×

Utilizziamo i cookies per contribuire a migliorare LingQ. Visitando il sito, acconsenti alla nostra politica dei cookie.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 73 – Ivar Aasen

73 – Ivar Aasen

Ivar Aasen er tidenes legende. Før me snakkar om han så vil eg berre kjapt nemna Patreon. Der kan de støtta podkasten.1. Det sett eg veldig pris på. Teksten til episoden finn de på nettstaden. De kan kontakta meg via epost. All informasjon finn de i deskripsjonen. No, lat oss byrja!

Ivar Aasen er nok den mest kjende norske språkforskaren i Noreg. Han levde frå 1813 til 1896 og kom frå Ørsta som ligg i fylket Møre og Romsdal, nord på Vestlandet. Han er kjend for å ha laga fundamentet for det som skulle bli nynorsk. Han reiste rundt i Noreg, samla inn trekk frå ulike dialekter og laga eit nytt norsk skriftspråk ut av det, nynorsk. I denne episoden skal me sjå litt meir på Ivar Aasen og det arbeidet han gjorde, men først må me veta litt meir om konteksten bak. Me må veta korleis språksituasjonen i Noreg var på 1800-talet.

Det skjedde mykje i Noreg på 1800-talet. I 1814 fekk Noreg sitt sjølvstende frå Danmark etter ein 400år lang union. Noreg hadde vert i union med Danmark i 400år før dei fekk sitt sjølvstende i 1814. Sjølvstende tyder at eit land kan bestemma over seg sjølv. I 1814 fekk Noreg også sin eigen grunnlov. Likevel varte ikkje sjølvstendigheita veldig lenge. I 1814, same året, blei Noreg tvungen inn i ein union med Sverige. Men nordmenn blei likevel mykje meir medvitne på at dei var nordmenn og ikkje danskar eller svenskar. Me var eit eige land med ein eigen kultur, og veldig sentralt for denne episoden, vårt eige språk.

Men hadde Noreg eit eige språk i denne perioden? Vel, om me snakkar om talespråket så er det ikkje tvil; nordmenn snakka framleis sine norske dialekter. Norsk levde i talespråket. Det såg verre ut for skriftspråket. Medan Noreg var i ein union med Danmark så skreiv ein dansk i Noreg. Skriftspråket i Noreg var altså dansk i denne perioden. Norske forfattarar skreiv på dansk. Eit sjølvstendig land kunne då ikkje bruka skriftspråket til eit anna land? Nei, me snakka norsk i Noreg og no var det fleire som ønska å også skriva norsk.

Dette var ei tid for nasjonalromantikk generelt i Europa. Det var mange land i Europa som fekk ein nasjonal oppblomstring i denne perioden. Folk i Europa blei generelt meir medvitne på kor dei kom frå. Folk ønskte å trekka fram kva som gjorde deira land spesielt. Noreg var ikkje noko unntak. Norske folkeeventyr blei samla i denne perioden. Me fekk vårt eige flag. Og snart skulle me også få vårt eige skriftspråk.

Ivar Aasen vaks opp på ein gard i Ørsta som ligg i Sunnmøre. Han vaks opp på bygda på Nord-Vestlandet. Heilt frå tidleg alder var Aasen interessert i bøker og å lesa. Som yrke var Aasen lærar.

I 1830-åra var det ein stor språkpolitisk debatt i Noreg. Mange i Noreg ville ha eit eige norsk skriftspråk medan andre berre ville halda fram med dansken. Ivar Aasen var klokkeklar på at han ville ha eit eige norsk skriftspråk. I 1836 skreiv han ein artikkel med overskrifta «Om vort skriftsprog». Litt morosamt skreiv han dette på dansk ettersom det ennå ikkje fantes eit norsk skriftspråk. Uansett, her skreiv Aasen at han ønska eit eige norsk skriftspråk og kvifor dette var viktig. Eg skal lesa eit lite utdrag frå denne artikkelen:

Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke. Saalænge Norge ansaaes som en dansk Provinds, og Landets Embeder for en stor Deel besattes af Danske, ja endog alle Norske,som nød videnskabelig Opdragelse, oplærtes i Danmark og paa Dansk, og følgelig Dansk eller Kjøbenhavnsk Tale og Skrift omsider blev herskende hosos, var det naturligt, at vort Sprogs Nationalitet maatte gaae under. Hiin Umyndighedstid er svunden,og vi burde vise Verden, at vi ogsaa i denne,vistnok ikke uvigtige Sag – attraaede at være selvstændige.

