×

우리는 LingQ를 개선하기 위해서 쿠키를 사용합니다. 사이트를 방문함으로써 당신은 동의합니다 쿠키 정책.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 81 – Skulesystemet i Noreg

81 – Skulesystemet i Noreg

Heihei! I dag skal me snakka om skulesystemet i Noreg. Ofte så er skulesystema bygd opp litt annleis i ulike land, så det kan vera greitt å få ei lita innføring i det norske utdanningssystemet. Før me byrjar: De kan støtta podkasten på Patreon.1. De finn teksten til episoden på nettstaden til podkasten. All informasjon finn de i deskripsjonen. La oss byrja!

Det norske skulesystemet er bygd opp i to hovuddelar: Grunnskulen og vidaregåandeskule. Grunnskulen går frå 1. til 10. klasse og er obligatorisk for born mellom 6 og 16år. Grunnskulen er altså ikkje berre ein rett, men det er ei plikt. Alle born i Norge må gjennom minst desse 10 åra med skulegang.

Grunnskulen kan vidare delast inn i to delar: barneskulen og ungdomsskulen. Desse to pleier som regel å vera skilte i to ulike skular. I bygda eg kjem frå så var det to barneskular og to ungdomsskular. Alle desse hadde ulike bygg. Barneskulen går frå 1. til 7. klasse. 1. til 4. klasse blir kalla for småskuletrinnet. 5. til 7. klasse er mellomtrinnet. På barneskulen er det ikkje veldig store faglege krav. For eksempel er det ikkje karakter på barneskulen. Ein får ikkje ein karakter på barneskulen på prøvar og liknande. Likevel så har ein nasjonale prøvar. I Noreg har me nasjonale prøvar i matte, engelsk og lesing og skriving i 5. klasse, 9. klasse og 1. vidaregåande. Dette er prøvar som alle skuleelevar i Noreg må ha, slik at ein kan samanlikna resultata.

Barneskulen er altså frå 1. til 7. klasse. Etter barneskulen så går ein over på ungdomsskulen. Ungdomsskulen går frå 8. klasse til 10. klasse. På ungdomsskulen blir dei faglege krava større. Det er då ein byrjar å setta karakter på elevane. I Noreg har ein eit karaktersystem som går frå 1 til 6. 1 er den dårlegaste karakteren; det er stryk, eller akkurat som ein F i A-F systemet. 6 er den beste karakteren. Det er som ein A i A-F. I tillegg er det vanleg for lærarar å setja mellomkarakterar. Altså, dei kan setta på plussar eller minusar på karakteren. Til dømes 5+ (ein god femmar) eller 4- (ein dårleg firar). Nokre lærarar sett også ein karakter mellom to karakterar som 4/5 eller 3/2. På vitnemålet skal det derimot berre stå reine karakterar.

Ungdomsskuleelevane brukar desse karakterane til å søka seg inn på vidaregåande skular i Noreg. For å koma inn på dei beste skulane så må ein ha gode nok karakterar. Likevel har alle i Noreg rett til å koma inn på ein vidaregåande skule, men om dei ikkje har gode nok karakterar, er det ikkje sikkert at dei får velja sjølv.

På vidaregåande skule så byrjar ein å retta seg meir mot ein retning. Då må ein tenkja litt på kva ein vil gjera etterpå. I hovudsak kan ein velja enten studiespesialiserande retning eller fagbrevretning. Studiespesialiserande er for dei som ynskjer å studera på ein høgskule eller eit universitet etter vidaregåande skule.

Studiespesialiserande er tre år, altså 11. til 13. klasse. På desse tre åra har ein nokre fellesfag som alle på studiespesialiserande må ha (som for eksempel naturfag, engelsk, matte, norsk, historie, geografi), også er det mogleg å velja nokre fag sjølv. Valfaga kan delast mellom realfag og samfunnsfaga. Realfaga er for eksempel fysikk, kjemi, høgare mattefag og biologi. I Noreg får ein bonuspoeng på vitnemålet om ein tek realfag. Det kan altså lønna seg å ta realfag om ein vil ha eit høgt karaktersnitt. Det er også mogleg å velja meir samfunnsfaglege fag som rettsvitskap, psykologi og språkfag.

