×

Nós usamos os cookies para ajudar a melhorar o LingQ. Ao visitar o site, você concorda com a nossa política de cookies.


image

Lær Norsk Nå Podcast, I – Reisebrev frå Chile (1)

I – Reisebrev frå Chile (1)

Heihei! Mykje av grunnen til at eg har vert så travel i det siste er at eg skal til Chile dette semesteret for eit internship. Eg skal vera i Santiago, hovudstaden i Chile, frå januar og heilt fram til slutten av juli. Her skal eg vera studentpraktikant, eit slags internship, på Noreg sin ambassade her nede i Chile. I den samanhengen kjem eg til å skriva nokre reisebrev som eg tenkte kunne vera interessante å spela inn og publisera på podkasten. Eg må beklaga om det er litt bakgrunnsstøy, men det er ganske mykje trafikk her, så det er vanskeleg å finna ein god stad å spela inn podkasten på. La oss byrja.

Flyturen

Med sommarfuglar i magen og vel lite søvn er det eg kjem inn på Gardemoen 13. januar, klar til å byrja ein over 20 timars lang reise mot Chile. Etter å ha skaffa hundrevis av dokument om at eg på ingen måte er smitta med korona; at eg er vaksinert med både ein, to og tre doser med EU-godkjende vaksiner; og at eg generelt er ein snill og grei gut med ingen hensikt om å utføra terroristiske handlingar, er eg endeleg klar til å kjempa meg forbi krava til flyselskapa og diverse byråkratiske prosessar. Dette gjer kanskje eit lite innblikk i sjarmen det er å reisa i pandemitider.

Første hinder, innsjekkinga, skapar overraskande mykje problem. Det tek kanskje femten minutt før eg får sjekka inn bagasjen som blir sendt rett til Santiago. Sjølv får eg derimot berre boardingkorta til Helsinki og Madrid; det siste må eg skaffa på flyplassen i Madrid. Heldigvis for meg var det meir spenning i møte. Flyet til Helsinki blei forsinka ettersom to passasjerar ikkje møtte opp til eit fly dei hadde sjekka inn bagasje for. Dermed måtte dei stakkars flyplassarbeidarane leita gjennom all bagasjen for å fjerna desse. Til slutt var me klar til å ta av, ein halvtime etter skjema. Vel framme i eit tåkefult Helsinki gjekk eg meir eller mindre rett inn på neste fly til Madrid.

Flyplassen i Madrid blir gjort om til ein labyrint ettersom eg ikkje har boardingkortet til Santiago og dermed ikkje kan nytta vegen rett vidare til neste fly. Eg får forklart at: «du må gå ut til innsjekkingsområdet på flyplassen som er til høgre og deretter rett fram. Så tek du første til høgre, går opp to etasjar og finn flyselskapet ditt». Eg får stotra fram eit «muchas gracias» i det eg prøver å hugsa om det var rett fram også høgre, eller høgre også rett fram. Etter å ha hatt ein ufrivillig oppdagingsferd på flyplassen i Madrid, kjem eg endeleg til rett plass. Flaks for meg fekk eg gå på endå ein oppdagingsferd i det eg prøvde å navigera meg til det rette flyselskapet (Latam), men til slutt høyrde eg den karakteristiske latinamerikanske melodien som leia meg til rett plass.

Her får eg igjen gleden av å visa fram alle dei fine dokumenta eg har tatt med meg. «Pase de movilidad», «declaración sanitaria», negativ PCR-test, visum og forsikring. Alt virka å vera på stell, men eg fekk beskjed om at det måtte stå ein spesifikk sum på forsikringa mi. Så då måtte eg leita meg gjennom for å prøva å finna eit nummer eg kunne bruka. Innbuforsikring på 500,000kr, det bør halda. Heldigvis stod alt på norsk, så det handla mest om å visa at det var eit forsikringsbevis og ein kjempestor sum med pengar. Det var nok. Eg fekk boardingkortet eg trengte.

Alle som stod i innsjekkingsområdet til Latam både såg og høyrdest veldig latinamerikanske ut, utan om ei jente. Ho hadde ein karakteristisk backpacker sekk, veldig lys hud og det same litt forvirra uttrykket som eg må ha hatt. Eg følgde magekjensla og spurde: «Norge?». Jau, ho kom frå Asker og var på veg til Peru for å besøka søstera si. Det blei også siste gong eg snakka norsk. Etterpå har det så og sei berre gått i spansk.