Her skriv Aasen at Noreg treng eit eige nasjonalt språk for å bli skikkeleg fritt og sjølvstendig. Han skriv at det var naturleg at Noreg skreiv dansk då dei var i union med Danmark, men at no som Noreg er fritt, er det naudsynleg med eit eige skriftspråk. Det er veldig lett å sjå den nasjonalistiske retorikken i Aasen sin artikkel her. Heile artikkelen ligg gratis ute på nettet om nokon er interessert i å lese heile. Då Aasen skreiv dette var han berre 23år gammal. Dette visar at han tidleg var opptatt av språk.

Aasen var ikkje berre opptatt av norsk. Han las lærebøker og grammatikkar for tysk, fransk og engelsk. I tillegg hadde han latin då han gjekk på skulen. Han var også kjend med kva den kjende danske lingvisten Rasmus Rask hadde gjort for islandsk. Aasen lurte på kvifor det ikkje fantes nokre slike grammatikkar for norsk språk når andre språk hadde det. Dette gjorde at Aasen laga Sunnmørs-grammatikken, altså ein grammatikk for sunnmørsdialekta, den dialekta Aasen snakka sjølv. Denne grammatikken blei det første vitskaplege verket til Aasen.

Aasen lærte seg gammalnorsk, altså norsk frå byrjinga av vikingtida til 1300-talet. Han skaffa seg også solide kunnskapar i eldre norsk språkhistorie. Dette skulle han seinare bruka i arbeidet sitt med å byggja eit eige norsk skriftspråk. Han ville ha eit vitskapleg grunnlag for sitt eige norske skriftspråk: eit skriftspråk bygd på norske dialekter. Men først måtte han finna ut av kva for nokre dialekter han skulle byggja skriftspråket sitt på. På mange andre språk vel ein gjerne å byggja skriftspråket sitt på ei einskild dialekt, ofte hovudstadsdialekta. Aasen ville byggja skriftspråket sitt på fleire norske dialekter. Dette innebar at han måtte velja former og bøyingsmønster frå ei stor variasjon av dialekter.

Det var her det vitskapelege grunnlaget måtte inn. Aasen ønskte ikkje å berre velja tilfeldig kva trekk han skulle ta med frå dei ulike dialektene. Aasen valte å ta i bruk gammalnorsk som ei rettesnor for dei formene han skulle velje. Dette valet var bygd på Aasen sitt ønske om å visa at norsk hadde gamle røter frå før dansketida. Norsk og norske dialekter har røter til lenge før unionen med Danmark, og dette var viktig for Aasen å visa i sitt nye skriftspråk. Det var også ein måte å ta litt avstand frå den danske påverknaden i Noreg. Det var ein måte å visa at Noreg var sjølvstendig og no skulle me sjå tilbake til vår eiga historie for å finna vårt eige språk. Dette var ein del av den norske nasjonale ideologien i perioden. Aasen sitt arbeid var absolutt bygd på ein ideologi: At Noreg skulle vera ein eigen nasjon med eit eige språk.

Mellom 1842 og 1846 reiste Aasen rundt omkring i Noreg for å granska norske dialekter. Han skulle finna ord og bøyingar som han skulle bruka til den nye skriftspråket sitt. Han var først og fremst på stader på Vestlandet og i fjellbygdene på Austlandet. Han samla dette til to bøker som handla om ulike norske dialekter og deira grammatikkar. I 1853 prøvar han for første gong å laga eit eige norsk skriftspråk. Har prøvde han å skriva på ulike norske dialekter frå rundt omkring i landet. Han skreiv fleire småtekster på eit standardskriftspråk bygd på desse dialektene.

Sjølv om Aasen brukte ein vitskapleg metode for å laga skriftspråket sitt, så var ikkje dette eit nøytralt arbeid. Aasen hadde ikkje noko imot å bruka skildringar som «dei beste dialektene» og «fullkomne former». I tillegg styrte han bort frå bydialektene ettersom han meinte dei hadde for stor dansk påverknad. Det kan også sjå ut som om han ofte føretrakk dei vestnorske dialektene, kanskje fordi han kom frå Vestlandet sjølv. Det skriftspråket Aasen laga var difor først og fremst bygd på vestnorske dialekter og midlandsmål.