Studiespesialiserande kan derimot også delast inn i nokre hovudretningar. Vanleg studiespesialiserande har mest fokus på slike teoretiske fag. Det er også mogleg å velja retningar som gjer at ein får studiespesialiserande, men at ein også kan halda på med noko anna. For eksempel har ein idrettsfag; kunst, design og arkitektur; media og kommunikasjon; og musikk, dans og drama. Dersom ein vel ein av desse retningane har ein mange valfag som er knytt til desse retningane, for eksempel musikk eller idrett. Eg gjekk sjølv på ei idrettslinje på vidaregåande. Då hadde eg ekstrafag i idrett og fotball.

Det er ikkje alle som går vidare for å studera; då kan ein ta fagbrev. Fagbreva er i hovudsak bygd opp på fira år: to år med teori på skulen og to år uti lære der ein jobbar og for opplæring på ein arbeidsplass. Det finnes mange fagbrevsretningar, men nokre av dei største er: Bygg- og anleggsteknikk; elektro og datateknologi; og helse- og oppvekstfag. Det er langt fleire gutar enn jenter på bygg- og elektrofaga, medan helse- og oppvekstfaga og dei estetiske faga er dominert av jenter.

For desse yrkesfaglege utdanningane er læretida i bedriftene noko av det mest lærerike. Då får dei praktisk erfaring i det dei kjem til å jobba med seinare. I læretida får dei lønn medan dei jobbar, med denne lønna er ofte ganske låg i byrjinga. Etter kvart som læretida går, så får dei betre lønn. Dei får derimot ikkje vanleg lønn før dei tek fagbrevet. Ein kan ta fagbrevet etter to år i lære. Dette er eit såkalla sveinebrev. Lærling, svein og meistar er alle ord som er henta frå det gamle laugsystemet i Noreg der ein hadde eigne laug for produksjon av ulike varar.

For å få eit fagbrev må ein ta ein fagprøve. Denne fagprøven er ofte direkte knytt til det ein skal jobba med og inneber båe ein praktisk og ein teoretisk prøve. For dei som skal ta bygg og anlegg vil det ofte seie å setta opp eit byggverk som dei må planleggja og byggja sjølv. Ein må få denne prøven godkjent for å få fagbrevet. Etter det er ein i utgangspunktet ferdig med utdanninga og kan gå ut i vanleg jobb.

Det er derimot mogleg å få studiekompetanse også for dei som har tatt fagbrev. Då må dei ta eit påbyggsår med dei teoretiske faga dei manglar. Det er mogleg å ta eit påbyggsår etter fagbrevet eller, eventuelt, så kan ein droppa å ta fagbrev og ta påbyggsåret etter to år på eit yrkesfag. Ein må ha studiekompetanse frå vidaregåande skule for å kunna studera på høgskular og universitet i Noreg.

I Noreg søkar ein på desse skulane med dei karakterane ein har. Dei som har høgast karaktersnitt kjem inn på dei retningane og universiteta som har høgast snitt for å koma inn. Medisinstudia i Noreg har til dømes veldig høge snitt. Då er det dei med høgast karaktersnitt som kjem inn. Karaktersnitt er basert på eksamensresultata (eigne karakterar) og karakteren ein fekk i faget det siste semesteret ein hadde faget. For eksempel kan ein få ein karakter i matte basert på matteprøvane ein har hatt gjennom heile semesteret. Dette blir satt av faglæraren ein har hatt. I tillegg skal ein koma opp i eksamen i fleire fag. Desse eksamenskarakterane blir satt av ein ekstern sensor som ikkje kjenner eleven. Dette er også heilt anonymt slik at sensor ikkje veit kven han eller ho sett karakter på. Det er desse to, eksamenskarakterane og standpunktkarakterane, som til saman utgjer vitnemålet som ein søkar seg inn på universitet og høgskular med.