Sjølve flyturen til Chile gjekk veldig greitt. Dei tretten timane i flyet gjekk overraskande kjapt og kl. 8.30 lokal tid landa flyet. På flyplassen i Santiago venta ein omfattande prosess med mykje venting. I førsteomgang ein ny sjekk av dokument: Chilensk vaksinepass, helseerklæring, negativ PCR-test og helseforsikring. Etter at dette var sjekka og godkjent fekk eg eit blått kort som det var VELDIG viktig å ikkje mista (det blei nemleg sjekka seinare). Neste steg var meir kø og meir venting før eg blei sendt til ein stad eg kunne ta ein ny PCR-test som er obligatorisk for alle som kjem til Chile. Ei lang stang i begge nasebora og i halsen og eg var klar til neste post: sjekk av pass.

Sjekkinga av passet gjekk veldig greitt. Dei aller fleste på flyet var nok chilenarar som gjekk rett igjennom her, så det var berre eit par andre utlendingar der. Eg viste fram passet og visum og måtte erklære kvar eg kom til å bu dei første dagane. Dette var nok og endeleg var eg erklært trygg til å entra Chile. Likevel var ikkje flyplassreisa over heilt endå. Siste hinder var tollen. Eg fylte ut eit skjema der eg på retteleg viste innrømde at eg hadde «ein eller anna form for plante- eller kjøttbasert produkt». Lite innstilt på å byrja reisa med ei heftig bot var det eg stilte meg i køen for «noko å erklæra». Sjekken gjekk derimot kjapt og eg blei ikkje fråtatt noko som helst.

Endeleg, endeleg, endeleg var eg i Chile. Etter å ha snirkla meg gjennom to timar i køar og sjekkar på flyplassen var eg ute. Santiago, ein av Sør-Amerikas største byar, på kanten av verdas lengste fjellkjede og i full sommarblomstring, venta meg. Etter ein lang flytur var det ingenting som freista meir enn å utforska ein ny by, eit nytt land og eit nytt kontinent. Diverre for meg var det ikkje dette eg hadde i vente. Eg var i karantene fram til eg fekk svaret frå PCR-testen. Med lita aning om kor lang tid det kunne ta og litt tung til sinns var det eg gjekk inn i taxien på veg til staden eg skulle vera dei neste dagane.

Dei første dagne i Santiago (13-18 januar)

Medan eg leiter etter leilegheiter i Santiago har eg leigd eit rom i huset til ein lokal mann via Airbnb. Sparsam som eg er leita eg meg fram til den billigaste som gjekk for 99kr natta. Standaren og plasseringa var også deretter. Det var langt unna sentrum, det var enkel standard på huset og det var maur på rommet, men verst av alt: ikkje noko internett. Her skulle eg altså vera sperra inne på ubestemt tid utan høve til å forlate huset UTAN INTERNETT! Ikkje berre var dette krise med tanke på å gå glipp av alt det vidunderlege den virtuelle verda har å by på, men også med tanke på at eg var heilt avhengig av internett for å leita etter leilegheiter. Eg trengde også internett for å kunna sjekka om eg hadde fått resultatet av PCR-testen tilbake. Internett var altså ganske viktig for meg no.

Desperasjonen må ha lyst frå auga mine då verten sa at det ikkje var noko internett i huset hans. Det stod også på nettsida, men eg hadde vert for begeistra for prisen til å leggja merke til det. Heldigvis var verten min, Simón, veldig hjelpsam. Han skaffa eit chilensk SIM-kort til meg som gjorde at eg fekk 1 gigabite gratis mobildata. Eg måtte vera svært sparsam med kva eg brukte nett på og fokuserte mest på å finna leilegheiter. Etter fleire søk og mange sendte meldingar fekk eg endeleg eit svar: «Hei! Takk for interessa, men me leigar berre ut for eit heilt år.» Forståeleg men frustrerande, og det skulle koma fleire av desse. Til slutt fekk eg til å planleggja to visningar dagen etterpå, utan å veta om eg framleis kom til å vera i karantene eller ikkje.

Men så, kl. 10 på kvelden, fekk eg meldinga eg hadde venta på. PCR-testen kom tilbake negativ og eg var fri. ¡Bienvenido a Chile!