Aasen kalla det nye skriftspråket sitt for «landsmål». Namnet «landsmål» blei brukt sidan Aasen ønskte at skriftspråket skulle brukast i heile Noreg, altså vera eit skriftspråk for heile landet. Men kva synes nordmenn om det nye skriftspråket? Det var det stor usemje om. Folk var ueinige med kvarandre om «landsmål». Nokon meinte at det var for konservativt og for likt norrønt. Andre meinte at det ikkje var konservativt nok; dei ønskte eit norsk skriftspråk som var endå nærmare norrønt. I eit moderne perspektiv så er Aasen sitt originale skriftspråk veldig konservativt. Ettersom Aasen som regel brukte dei dialektsformene som var nærmast gammalnorsk, så vart språket nærmare norrønt. Seinare blei Aasen sitt «landsmål» modernisert og forma grunnlaget for det som er nynorsk i dag.

Aasen er derimot ikkje berre kjend for sitt arbeid med å laga landsmål. Han er også kjend for bruken sin av det nye skriftspråket. Ein av grunnane til at landsmålet til Aasen blei så stort som det blei var at Aasen var veldig flink til å ta i bruk det nye skriftspråket. Han viste korleis ein kunne bruka det nye språket til å skriva litteratur. Aasen er framfor alt kjend for sin lyrikk. Det mest kjende verket hans er nok truleg «Nordmannen» frå 1863. Dette er eit svært kjent dikt i Noreg i dag som også har blitt ein song. Dei aller fleste i Noreg kan den første strofa:

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Nordmannen fenget sin Heim,

der han sjølv heve Tufterna gravet

og sett sjølv sin Hus uppaa deim.

Aasen sine dikt er inspirert av folkediktinga. Det vil seie at han ofte bruker folkelege talemåtar. Han uttrykker seg på ein knapp og klar måte i dikta sine. I «Nordmannen» feirar Aasen det norske og Noreg, men på ein ganske dempa måte. Diktet får fram det røffe og tøffe med å bu i Noreg. Det er ikkje alltid like lett å bu i Noreg, men nordmannen fant sin heim der. Det er eit land med bakkar og berg. I seinare strofer får ein også eit innblikk i kor vêrhardt Noreg kan vera. Noreg kan vera eit land med mykje forskjellig vêr. Vêr og vind. Men nordmannen er framleis glad i dette landet.

I eit internasjonalt perspektiv var Aasen sitt arbeid ganske eksepsjonelt. Det var nok derimot ikkje tilfeldig at Aasen gjorde dette arbeidet i akkurat denne perioden. Det var ein internasjonal trend på midten av 1800-talet at fleire land systematiserte språka sine og laga skriftspråk for dei dersom det ikkje fantes frå før. For eksempel skjedde dette med færøysk og kroatisk. Dette var ein del av trenden om at språkforskarar støtta nasjonsbygginga i ulike nasjonar rundt omkring i Europa.

Det som var spesielt med Aasen sitt landsmål var at det ikkje var bydt på talemålet til ein sosial og økonomisk elite som i mange andre land. Landsmålet var bygd på talemålet til heilt vanlege folk rundt omkring i Noreg. Dette var ikkje baronar, keisarar eller kongar. Nei, det var norske bønder og arbeidsfolk. Aasen gjorde mesteparten av arbeidet sitt på den norske landsbygda. Det er ganske unikt i eit internasjonalt perspektiv.

Likevel skal me ikkje overdriva kor unik Aasen var. Han har mykje til felles med andre personar som gjorde liknande reiser som han i andre land. Samstundes som landsmålet blei nedskriven og forma var det fleire enkeltpersonar som vitskapleg reiste rundt og studerte sine nasjonale språk i Tsjekkia, Slovakia, Slovenia og Ukraina, til dømes.

I Noreg er Ivar Aasen i dag båe ein helt og ein bitter fiende, alt etter kven eit spør. Nokon elskar han, andre hatar han, alt etter kva ein synes om nynorsk. Landsmålet til Aasen blei til nynorsken i dag, eit av dei to skriftspråka i Noreg. Hans arbeid la grunnlaget for vårt eige norske skriftspråk, men det gjorde også at me i Noreg i dag har to skriftspråk for same språk, noko som er ganske unikt. Landsmålet til Aasen har nok også vert med å påverka utviklinga til det som skulle bli riksmål og seinare bokmål, det største skriftspråket i Noreg i dag. Uansett kva ein synes om nynorsk, så er det utan tvil veldig imponerande det arbeidet Aasen gjorde då han reiste rundt for å samla dialekter og seinare bygde sitt norske skriftspråk på desse.