Hugsar de at eg snakka om realfagspoeng? Det er ekstra karakterpoeng ein kan få på vitnemålet om ein tek realfag som kjemi eller fysikk. Nokre språkfag kan også gje ekstrapoeng som til dømes Spansk 3 eller tysk 3. Ein kan til saman få 4 slike ekstrapoeng, det vil seie 0,4 poeng på vitnemålet sitt. Om ein då har for eksempel 5 i snitt, så vil ein med desse ekstrapoenga få 5,4 i karaktersnitt. Det kan altså ha ganske mykje å seie når ein søkar seg inn på universitetet.

Dersom ein tek realfag så får ein det som heitar spesiell studiekompetanse. Til skilnad frå spesiell studiekompetanse har ein generell studiekompetanse. Dei aller fleste studieretningane krev berre generell studiekompetanse som juss, psykologi og sjukepleiar. Nokre studieretningar krev at ein har tatt nokre spesielle fag, som regel realfag. For eksempel må ein ha R1 og R2 matte (dei to vanskelegaste mattefaga på vidaregåande) og fysikk 1 for å søka på ingeniørretningar. For medisin er desse krava matte R1, fysikk 1 og kjemi 1 og kjemi 2. Nokre studieretningar har også karakterkrav på enkelte fag for å koma inn.

I andre land, slik eg har forstått det, er det mogleg at dei enkelte universiteta har eigne opptakskrav for å koma inn. For eksempel kan det vera at ein må skriva eit motivasjonsbrev som blir tatt i betraktning når ein vurderer dei som søkar. I Noreg har ein altså ikkje slike motivasjonsbrev. Alt blir basert på karakterane ein har frå vidaregåande, og desse blir rekna saman til eit karaktergjennomsnitt som ein deretter søkar med. Dersom ein har eit lågare tal enn andre, så kjem ein altså ikkje inn. Det er dei med høgast gjennomsnitt som kjem inn på dei studia med høgast karaktergjennomsnitt.

Då håpar eg at de har fått eit lite inntrykk av korleis utdanningssystemet fungerer i Noreg. La meg ta ein kjapp oppsummering. Grunnskulen i Noreg er bygd opp av barneskulen som er 1. til 7. klasse. Deretter går ein over til ungdomsskulen som går frå 8. til 10. klasse. Etter ungdomsskulen søkar ein seg inn på vidaregåande. Der kan ein gå på ein studieretning eller yrkesfagleg retning. Studiespesialiserande går frå 11. til 13. klasse, og då kan ein studera på ein høgskule eller universitet etterpå. Yrkesfag er delt i to år med teori på vidaregåande og to år uti praksis i ein bedrift før ein kan ta fagbrevet.

Takk for denne gongen. Eg håpar at me treffest i neste episode. Ha det bra!

81 – Skulesystemet i Noreg 81 – Das Schulsystem in Norwegen 81 – The school system in Norway 81 – Le système scolaire en Norvège 81 – System szkolnictwa w Norwegii 81 – O sistema escolar na Noruega 81 – Школьная система в Норвегии 81 – Шкільна система в Норвегії

Heihei! I dag skal me snakka om skulesystemet i Noreg. Ofte så er skulesystema bygd opp litt annleis i ulike land, så det kan vera greitt å få ei lita innføring i det norske utdanningssystemet. Often, the school system is structured a little differently in different countries, so it may be good to get a little introduction to the Norwegian education system. Før me byrjar: De kan støtta podkasten på Patreon.1. De finn teksten til episoden på nettstaden til podkasten. All informasjon finn de i deskripsjonen. La oss byrja!

Det norske skulesystemet er bygd opp i to hovuddelar: Grunnskulen og vidaregåandeskule. Grunnskulen går frå 1. til 10. klasse og er obligatorisk for born mellom 6 og 16år. Primary school runs from 1st to 10th grade and is compulsory for children between the ages of 6 and 16. Grunnskulen er altså ikkje berre ein rett, men det er ei plikt. Primary school is therefore not just a right, but an obligation. Alle born i Norge må gjennom minst desse 10 åra med skulegang. All children in Norway must go through at least these 10 years of schooling.