Januar er høgsommar i Chile. I Santiago tyder det passeleg varm temperatur frå 15 gradar på natta til litt over 30 midt på dagen. Det er svært tørt i denne perioden med mykje sol, sjølv om Santiago sin plassering gjer at det ofte kan vera ein del dis som avgrensar sikta. Det er svære fjell rett ved byen, El Plomo høgast på 5400 meter, men det er ikkje alltid dei er synlege. Når det lettar litt og sikta blir bra, er det spektakulært å sjå korleis dei store fjella kjem til syne som ut frå ingenting. På vinteren er toppane snøkledde, noko som er i sterk kontrast til det elles ganske brune landskapet.

Førsteinntrykket av byen er at det er ein stor og livleg by med mykje som skjer. Folk er veldig hjelpsame om ein har spørsmål, men enkelte stader er det kanskje litt mangelfull service. I butikkar ser det ofte ut som dei ansatte kjeder seg, noko dei sikkert også gjer. Det som er interessant i Chile er at ein må ta temperaturen før ein går inn i ein butikk, før ein går inn på eit kjøpesenter og til og med når eg gjekk inn i ein park. Desse temperaturmålarane ser ut som ein liten dispenser som ein tek handa si på. Ein høyrer eit lit «bip» og temperaturen kjem opp på skjermen: 36,2 grader. Ved desse er det ofte vakter som sjekkar at folk målar temperaturen og etterpå gjer deg litt handsprit.

I Santiago er det obligatorisk å alltid ha på seg munnbind på offentlege stader, også ute. Å ta på munnbindet før ein går ut har difor nesten blitt som å ta på seg skoa; det er ikkje mogleg å forlata huset utan det. Joggarar og syklistar har ofte munnbindet nede slik at det ikkje dekker munnen og nasen. Eg har også sett mosjonistar som har munnbindet på armen. Sjølv om dei ikkje naudsynleg har det på seg så er det alltid med.

Det ser altså ut som om folk i Chile generelt støtter desse tiltaka og når eg kanskje prøver å hinta at dei er «litt overdrivne» får eg til svar at «det er bra at myndigheitene endeleg gjer noko.» Kanskje er det viktigare for folk å sjå at det blir gjort tiltak enn at desse tiltaka faktisk er effektive. Eg kan ikkje sjå heilt effekten av at eg skal måtta fylla ut eit skjema dagleg til myndigheitene i ti dagar der eg skildrar min generelle helse: Nei, eg har ikkje hosta i dag. Eg har heller ikkje feber, vondt i halsen eller muskelsmerter. Og ja, det går bra med luktesansen. Dette kjem i tillegg til to negative PCR-testar, vaksinepass registrert i Chile (som er overraskande vanskeleg å få tak i) og helseerklæring.

Fredag 14. januar skulle bli den store «ordne leilegheit» dagen min. Eg tok metroen til sentrum, noko som må ha sett smått komisk ut. Ein forvirra «gringo» prøvar så godt han kan å koma seg på rett linje i rett retning. Heldigvis er chilenarar veldig hjelpsame, så det var lett å finna fram. Det kollektive systemet ser ut til å fungera bra, sjølv om det kan vera litt stappa med folk av og til. Eg kjem til endestasjonen for linja og følger slavisk Google Maps, kanskje verdas beste oppfinning, som trygt tek meg til første visning. Ok leilegheit og veldig sentralt. Her hadde me derimot konkurranse mot nokon som vurderte å leiga den for eit heilt år, så eg var ikkje akkurat optimistisk.

I det eg går frå den første visninga, ringer telefonen. Ei eldre dame snakkar kjapt på spansk om den andre visninga. Eg var midt i storbystøyen i Santiago og det var svært vanskeleg å få med seg kva ho sa. Etter kanskje den største lingvistiske utfordringa eg har blitt utsett for, så klarer eg til slutt å få med meg at visninga er kl. 3. Greitt, med to timar å drepa byrjar eg å utforska Santiago. Eg går mot ein ås i det fjerne som ser fin ut. Og det er den også. Seinare har eg jogga der og kjem nok til å ha mange fleire joggeturar der. Ein får ein god oversikt over byen ettersom ein kjem seg oppover. Det er ein veldig populær turstad og mange syklar opp dei bratte bakkane.