Det var alt for denne episoden. Om de har nokre tilbakemeldingar eller spørsmål kan de senda dei til meg via epost. Epostadressa finn de i deskripsjonen. Elles håpar eg å sjå dykk i neste episode. Ha det bra!

73 – Ivar Aasen 73 – Ivar Aasen 73 – Ivar Aasen 73 – Ivar Aasen 73 – Ivar Aasen 73 – Ivar Aasen 73 – Ивар Аасен 73 – Івар Аасен

Ivar Aasen er tidenes legende. Ivar Aasen is the legend of the times. Før me snakkar om han så vil eg berre kjapt nemna Patreon. Before I talk about him, I just want to quickly mention Patreon. Der kan de støtta podkasten.1. Det sett eg veldig pris på. Teksten til episoden finn de på nettstaden. De kan kontakta meg via epost. They can contact me via email. All informasjon finn de i deskripsjonen. No, lat oss byrja!

Ivar Aasen er nok den mest kjende norske språkforskaren i Noreg. Han levde frå 1813 til 1896 og kom frå Ørsta som ligg i fylket Møre og Romsdal, nord på Vestlandet. He lived from 1813 to 1896 and came from Ørsta, which is in the county of Møre og Romsdal, in the north of Western Norway. Han er kjend for å ha laga fundamentet for det som skulle bli nynorsk. He is known for having laid the foundation for what would become Nynorsk. Han reiste rundt i Noreg, samla inn trekk frå ulike dialekter og laga eit nytt norsk skriftspråk ut av det, nynorsk. He traveled around Norway, collected features from various dialects and created a new Norwegian written language from it, Nynorsk. I denne episoden skal me sjå litt meir på Ivar Aasen og det arbeidet han gjorde, men først må me veta litt meir om konteksten bak. In this episode we will look a little more at Ivar Aasen and the work he did, but first we need to know a little more about the context behind it. Me må veta korleis språksituasjonen i Noreg var på 1800-talet.

Det skjedde mykje i Noreg på 1800-talet. A lot happened in Norway in the 19th century. I 1814 fekk Noreg sitt sjølvstende frå Danmark etter ein 400år lang union. Noreg hadde vert i union med Danmark i 400år før dei fekk sitt sjølvstende i 1814. Norway had been in union with Denmark for 400 years before they gained independence in 1814. Sjølvstende tyder at eit land kan bestemma over seg sjølv. I 1814 fekk Noreg også sin eigen grunnlov. In 1814, Norway also got its own constitution. Likevel varte ikkje sjølvstendigheita veldig lenge. Nevertheless, independence did not last very long. I 1814, same året, blei Noreg tvungen inn i ein union med Sverige. In 1814, the same year, Norway was forced into a union with Sweden. Men nordmenn blei likevel mykje meir medvitne på at dei var nordmenn og ikkje danskar eller svenskar. Me var eit eige land med ein eigen kultur, og veldig sentralt for denne episoden, vårt eige språk.

Men hadde Noreg eit eige språk i denne perioden? But did Norway have its own language in this period? Vel, om me snakkar om talespråket så er det ikkje tvil; nordmenn snakka framleis sine norske dialekter. Well, if we are talking about the spoken language, there is no doubt; Norwegians still spoke their Norwegian dialects. Norsk levde i talespråket. Norwegian lived in the spoken language. Det såg verre ut for skriftspråket. It looked worse for the written language. Medan Noreg var i ein union med Danmark så skreiv ein dansk i Noreg. While Norway was in a union with Denmark, a Dane wrote in Norway. Skriftspråket i Noreg var altså dansk i denne perioden. The written language in Norway was therefore Danish in this period. Norske forfattarar skreiv på dansk. Norwegian authors wrote in Danish. Eit sjølvstendig land kunne då ikkje bruka skriftspråket til eit anna land? An independent country could not then use the written language of another country? Nei, me snakka norsk i Noreg og no var det fleire som ønska å også skriva norsk. No, I spoke Norwegian in Norway and now there were more people who also wanted to write Norwegian.