Grunnskulen kan vidare delast inn i to delar: barneskulen og ungdomsskulen. The primary school can further be divided into two parts: the primary school and the junior school. Desse to pleier som regel å vera skilte i to ulike skular. These two are usually separated in two different schools. I bygda eg kjem frå så var det to barneskular og to ungdomsskular. In the village I come from, there were two primary schools and two secondary schools. Alle desse hadde ulike bygg. All of these had different buildings. Barneskulen går frå 1. til 7. klasse. 1\. til 4. klasse blir kalla for småskuletrinnet. 5\. til 7. klasse er mellomtrinnet. På barneskulen er det ikkje veldig store faglege krav. At the children's school, there are not very high academic requirements. For eksempel er det ikkje karakter på barneskulen. For example, there is no grade at the primary school. Ein får ikkje ein karakter på barneskulen på prøvar og liknande. You don't get a grade at primary school on tests and the like. Likevel så har ein nasjonale prøvar. Nevertheless, one has national tests. I Noreg har me nasjonale prøvar i matte, engelsk og lesing og skriving i 5. klasse, 9. klasse og 1. vidaregåande. In Norway, we have national tests in maths, English and reading and writing in 5th grade, 9th grade and 1st grade. Dette er prøvar som alle skuleelevar i Noreg må ha, slik at ein kan samanlikna resultata. These are tests that all school pupils in Norway must take, so that the results can be compared.

Barneskulen er altså frå 1. til 7. klasse. Etter barneskulen så går ein over på ungdomsskulen. After primary school, you move on to secondary school. Ungdomsskulen går frå 8. klasse til 10. klasse. På ungdomsskulen blir dei faglege krava større. At secondary school, the professional requirements become greater. Det er då ein byrjar å setta karakter på elevane. This is when you start grading the students. I Noreg har ein eit karaktersystem som går frå 1 til 6. In Norway, there is a grading system that goes from 1 to 6. 1 er den dårlegaste karakteren; det er stryk, eller akkurat som ein F i A-F systemet. 1 is the worst grade; it is fast, or just like an F in the AF system. 6 er den beste karakteren. Det er som ein A i A-F. I tillegg er det vanleg for lærarar å setja mellomkarakterar. Altså, dei kan setta på plussar eller minusar på karakteren. So, they can add pluses or minuses to the character. Til dømes 5+ (ein god femmar) eller 4- (ein dårleg firar). For example 5+ (a good five) or 4- (a bad four). Nokre lærarar sett også ein karakter mellom to karakterar som 4/5 eller 3/2. Some teachers also set a grade between two grades such as 4/5 or 3/2. På vitnemålet skal det derimot berre stå reine karakterar. On the other hand, the diploma must only show clean grades.

Ungdomsskuleelevane brukar desse karakterane til å søka seg inn på vidaregåande skular i Noreg. For å koma inn på dei beste skulane så må ein ha gode nok karakterar. Likevel har alle i Noreg rett til å koma inn på ein vidaregåande skule, men om dei ikkje har gode nok karakterar, er det ikkje sikkert at dei får velja sjølv. Nevertheless, everyone in Norway has the right to enter a secondary school, but if they do not have good enough grades, it is not certain that they will be able to choose for themselves.

På vidaregåande skule så byrjar ein å retta seg meir mot ein retning. At secondary school, you start to focus more on one direction. Då må ein tenkja litt på kva ein vil gjera etterpå. Then you have to think about what you want to do afterwards. I hovudsak kan ein velja enten studiespesialiserande retning eller fagbrevretning. In the main, one can choose either a specialization course or a diploma course. Studiespesialiserande er for dei som ynskjer å studera på ein høgskule eller eit universitet etter vidaregåande skule. Specialization courses are for those who wish to study at a college or university after secondary school.

