |||||||the translation|||||||||| It is quite interesting to read and the translation into modern Nynorsk by Crawford is available for free on the internet. På den nettstaden, Heimskringla.no, finn de også fleire norrøne tekstar som er omsette til bokmål, nynorsk og andre skandinaviske språk. On that website, Heimskringla.no, they also find several Norse texts that have been translated into Bokmål, Nynorsk and other Scandinavian languages. Det er ikkje dei lettaste tekstane å lesa, men om de er motiverte, er eg sikker på at de kan få det til. They are not the easiest texts to read, but if they are motivated, I am sure they can make it happen.

Elles må de berre senda meg ein epost om de har nokre tilbakemeldingar, spørsmål eller noko anna. Otherwise, they just have to send me an email if they have any feedback, questions or anything else. Ha det bra!