Dette var ei tid for nasjonalromantikk generelt i Europa. This was a time for national romanticism in general in Europe. Det var mange land i Europa som fekk ein nasjonal oppblomstring i denne perioden. There were many countries in Europe that had a national flourishing in this period. Folk i Europa blei generelt meir medvitne på kor dei kom frå. People in Europe generally became more aware of where they came from. Folk ønskte å trekka fram kva som gjorde deira land spesielt. People wanted to highlight what made their country special. Noreg var ikkje noko unntak. Norway was no exception. Norske folkeeventyr blei samla i denne perioden. Norwegian folktales were collected in this period. Me fekk vårt eige flag. We got our own flag. Og snart skulle me også få vårt eige skriftspråk. And soon we would also have our own written language.

Ivar Aasen vaks opp på ein gard  i Ørsta som ligg i Sunnmøre. Ivar Aasen grew up on a farm in Ørsta, which is located in Sunnmøre. Han vaks opp på bygda på Nord-Vestlandet. He grew up in the village in North-West Norway. Heilt frå tidleg alder var Aasen interessert i bøker og å lesa. From an early age, Aasen was interested in books and reading. Som yrke var Aasen lærar. As a profession, Aasen was a teacher.

I 1830-åra var det ein stor språkpolitisk debatt i Noreg. In the 1830s, there was a major language policy debate in Norway. Mange i Noreg ville ha eit eige norsk skriftspråk medan andre berre ville halda fram med dansken. Ivar Aasen var klokkeklar på at han ville ha eit eige norsk skriftspråk. Ivar Aasen was clear that he wanted his own Norwegian written language. I 1836 skreiv han ein artikkel med overskrifta «Om vort skriftsprog». In 1836 he wrote an article with the title "On our written language". Litt morosamt skreiv han dette på dansk ettersom det ennå ikkje fantes eit norsk skriftspråk. Somewhat amusingly, he wrote this in Danish, as there was not yet a written Norwegian language. Uansett, her skreiv Aasen at han ønska eit eige norsk skriftspråk og kvifor dette var viktig. Anyway, here Aasen wrote that he wanted his own Norwegian written language and why this was important. Eg skal lesa eit lite utdrag frå denne artikkelen: I will read a small extract from this article:

Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke. After our Fatherland has again become what it once was, namely free and independent, it must be up to us to use an independent and national language, since this is a nation's most distinguished trademark. Saalænge Norge ansaaes som en dansk Provinds, og Landets Embeder for en stor Deel besattes af Danske, ja endog alle Norske,som nød videnskabelig Opdragelse, oplærtes i Danmark og paa Dansk, og følgelig Dansk eller Kjøbenhavnsk Tale og Skrift omsider blev herskende hosos, var det naturligt, at vort Sprogs Nationalitet maatte gaae under. As long as Norway was considered a Danish province, and the country's offices were largely held by Danes, even all Norwegians who needed a scientific education were educated in Denmark and in Danish, and consequently Danish or Copenhagen speech and writing eventually became dominant among them, it is natural that the Nationality of our language had to perish. Hiin Umyndighedstid er svunden,og vi burde vise Verden, at vi ogsaa i denne,vistnok ikke uvigtige Sag – attraaede at være selvstændige. This age of disempowerment has passed, and we should show the world that we also in this, probably not unimportant matter - aspired to be independent.

Her skriv Aasen at Noreg treng eit eige nasjonalt språk for å bli skikkeleg fritt og sjølvstendig. Here Aasen writes that Norway needs its own national language to become truly free and independent. Han skriv at det var naturleg at Noreg skreiv dansk då dei var i union med Danmark, men at no som Noreg er fritt, er det naudsynleg med eit eige skriftspråk. Det er veldig lett å sjå den nasjonalistiske retorikken i Aasen sin artikkel her. Heile artikkelen ligg gratis ute på nettet om nokon er interessert i å lese heile. The entire article is available online for free if anyone is interested in reading it in its entirety. Då Aasen skreiv dette var han berre 23år gammal. Dette visar at han tidleg var opptatt av språk. This shows that he was early on interested in language.