I – Reisebrev frå Chile (1) I – Reisebrief aus Chile (1) I – Travel letter from Chile (1) I – Lettre de voyage du Chili (1) I – List podróżniczy z Chile (1) I – Carta de viagem do Chile (1) I – Путевое письмо из Чили (1) I – Дорожній лист із Чилі (1)

Heihei! Mykje av grunnen til at eg har vert så travel i det siste er at eg skal til Chile dette semesteret for eit internship. Much of the reason why I have been so busy lately is that I am going to Chile this semester for an internship. Eg skal vera i Santiago, hovudstaden i Chile, frå januar og heilt fram til slutten av juli. I will be in Santiago, the capital of Chile, from January until the end of July. Her skal eg vera studentpraktikant, eit slags internship, på Noreg sin ambassade her nede i Chile. Here I will be a student intern, a kind of internship, at Norway's embassy down here in Chile. I den samanhengen kjem eg til å skriva nokre reisebrev som eg tenkte kunne vera interessante å spela inn og publisera på podkasten. In that context, I'm going to write some travel letters that I thought might be interesting to record and publish on the podcast. Eg må beklaga om det er litt bakgrunnsstøy, men det er ganske mykje trafikk her, så det er vanskeleg å finna ein god stad å spela inn podkasten på. I must apologize if there is a bit of background noise, but there is quite a lot of traffic here, so it is difficult to find a good place to record the podcast. La oss byrja. Let's begin.

**Flyturen** The flight

Med sommarfuglar i magen og vel lite søvn er det eg kjem inn på Gardemoen 13. januar, klar til å byrja ein over 20 timars lang reise mot Chile. With summer birds in my stomach and probably little sleep, I arrive at Gardemoen on 13 January, ready to start a more than 20-hour-long journey to Chile. Etter å ha skaffa hundrevis av dokument om at eg på ingen måte er smitta med korona; at eg er vaksinert med både ein, to og tre doser med EU-godkjende vaksiner; og at eg generelt er ein snill og grei gut med ingen hensikt om å utføra terroristiske handlingar, er eg endeleg klar til å kjempa meg forbi krava til flyselskapa og diverse byråkratiske prosessar. After obtaining hundreds of documents stating that I am in no way infected with corona; that I have been vaccinated with both one, two and three doses of EU-approved vaccines; and that I am generally a kind and decent boy with no intention of carrying out terrorist acts, I am finally ready to fight my way past the demands of the airline and various bureaucratic processes. Dette gjer kanskje eit lite innblikk i sjarmen det er å reisa i pandemitider. This perhaps gives a little insight into the charm of traveling in pandemic times.

Første hinder, innsjekkinga, skapar overraskande mykje problem. The first obstacle, check-in, creates a surprising amount of problems. Det tek kanskje femten minutt før eg får sjekka inn bagasjen som blir sendt rett til Santiago. It takes maybe fifteen minutes before I get to check in the luggage, which is sent straight to Santiago. Sjølv får eg derimot berre boardingkorta til Helsinki og Madrid; det siste må eg skaffa på flyplassen i Madrid. However, I myself only get the boarding pass for Helsinki and Madrid; the latter I have to get at the airport in Madrid. Heldigvis for meg var det meir spenning i møte. Fortunately for me, there was more excitement ahead. Flyet til Helsinki blei forsinka ettersom to passasjerar ikkje møtte opp til eit fly dei hadde sjekka inn bagasje for. The flight to Helsinki was delayed because two passengers did not show up for a flight for which they had checked in luggage. Dermed måtte dei stakkars flyplassarbeidarane leita gjennom all bagasjen for å fjerna desse. So the poor airport workers had to search through all the luggage to remove them. Til slutt var me klar til å ta av, ein halvtime etter skjema. Finally, I was ready to take off, half an hour behind schedule. Vel framme i eit tåkefult Helsinki gjekk eg meir eller mindre rett inn på neste fly til Madrid. Once I arrived in a foggy Helsinki, I boarded the next flight to Madrid more or less straight away.