Studiespesialiserande er tre år, altså 11. til 13. klasse. Study specialization is three years, i.e. 11th to 13th grade. På desse tre åra har ein nokre fellesfag som alle på studiespesialiserande må ha (som for eksempel naturfag, engelsk, matte, norsk, historie, geografi), også er det mogleg å velja nokre fag sjølv. In these three years, you have a number of common subjects that all students specializing in studies must have (such as science, English, maths, Norwegian, history, geography), and it is also possible to choose some subjects yourself. Valfaga kan delast mellom realfag og samfunnsfaga. Electives can be divided between science and social studies. Realfaga er for eksempel fysikk, kjemi, høgare mattefag og biologi. I Noreg får ein bonuspoeng på vitnemålet om ein tek realfag. In Norway, you get bonus points on your diploma if you take science. Det kan altså lønna seg å ta realfag om ein vil ha eit høgt karaktersnitt. It can therefore be worthwhile to take science if you want to have a high grade point average. Det er også mogleg å velja meir samfunnsfaglege fag som rettsvitskap, psykologi og språkfag. It is also possible to choose more social science subjects such as jurisprudence, psychology and linguistics.

Studiespesialiserande kan derimot også delast inn i nokre hovudretningar. On the other hand, study specializations can also be divided into some majors. Vanleg studiespesialiserande har mest fokus på slike teoretiske fag. Normal study specializations mostly focus on such theoretical subjects. Det er også mogleg å velja retningar som gjer at ein får studiespesialiserande, men at ein også kan halda på med noko anna. It is also possible to choose courses which mean that you get a study specialist, but that you can also continue with something else. For eksempel har ein idrettsfag; kunst, design og arkitektur; media og kommunikasjon; og musikk, dans og drama. For example, one has a sports subject; art, design and architecture; media and Communication; and music, dance and drama. Dersom ein vel ein av desse retningane har ein mange valfag som er knytt til desse retningane, for eksempel musikk eller idrett. If you choose one of these areas, you have many electives that are linked to these areas, for example music or sports. Eg gjekk sjølv på ei idrettslinje på vidaregåande. I myself attended a sports program at secondary school. Då hadde eg ekstrafag i idrett og fotball. Then I had extra subjects in sports and football.

Det er ikkje alle som går vidare for å studera; då kan ein ta fagbrev. Not everyone goes on to study; then you can take a diploma. Fagbreva er i hovudsak bygd opp på fira år: to år med teori på skulen og to år uti lære der ein jobbar og for opplæring på ein arbeidsplass. Diplomas are mainly made up of four years: two years of theory at school and two years of apprenticeship where you work and for training at a workplace. Det finnes mange fagbrevsretningar, men nokre av dei største er: Bygg- og anleggsteknikk; elektro og datateknologi; og helse- og oppvekstfag. There are many professional diploma courses, but some of the biggest are: Building and construction engineering; electrical and computer technology; and health and education subjects. Det er langt fleire gutar enn jenter på bygg- og elektrofaga, medan helse- og oppvekstfaga og dei estetiske faga er dominert av jenter. There are far more boys than girls in the construction and electrical subjects, while the health and upbringing subjects and the aesthetic subjects are dominated by girls.

For desse yrkesfaglege utdanningane er læretida i bedriftene noko av det mest lærerike. For these vocational educations, the apprenticeship in the companies is one of the most instructive. Då får dei praktisk erfaring i det dei kjem til å jobba med seinare. Then they get practical experience in what they will work with later. I læretida får dei lønn medan dei jobbar, med denne lønna er ofte ganske låg i byrjinga. During the apprenticeship, they receive a salary while they work, but this salary is often quite low at the start. Etter kvart som læretida går, så får dei betre lønn. As the apprenticeship goes on, they get better wages. Dei får derimot ikkje vanleg lønn før dei tek fagbrevet. On the other hand, they do not receive a regular salary until they take the vocational certificate. Ein kan ta fagbrevet etter to år i lære. You can take the vocational certificate after two years of apprenticeship. Dette er eit såkalla sveinebrev. Lærling, svein og meistar er alle ord som er henta frå det gamle laugsystemet i Noreg der ein hadde eigne laug for produksjon av ulike varar. Apprentice, journeyman and master are all words taken from the old guild system in Norway where people had their own guilds for the production of various goods.