Aasen var ikkje berre opptatt av norsk. Aasen was not only interested in Norwegian. Han las lærebøker og grammatikkar for tysk, fransk og engelsk. He read textbooks and grammars for German, French and English. I tillegg hadde han latin då han gjekk på skulen. In addition, he had Latin when he went to school. Han var også kjend med kva den kjende danske lingvisten Rasmus Rask hadde gjort for islandsk. He was also familiar with what the well-known Danish linguist Rasmus Rask had done for Icelandic. Aasen lurte på kvifor det ikkje fantes nokre slike grammatikkar for norsk språk når andre språk hadde det. Aasen wondered why there were no such grammars for the Norwegian language when other languages did. Dette gjorde at Aasen laga Sunnmørs-grammatikken, altså ein grammatikk for sunnmørsdialekta, den dialekta Aasen snakka sjølv. This led Aasen to create the Sunnmørs grammar, i.e. a grammar for the Sunnmørs dialect, the dialect Aasen himself spoke. Denne grammatikken blei det første vitskaplege verket til Aasen.

Aasen lærte seg gammalnorsk, altså norsk frå byrjinga av vikingtida til 1300-talet. Aasen learned Old Norwegian, i.e. Norwegian from the beginning of the Viking Age to the 14th century. Han skaffa seg også solide kunnskapar i eldre norsk språkhistorie. He also acquired solid knowledge of older Norwegian language history. Dette skulle han seinare bruka i arbeidet sitt med å byggja eit eige norsk skriftspråk. He would later use this in his work to build his own Norwegian written language. Han ville ha eit vitskapleg grunnlag for sitt eige norske skriftspråk: eit skriftspråk bygd på norske dialekter. He wanted a scientific basis for his own Norwegian written language: a written language built on Norwegian dialects. Men først måtte han finna ut av kva for nokre dialekter han skulle byggja skriftspråket sitt på. But first he had to find out what dialects he was going to base his written language on. På mange andre språk vel ein gjerne å byggja skriftspråket sitt på ei einskild dialekt, ofte hovudstadsdialekta. In many other languages, one likes to base their written language on a single dialect, often the dialect of the capital. Aasen ville byggja skriftspråket sitt på fleire norske dialekter. Aasen wanted to base his written language on several Norwegian dialects. Dette innebar at han måtte velja former og bøyingsmønster frå ei stor variasjon av dialekter. This meant that he had to choose forms and inflectional patterns from a large variety of dialects.

Det var her det vitskapelege grunnlaget måtte inn. This is where the scientific basis had to come in. Aasen ønskte ikkje å berre velja tilfeldig kva trekk han skulle ta med frå dei ulike dialektene. Aasen did not want to just randomly choose which features he should include from the various dialects. Aasen valte å ta i bruk gammalnorsk som ei rettesnor for dei formene han skulle velje. Aasen chose to use Old Norse as a guideline for the forms he was to choose. Dette valet var bygd på Aasen sitt ønske om å visa at norsk hadde gamle røter frå før dansketida. This election was based on Aasen's desire to show that Norwegian had old roots from before the Danish era. Norsk og norske dialekter har røter til lenge før unionen med Danmark, og dette var viktig for Aasen å visa i sitt nye skriftspråk. Norwegian and Norwegian dialects have roots long before the union with Denmark, and this was important for Aasen to show in his new written language. Det var også ein måte å ta litt avstand frå den danske påverknaden i Noreg. It was also a way to take some distance from the Danish influence in Norway. Det var ein måte å visa at Noreg var sjølvstendig og no skulle me sjå tilbake til vår eiga historie for å finna vårt eige språk. Dette var ein del av den norske nasjonale ideologien i perioden. Aasen sitt arbeid var absolutt bygd på ein ideologi: At Noreg skulle vera ein eigen nasjon med eit eige språk.

Mellom 1842 og 1846 reiste Aasen rundt omkring i Noreg for å granska norske dialekter. Between 1842 and 1846, Aasen traveled around Norway to study Norwegian dialects. Han skulle finna ord og bøyingar som han skulle bruka til den nye skriftspråket sitt. He had to find words and inflections that he had to use for his new written language. Han var først og fremst på stader på Vestlandet og i fjellbygdene på Austlandet. He was primarily in places in Western Norway and in the mountain villages in Eastern Norway. Han samla dette til to bøker som handla om ulike norske dialekter og deira grammatikkar. He compiled this into two books dealing with different Norwegian dialects and their grammars. I 1853 prøvar han for første gong å laga eit eige norsk skriftspråk. In 1853 he tries for the first time to create his own Norwegian written language. Har prøvde han å skriva på ulike norske dialekter frå rundt omkring i landet. He has tried to write in various Norwegian dialects from around the country. Han skreiv fleire småtekster på eit standardskriftspråk bygd på desse dialektene. He wrote several small texts in a standard written language based on these dialects.