Flyplassen i Madrid blir gjort om til ein labyrint ettersom eg ikkje har boardingkortet til Santiago og dermed ikkje kan nytta vegen rett vidare til neste fly. The airport in Madrid is turned into a maze because I don't have the boarding pass for Santiago and thus can't use the road straight ahead to the next flight. Eg får forklart at: «du må gå ut til innsjekkingsområdet på flyplassen som er til høgre og deretter rett fram. It is explained to me that: "You must go out to the check-in area at the airport which is on the right and then straight ahead. Så tek du første til høgre, går opp to etasjar og finn flyselskapet ditt». Then take the first right, go up two floors and find your airline". Eg får stotra fram eit «muchas gracias» i det eg prøver å hugsa om det var rett fram også høgre, eller høgre også rett fram. I have to mutter out a "muchas gracias" as I try to remember if it was straight ahead also right, or right also straight ahead. Etter å ha hatt ein ufrivillig oppdagingsferd på flyplassen i Madrid, kjem eg endeleg til rett plass. After having an involuntary journey of discovery at the airport in Madrid, I finally arrive at the right place. Flaks for meg fekk eg gå på endå ein oppdagingsferd i det eg prøvde å navigera meg til det rette flyselskapet (Latam), men til slutt høyrde eg den karakteristiske latinamerikanske melodien som leia meg til rett plass. Luckily for me, I had to go on yet another journey of discovery as I tried to navigate to the right airline (Latam), but in the end I heard the characteristic Latin American melody that led me to the right place.

Her får eg igjen gleden av å visa fram alle dei fine dokumenta eg har tatt med meg. Here I again get the pleasure of showing off all the fine documents I have brought with me. «Pase de movilidad», «declaración sanitaria», negativ PCR-test, visum og forsikring. "Pase de movilidad", "declaración sanitaria", negative PCR test, visa and insurance. Alt virka å vera på stell, men eg fekk beskjed om at det måtte stå ein spesifikk sum på forsikringa mi. Everything seemed to be in order, but I was told that there had to be a specific amount on my insurance. Så då måtte eg leita meg gjennom for å prøva å finna eit nummer eg kunne bruka. So then I had to search through to try to find a number I could use. Innbuforsikring på 500,000kr, det bør halda. Inbu insurance of NOK 500,000, that should hold. Heldigvis stod alt på norsk, så det handla mest om å visa at det var eit forsikringsbevis og ein kjempestor sum med pengar. Fortunately, everything was written in Norwegian, so it was mostly about showing that it was an insurance certificate and a huge sum of money. Det var nok. Eg fekk boardingkortet eg trengte. I got the boarding pass I needed.

Alle som stod i innsjekkingsområdet til Latam både såg og høyrdest veldig latinamerikanske ut, utan om ei jente. Everyone standing in the check-in area of Latam both looked and sounded very Hispanic, except for one girl. Ho hadde ein karakteristisk backpacker sekk, veldig lys hud og det same litt forvirra uttrykket som eg må ha hatt. She had a characteristic backpacker bag, very light skin and the same slightly confused expression that I must have had. Eg følgde magekjensla og spurde: «Norge?». I followed my gut feeling and asked: "Norway?". Jau, ho kom frå Asker og var på veg til Peru for å besøka søstera si. Yes, she came from Asker and was on her way to Peru to visit her sister. Det blei også siste gong eg snakka norsk. It was also the last time I spoke Norwegian. Etterpå har det så og sei berre gått i spansk. Afterwards, it has so to speak only been in Spanish.

Sjølve flyturen til Chile gjekk veldig greitt. The flight to Chile itself went very smoothly. Dei tretten timane i flyet gjekk overraskande kjapt og kl. The thirteen hours on the plane passed surprisingly quickly and at 8.30 lokal tid landa flyet. 8.30 local time the plane lands. På flyplassen i Santiago venta ein omfattande prosess med mykje venting. At the airport in Santiago, an extensive process awaited with a lot of waiting. I førsteomgang ein ny sjekk av dokument: Chilensk vaksinepass, helseerklæring, negativ PCR-test og helseforsikring. In the first instance, a new document check: Chilean vaccination passport, health declaration, negative PCR test and health insurance. Etter at dette var sjekka og godkjent fekk eg eit blått kort som det var VELDIG viktig å ikkje mista (det blei nemleg sjekka seinare). After this was checked and approved, I got a blue card which it was VERY important not to lose (it was checked later). Neste steg var meir kø og meir venting før eg blei sendt til ein stad eg kunne ta ein ny PCR-test som er obligatorisk for alle som kjem til Chile. The next step was more queuing and more waiting before I was sent to a place where I could take a new PCR test, which is mandatory for everyone who comes to Chile. Ei lang stang i begge nasebora og i halsen og eg var klar til neste post: sjekk av pass. A long rod in both nostrils and in the throat and I was ready for the next post: passport check.