For å få eit fagbrev må ein ta ein fagprøve. To get a vocational certificate, you have to take a vocational test. Denne fagprøven er ofte direkte knytt til det ein skal jobba med og inneber båe ein praktisk og ein teoretisk prøve. This subject test is often directly linked to what you will be working with and involves both a practical and a theoretical test. For dei som skal ta bygg og anlegg vil det ofte seie å setta opp eit byggverk som dei må planleggja og byggja sjølv. For those who are going to take building and construction, this will often mean setting up a building that they have to plan and build themselves. Ein må få denne prøven godkjent for å få fagbrevet. One must get this test approved in order to get the vocational certificate. Etter det er ein i utgangspunktet ferdig med utdanninga og kan gå ut i vanleg jobb. After that, you basically finish your education and can go into regular work.

Det er derimot mogleg å få studiekompetanse også for dei som har tatt fagbrev. On the other hand, it is also possible to obtain a study qualification for those who have taken a vocational certificate. Då må dei ta eit påbyggsår med dei teoretiske faga dei manglar. Then they have to take a supplementary year with the theoretical subjects they lack. Det er mogleg å ta eit påbyggsår etter fagbrevet eller, eventuelt, så kan ein droppa å ta fagbrev og ta påbyggsåret etter to år på eit yrkesfag. It is possible to take a supplementary year after the vocational certificate or, possibly, you can skip taking the vocational certificate and take the supplementary year after two years in a vocational subject. Ein må ha studiekompetanse frå vidaregåande skule for å kunna studera på høgskular og universitet i Noreg. You must have a study qualification from secondary school to be able to study at colleges and universities in Norway.

I Noreg søkar ein på desse skulane med dei karakterane ein har. In Norway, you apply to these schools with the grades you have. Dei som har høgast karaktersnitt kjem inn på dei retningane og universiteta som har høgast snitt for å koma inn. Those with the highest grade point average enter the courses and universities that have the highest point average for entry. Medisinstudia i Noreg har til dømes veldig høge snitt. Medical studies in Norway, for example, have very high averages. Då er det dei med høgast karaktersnitt som kjem inn. Then it is those with the highest grade point average who get in. Karaktersnitt er basert på eksamensresultata (eigne karakterar) og karakteren ein fekk i faget det siste semesteret ein hadde faget. Grade point average is based on the exam results (own grades) and the grade you got in the subject in the last semester you took the subject. For eksempel kan ein få ein karakter i matte basert på matteprøvane ein har hatt gjennom heile semesteret. For example, you can get a grade in maths based on the math tests you have had throughout the semester. Dette blir satt av faglæraren ein har hatt. This is set by the subject teacher you have had. I tillegg skal ein koma opp i eksamen i fleire fag. In addition, one must pass the exam in several subjects. Desse eksamenskarakterane blir satt av ein ekstern sensor som ikkje kjenner eleven. These exam grades are set by an external examiner who does not know the student. Dette er også heilt anonymt slik at sensor ikkje veit kven han eller ho sett karakter på. This is also completely anonymous so that the examiner does not know who he or she has graded. Det er desse to, eksamenskarakterane og standpunktkarakterane, som til saman utgjer vitnemålet som ein søkar seg inn på universitet og høgskular med. It is these two, the exam grades and the standing grades, which together make up the diploma with which you apply to university and college.