Sjølv om Aasen brukte ein vitskapleg metode for å laga skriftspråket sitt, så var ikkje dette eit nøytralt arbeid. Although Aasen used a scientific method to prepare his written language, this was not a neutral work. Aasen hadde ikkje noko imot å bruka skildringar som «dei beste dialektene» og «fullkomne former». Aasen did not mind using descriptions such as "the best dialects" and "perfect forms". I tillegg styrte han bort frå bydialektene ettersom han meinte dei hadde for stor dansk påverknad. In addition, he steered away from the urban dialects as he thought they had too much Danish influence. Det kan også sjå ut som om han ofte føretrakk dei vestnorske dialektene, kanskje fordi han kom frå Vestlandet sjølv. It may also appear that he often preferred the West Norwegian dialects, perhaps because he came from West Norway himself. Det skriftspråket Aasen laga var difor først og fremst bygd på vestnorske dialekter og midlandsmål. The written language Aasen created was therefore primarily based on West Norwegian dialects and Midland languages.

Aasen kalla det nye skriftspråket sitt for «landsmål». Aasen called his new written language "national language". Namnet «landsmål» blei brukt sidan Aasen ønskte at skriftspråket skulle brukast i heile Noreg, altså vera eit skriftspråk for heile landet. The name "landsmål" was used since Aasen wanted the written language to be used throughout Norway, i.e. to be a written language for the whole country. Men kva synes nordmenn om det nye skriftspråket? But what do Norwegians think of the new written language? Det var det stor usemje om. There was great disagreement about that. Folk var ueinige med kvarandre om «landsmål». People disagreed with each other about "national goals". Nokon meinte at det var for konservativt og for likt norrønt. Some thought it was too conservative and too similar to Norse. Andre meinte at det ikkje var konservativt nok; dei ønskte eit norsk skriftspråk som var endå nærmare norrønt. Others thought it was not conservative enough; they wanted a Norwegian written language that was even closer to Norse. I eit moderne perspektiv så er Aasen sitt originale skriftspråk veldig konservativt. From a modern perspective, Aasen's original written language is very conservative. Ettersom Aasen som regel brukte dei dialektsformene som var nærmast gammalnorsk, så vart språket nærmare norrønt. As Aasen usually used the dialect forms that were closest to Old Norse, the language became closer to Norse. Seinare blei Aasen sitt «landsmål» modernisert og forma grunnlaget for det som er nynorsk i dag. Later, Aasen's "national language" was modernized and formed the basis of what is Nynorsk today.

Aasen er derimot ikkje berre kjend for sitt arbeid med å laga landsmål. Aasen, on the other hand, is not only known for his work in creating national goals. Han er også kjend for bruken sin av det nye skriftspråket. He is also known for his use of the new written language. Ein av grunnane til at landsmålet til Aasen blei så stort som det blei var at Aasen var veldig flink til å ta i bruk det nye skriftspråket. One of the reasons why Aasen's national language became as large as it was was that Aasen was very good at using the new written language. Han viste korleis ein kunne bruka det nye språket til å skriva litteratur. He showed how one could use the new language to write literature. Aasen er framfor alt kjend for sin lyrikk. Aasen is above all known for his poetry. Det mest kjende verket hans er nok truleg «Nordmannen» frå 1863. His best-known work is probably "Nordmannen" from 1863. Dette er eit svært kjent dikt i Noreg i dag som også har blitt ein song. This is a very well-known poem in Norway today, which has also become a song. Dei aller fleste i Noreg kan den første strofa: Most people in Norway know the first stanza:

Millom Bakkar og Berg ut med Havet Between Bakkar and Berg out with the sea

heve Nordmannen fenget sin Heim, raise the Norseman caught his Heim,

der han sjølv heve Tufterna gravet where he himself raised Tufterna dug

og sett sjølv sin Hus uppaa deim. and set his own House on top of them.

Aasen sine dikt er inspirert av folkediktinga. Aasen's poems are inspired by folk poetry. Det vil seie at han ofte bruker folkelege talemåtar. This means that he often uses colloquial expressions. Han uttrykker seg på ein knapp og klar måte i dikta sine. He expresses himself in a concise and clear way in his poems. I «Nordmannen» feirar Aasen det norske og Noreg, men på ein ganske dempa måte. In "Nordmannen", Aasen celebrates the Norwegian and Norway, but in a rather muted way. Diktet får fram det røffe og tøffe med å bu i Noreg. The poem brings out the rough and tough of living in Norway. Det er ikkje alltid like lett å bu i Noreg, men nordmannen fant sin heim der. Det er eit land med bakkar og berg. It is a country with hills and mountains. I seinare strofer får ein også eit innblikk i kor vêrhardt Noreg kan vera. Noreg kan vera eit land med mykje forskjellig vêr. Norway can be a country with a lot of different weather. Vêr og vind. Men nordmannen er framleis glad i dette landet.