Sjekkinga av passet gjekk veldig greitt. The passport check went very smoothly. Dei aller fleste på flyet var nok chilenarar som gjekk rett igjennom her, så det var berre eit par andre utlendingar der. Most of the people on the plane were probably Chileans who went straight through here, so there were only a couple of other foreigners there. Eg viste fram passet og visum og måtte erklære kvar eg kom til å bu dei første dagane. I showed my passport and visa and had to declare where I was going to live for the first few days. Dette var nok og endeleg var eg erklært trygg til å entra Chile. This was enough and I was finally declared safe to enter Chile. Likevel var ikkje flyplassreisa over heilt endå. Nevertheless, the journey to the airport was not quite over yet. Siste hinder var tollen. The last obstacle was customs. Eg fylte ut eit skjema der eg på retteleg viste innrømde at eg hadde «ein eller anna form for plante- eller kjøttbasert produkt». I filled in a form in which I quite rightly admitted that I had "some form of plant- or meat-based product". Lite innstilt på å byrja reisa med ei heftig bot var det eg stilte meg i køen for «noko å erklæra». Little inclined to start the journey with a hefty fine, I stood in the queue for "something to declare". Sjekken gjekk derimot kjapt og eg blei ikkje fråtatt noko som helst. However, the check went quickly and I was not deprived of anything.

Endeleg, endeleg, endeleg var eg i Chile. Finally, finally, finally I was in Chile. Etter å ha snirkla meg gjennom to timar i køar og sjekkar på flyplassen var eg ute. After winding my way through two hours in queues and checks at the airport, I was out. Santiago, ein av Sør-Amerikas største byar, på kanten av verdas lengste fjellkjede og i full sommarblomstring, venta meg. Santiago, one of South America's largest cities, on the edge of the world's longest mountain range and in full summer bloom, awaited me. Etter ein lang flytur var det ingenting som freista meir enn å utforska ein ny by, eit nytt land og eit nytt kontinent. After a long flight, there was nothing more tempting than exploring a new city, a new country and a new continent. Diverre for meg var det ikkje dette eg hadde i vente. Diverse for me, this was not what I had expected. Eg var i karantene fram til eg fekk svaret frå PCR-testen. I was in quarantine until I got the answer from the PCR test. Med lita aning om kor lang tid det kunne ta og litt tung til sinns var det eg gjekk inn i taxien på veg til staden eg skulle vera dei neste dagane. With little idea of how long it could take and a little heavy in my mind, I got into the taxi on the way to where I would be for the next few days.

**Dei første dagne i Santiago (13-18 januar)** The first days in Santiago (13-18 January)

Medan eg leiter etter leilegheiter i Santiago har eg leigd eit rom i huset til ein lokal mann via Airbnb. While I'm looking for apartments in Santiago, I've rented a room in a local man's house via Airbnb. Sparsam som eg er leita eg meg fram til den billigaste som gjekk for 99kr natta. Thrifty as I am, I looked for the cheapest one, which was NOK 99 a night. Standaren og plasseringa var også deretter. The standard and location were also accordingly. Det var langt unna sentrum, det var enkel standard på huset og det var maur på rommet, men verst av alt: ikkje noko internett. It was far from the centre, the house was of a simple standard and there were ants in the room, but worst of all: no internet. Her skulle eg altså vera sperra inne på ubestemt tid utan høve til å forlate huset UTAN INTERNETT! Here I was supposed to be locked in for an indefinite period without the opportunity to leave the house WITHOUT INTERNET! Ikkje berre var dette krise med tanke på å gå glipp av alt det vidunderlege den virtuelle verda har å by på, men også med tanke på at eg var heilt avhengig av internett for å leita etter leilegheiter. Not only was this a crisis in terms of missing out on all the wonderful things the virtual world has to offer, but also in terms of the fact that I was completely dependent on the internet to look for apartments. Eg trengde også internett for å kunna sjekka om eg hadde fått resultatet av PCR-testen tilbake. I also needed the internet to be able to check whether I had received the result of the PCR test back. Internett var altså ganske viktig for meg no. The Internet was therefore quite important to me now.