Hugsar de at eg snakka om realfagspoeng? Do they think I'm talking about science credits? Det er ekstra karakterpoeng ein kan få på vitnemålet om ein tek realfag som kjemi eller fysikk. There are extra grade points you can get on your diploma if you take a science subject such as chemistry or physics. Nokre språkfag kan også gje ekstrapoeng som til dømes Spansk 3 eller tysk 3. Some language subjects can also give extra points, for example Spanish 3 or German 3. Ein kan til saman få 4 slike ekstrapoeng, det vil seie 0,4 poeng på vitnemålet sitt. You can get a total of 4 such extra points, which means 0.4 points on your diploma. Om ein då har for eksempel 5 i snitt, så vil ein med desse ekstrapoenga få 5,4 i karaktersnitt. If you then have, for example, an average of 5, then with these extra points you will get an average of 5.4. Det kan altså ha ganske mykje å seie når ein søkar seg inn på universitetet. It can therefore have quite a lot to say when applying to university.

Dersom ein tek realfag så får ein det som heitar spesiell studiekompetanse. If you take a science subject, you get what is called special study competence. Til skilnad frå spesiell studiekompetanse har ein generell studiekompetanse. In contrast to special study competence, a general study competence has. Dei aller fleste studieretningane krev berre generell studiekompetanse som juss, psykologi og sjukepleiar. The vast majority of study programs only require general study skills such as law, psychology and nursing. Nokre studieretningar krev at ein har tatt nokre spesielle fag, som regel realfag. Some fields of study require that you have taken some special subjects, usually science. For eksempel må ein ha R1 og R2 matte (dei to vanskelegaste mattefaga på vidaregåande) og fysikk 1 for å søka på ingeniørretningar. For example, one must have R1 and R2 maths (the two most difficult maths subjects at secondary school) and physics 1 to apply for engineering courses. For medisin er desse krava matte R1, fysikk 1 og kjemi 1 og kjemi 2. For medicine, these requirements are maths R1, physics 1 and chemistry 1 and chemistry 2. Nokre studieretningar har også karakterkrav på enkelte fag for å koma inn. Some fields of study also have grade requirements for certain subjects in order to enter.

I andre land, slik eg har forstått det, er det mogleg at dei enkelte universiteta har eigne opptakskrav for å koma inn. In other countries, as I understand it, it is possible that the individual universities have their own admission requirements for entry. For eksempel kan det vera at ein må skriva eit motivasjonsbrev som blir tatt i betraktning når ein vurderer dei som søkar. For example, it may be that you have to write a letter of motivation, which is taken into account when assessing those who apply. I Noreg har ein altså ikkje slike motivasjonsbrev. In Norway, you do not have such motivation letters. Alt blir basert på karakterane ein har frå vidaregåande, og desse blir rekna saman til eit karaktergjennomsnitt som ein deretter søkar med. Everything is based on the grades you have from secondary school, and these are added up to a grade average with which you then apply. Dersom ein har eit lågare tal enn andre, så kjem ein altså ikkje inn. If you have a lower number than others, you will not get in. Det er dei med høgast gjennomsnitt som kjem inn på dei studia med høgast karaktergjennomsnitt. It is those with the highest average who enter the studies with the highest grade point average.

Då håpar eg at de har fått eit lite inntrykk av korleis utdanningssystemet fungerer i Noreg. Then I hope that they have gained a small impression of how the education system works in Norway. La meg ta ein kjapp oppsummering. Grunnskulen i Noreg er bygd opp av barneskulen som er 1. til 7. klasse. Deretter går ein over til ungdomsskulen som går frå 8. til 10. klasse. Etter ungdomsskulen søkar ein seg inn på vidaregåande. After secondary school, you apply for secondary school. Der kan ein gå på ein studieretning eller yrkesfagleg retning. There you can go on a course of study or vocational course. Studiespesialiserande går frå 11. til 13. klasse, og då kan ein studera på ein høgskule eller universitet etterpå. Specialization students go from 11th to 13th grade, and then you can study at a college or university afterwards. Yrkesfag er delt i to år med teori på vidaregåande og to år uti praksis i ein bedrift før ein kan ta fagbrevet.

Takk for denne gongen. Eg håpar at me treffest i neste episode. Ha det bra!