I eit internasjonalt perspektiv var Aasen sitt arbeid ganske eksepsjonelt. From an international perspective, Aasen's work was quite exceptional. Det var nok derimot ikkje tilfeldig at Aasen gjorde dette arbeidet i akkurat denne perioden. However, it was probably no coincidence that Aasen did this work in this particular period. Det var ein internasjonal trend på midten av 1800-talet at fleire land systematiserte språka sine og laga skriftspråk for dei dersom det ikkje fantes frå før. It was an international trend in the middle of the 19th century that several countries systematized their languages and created written languages for them if none existed before. For eksempel skjedde dette med færøysk og kroatisk. Dette var ein del av trenden om at språkforskarar støtta nasjonsbygginga i ulike nasjonar rundt omkring i Europa. This was part of the trend for linguists to support nation-building in various nations around Europe.

Det som var spesielt med Aasen sitt landsmål var at det ikkje var bydt på talemålet til ein sosial og økonomisk elite som i mange andre land. What was special about Aasen's national language was that it was not offered the language of a social and economic elite as in many other countries. Landsmålet var bygd på talemålet til heilt vanlege folk rundt omkring i Noreg. The national language was based on the speech of ordinary people around Norway. Dette var ikkje baronar, keisarar eller kongar. Nei, det var norske bønder og arbeidsfolk. Aasen gjorde mesteparten av arbeidet sitt på den norske landsbygda. Aasen did most of his work in the Norwegian countryside. Det er ganske unikt i eit internasjonalt perspektiv.

Likevel skal me ikkje overdriva kor unik Aasen var. Nevertheless, I should not exaggerate how unique Aasen was. Han har mykje til felles med andre personar som gjorde liknande reiser som han i andre land. He has a lot in common with other people who made similar journeys to him in other countries. Samstundes som landsmålet blei nedskriven og forma var det fleire enkeltpersonar som vitskapleg reiste rundt og studerte sine nasjonale språk i Tsjekkia, Slovakia, Slovenia og Ukraina, til dømes. At the same time as the national language was written down and shaped, there were several individuals who scientifically traveled around and studied their national languages in the Czech Republic, Slovakia, Slovenia and Ukraine, for example.

I Noreg er Ivar Aasen i dag båe ein helt og ein bitter fiende, alt etter kven eit spør. In Norway today, Ivar Aasen is both a hero and a bitter enemy, depending on who you ask. Nokon elskar han, andre hatar han, alt etter kva ein synes om nynorsk. Some he loves, others he hates, depending on what one thinks of Nynorsk. Landsmålet til Aasen blei til nynorsken i dag, eit av dei to skriftspråka i Noreg. The national language of Aasen became Nynorsk today, one of the two written languages in Norway. Hans arbeid la grunnlaget for vårt eige norske skriftspråk, men det gjorde også at me i Noreg i dag har to skriftspråk for same språk, noko som er ganske unikt. Landsmålet til Aasen har nok også vert med å påverka utviklinga til det som skulle bli riksmål og seinare bokmål, det største skriftspråket i Noreg i dag. The national language of Aasen probably also played a part in influencing the development of what was to become Riksmål and later Bokmål, the largest written language in Norway today. Uansett kva ein synes om nynorsk, så er det utan tvil veldig imponerande det arbeidet Aasen gjorde då han reiste rundt for å samla dialekter og seinare bygde sitt norske skriftspråk på desse. Regardless of what one thinks of Nynorsk, the work Aasen did when he traveled around to collect dialects and later built his Norwegian written language on these is undoubtedly very impressive.

Det var alt for denne episoden. That's it for this episode. Om de har nokre tilbakemeldingar eller spørsmål kan de senda dei til meg via epost. If they have any feedback or questions, they can send them to me via e-mail. Epostadressa finn de i deskripsjonen. You can find the email address in the description. Elles håpar eg å sjå dykk i neste episode. Ha det bra!