Desperasjonen må ha lyst frå auga mine då verten sa at det ikkje var noko internett i huset hans. The desperation must have shone from my eyes when the host said that there was no internet in his house. Det stod også på nettsida, men eg hadde vert for begeistra for prisen til å leggja merke til det. It was also on the website, but I had been too excited about the price to notice it. Heldigvis var verten min, Simón, veldig hjelpsam. Fortunately, my host, Simón, was very helpful. Han skaffa eit chilensk SIM-kort til meg som gjorde at eg fekk 1 gigabite gratis mobildata. He got me a Chilean SIM card which gave me 1 gigabyte of free mobile data. Eg måtte vera svært sparsam med kva eg brukte nett på og fokuserte mest på å finna leilegheiter. I had to be very frugal with what I used online and focused mostly on finding apartments. Etter fleire søk og mange sendte meldingar fekk eg endeleg eit svar: «Hei! After several searches and many sent messages, I finally got an answer: "Hello! Takk for interessa, men me leigar berre ut for eit heilt år.» Forståeleg men frustrerande, og det skulle koma fleire av desse. Thank you for your interest, but I only rent for a whole year." Understandable but frustrating, and there should be more of these. Til slutt fekk eg til å planleggja to visningar dagen etterpå, utan å veta om eg framleis kom til å vera i karantene eller ikkje. In the end, I had to plan two screenings the following day, without knowing whether I would still be in quarantine or not.

Men så, kl. But then, at 10 på kvelden, fekk eg meldinga eg hadde venta på. 10 in the evening, I got the message I had been waiting for. PCR-testen kom tilbake negativ og eg var fri. The PCR test came back negative and I was free. ¡Bienvenido a Chile! Welcome to Chile!

Januar er høgsommar i Chile. January is high summer in Chile. I Santiago tyder det passeleg varm temperatur frå 15 gradar på natta til litt over 30 midt på dagen. In Santiago, the temperature is suitably warm, from 15 degrees at night to just over 30 in the middle of the day. Det er svært tørt i denne perioden med mykje sol, sjølv om Santiago sin plassering gjer at det ofte kan vera ein del dis som avgrensar sikta. It is very dry during this period with lots of sun, although Santiago's location means that there can often be some haze that limits visibility. Det er svære fjell rett ved byen, El Plomo høgast på 5400 meter, men det er ikkje alltid dei er synlege. There are huge mountains right next to the city, El Plomo the highest at 5,400 metres, but they are not always visible. Når det lettar litt og sikta blir bra, er det spektakulært å sjå korleis dei store fjella kjem til syne som ut frå ingenting. When it eases a bit and the visibility becomes good, it is spectacular to see how the big mountains come into view as if out of nowhere. På vinteren er toppane snøkledde, noko som er i sterk kontrast til det elles ganske brune landskapet. In winter, the peaks are covered in snow, which is in stark contrast to the otherwise rather brown landscape.

Førsteinntrykket av byen er at det er ein stor og livleg by med mykje som skjer. The first impression of the city is that it is a large and lively city with a lot going on. Folk er veldig hjelpsame om ein har spørsmål, men enkelte stader er det kanskje litt mangelfull service. People are very helpful if you have questions, but in some places the service is perhaps a little lacking. I butikkar ser det ofte ut som dei ansatte kjeder seg, noko dei sikkert også gjer. In shops, it often looks like the employees are bored, which they probably are. Det som er interessant i Chile er at ein må ta temperaturen før ein går inn i ein butikk, før ein går inn på eit kjøpesenter og til og med når eg gjekk inn i ein park. What is interesting in Chile is that you have to take your temperature before entering a shop, before entering a shopping center and even when I entered a park. Desse temperaturmålarane ser ut som ein liten dispenser som ein tek handa si på. These temperature gauges look like a small dispenser that you touch. Ein høyrer eit lit «bip» og temperaturen kjem opp på skjermen: 36,2 grader. You hear a little "beep" and the temperature appears on the screen: 36.2 degrees. Ved desse er det ofte vakter som sjekkar at folk målar temperaturen og etterpå gjer deg litt handsprit. At these, there are often guards who check that people measure the temperature and afterwards give you some hand sanitizer.

I Santiago er det obligatorisk å alltid ha på seg munnbind på offentlege stader, også ute. In Santiago, it is mandatory to always wear a face mask in public places, even outdoors. Å ta på munnbindet før ein går ut har difor nesten blitt som å ta på seg skoa; det er ikkje mogleg å forlata huset utan det. Putting on the mask before going out has therefore almost become like putting on the shoes; it is not possible to leave the house without it. Joggarar og syklistar har ofte munnbindet nede slik at det ikkje dekker munnen og nasen. Joggers and cyclists often wear the mask down so that it does not cover the mouth and nose. Eg har også sett mosjonistar som har munnbindet på armen. I have also seen exercisers with a mask on their arm. Sjølv om dei ikkje naudsynleg har det på seg så er det alltid med. Even if they don't necessarily wear it, it's always there.

Det ser altså ut som om folk i Chile generelt støtter desse tiltaka og når eg kanskje prøver å hinta at dei er «litt overdrivne» får eg til svar at «det er bra at myndigheitene endeleg gjer noko.» Kanskje er det viktigare for folk å sjå at det blir gjort tiltak enn at desse tiltaka faktisk er effektive. So it looks as if people in Chile generally support these measures and when I perhaps try to hint that they are "a bit exaggerated" I get the answer that "it's good that the authorities are finally doing something." Perhaps it is more important for people to see that measures are being taken than that these measures are actually effective. Eg kan ikkje sjå heilt effekten av at eg skal måtta fylla ut eit skjema dagleg til myndigheitene i ti dagar der eg skildrar min generelle helse: Nei, eg har ikkje hosta i dag. I can't quite see the effect of having to fill in a form for the authorities every day for ten days in which I describe my general health: No, I haven't had a cough today. Eg har heller ikkje feber, vondt i halsen eller muskelsmerter. I also don't have a fever, sore throat or muscle pain. Og ja, det går bra med luktesansen. And yes, the sense of smell is fine. Dette kjem i tillegg til to negative PCR-testar, vaksinepass registrert i Chile (som er overraskande vanskeleg å få tak i) og helseerklæring. This is in addition to two negative PCR tests, a vaccination passport registered in Chile (which is surprisingly difficult to obtain) and a health certificate.

Fredag 14. januar skulle bli den store «ordne leilegheit» dagen min. Friday 14 January was going to be my big "fix the apartment" day. Eg tok metroen til sentrum, noko som må ha sett smått komisk ut. I took the metro to the city centre, which must have looked a bit comical. Ein forvirra «gringo» prøvar så godt han kan å koma seg på rett linje i rett retning. A confused "gringo" tries his best to get back on track in the right direction. Heldigvis er chilenarar veldig hjelpsame, så det var lett å finna fram. Fortunately, Chileans are very helpful, so it was easy to find. Det kollektive systemet ser ut til å fungera bra, sjølv om det kan vera litt stappa med folk av og til. The collective system seems to work well, although it can be a bit crowded with people from time to time. Eg kjem til endestasjonen for linja og følger slavisk Google Maps, kanskje verdas beste oppfinning, som trygt tek meg til første visning. I arrive at the terminus of the line and slavishly follow Google Maps, perhaps the world's best invention, which safely takes me to the first view. Ok leilegheit og veldig sentralt. Ok apartment and very central. Her hadde me derimot konkurranse mot nokon som vurderte å leiga den for eit heilt år, så eg var ikkje akkurat optimistisk. Here, however, I had competition against someone who was considering renting it for a whole year, so I wasn't exactly optimistic.

I det eg går frå den første visninga, ringer telefonen. As I leave the first screening, the phone rings. Ei eldre dame snakkar kjapt på spansk om den andre visninga. An elderly lady talks quickly in Spanish about the second screening. Eg var midt i storbystøyen i Santiago og det var svært vanskeleg å få med seg kva ho sa. I was in the middle of the city noise in Santiago and it was very difficult to catch what she was saying. Etter kanskje den største lingvistiske utfordringa eg har blitt utsett for, så klarer eg til slutt å få med meg at visninga er kl. After perhaps the biggest linguistic challenge I have been put through, I finally manage to get across that the screening is at 3. Greitt, med to timar å drepa byrjar eg å utforska Santiago. Alright, with two hours to kill I start exploring Santiago. Eg går mot ein ås i det fjerne som ser fin ut. I walk towards a hill in the distance that looks nice. Og det er den også. And it is too. Seinare har eg jogga der og kjem nok til å ha mange fleire joggeturar der. Later, I jogged there and will probably have many more jogging trips there. Ein får ein god oversikt over byen ettersom ein kjem seg oppover. You get a good overview of the city as you climb up. Det er ein veldig populær turstad og mange syklar opp dei bratte bakkane. It is a very popular tourist town and many people cycle up the steep slopes.