×

LingQ'yu daha iyi hale getirmek için çerezleri kullanıyoruz. Siteyi ziyaret ederek, bunu kabul edersiniz: çerez politikası.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 86 – Den engelske trusselen på norske universitet

86 – Den engelske trusselen på norske universitet

Eg hugsar det godt. Det var i eit historiefag om krossfararar. All pensumet var på engelsk, alle faguttrykka på engelsk. Då eksamenen kom hadde eg valet om å skriva den på norsk eller på engelsk. Alle faguttrykka var på engelsk. Det var berre lettare å gjera det på engelsk. Så i eit fag undervist av norske professorar på ein eksamen som skulle rettast av nordmenn, der skreiv eg på engelsk og ikkje på norsk. Engelsk er eit trugsmål for norsk på norske universitet. Det er eit problem at engelsk tek meir og meir over på kostnad av norsk på universiteta. Min eigen erfaring på eit norsk universitet visar også dette. Mesteparten av bøkene og artiklane eg les er på engelsk. Mykje av undervisinga skjer på engelsk. Eg har skrive mange eksamenar på engelsk. Er dette eit problem?

Engelsk blir meir og meir vanleg på norske universitet. Det er viktig å kunne engelsk for å studera i Noreg. Faktisk er det viktig å kunne engelsk sjølv om ein studerer fag som blir underviste på norsk. Mange er redde for at dette kan svekka posisjonen til norsk på lang sikt. For eksempel kan det gjera det vanskelegare å utvikla eit fagspråk på norsk om norsk ikkje blir brukt på universiteta. Universiteta har eit viktig ansvar når det kjem til å utvikla eit norsk fagspråk i ulike spesialitetar. Om me mistar det så kjem også norsk til å bli eit fattigare språk. Difor er det heilt essensielt at me tek vare på norsk som eit universitetsspråk.

Men kva er problemet då? Kvifor ikkje berre gjer det? Det er komplisert. Grunnen til det er at universiteta stadig blir meir og meir globale. Universiteta i Noreg ynskjer å tiltrekka forskarar og studentar frå heile verda. Globaliseringa av universiteta vil naturlegvis også gjera at det globale språket engelsk får ein viktigare posisjon i norske universitet. I tillegg skjer veldig mykje av forskinga på ulike fagfelt rundt omkring i verda på engelsk. Dette er ein veldig stor styrke ettersom det då blir lettare å samarbeida på tvers av landegrenser. Det blir då lettare for ein frå Noreg å samarbeida med nokon frå Argentina, sjølv om ingen snakkar den andre sitt språk. Likevel er det også eit problem at det kan svekka posisjonen til norsk i forsking og i universiteta.

Så det er to sider til denne saka som me må vera klar over. Den eine sida er at universiteta ønsker å vera globale senter for forsking. Norske forskarar ønsker å publisera artiklar i prestisjetunge engelskspråklege tidsskrift. På den andre sida veit me at universiteta har ei viktig rolle i å ta vare på norsk som fagspråk.

Språkrådet i Noreg, eit råd som jobbar for bruk av norsk, er svært kritisk til bruken av engelsk på norske universitet. For eksempel er veldig mykje av pensumet i ulike fag på engelsk. Frå historie kan eg bekrefta dette. Store delar av pensumet eg har hatt har vore på engelsk, båe bøker og artiklar. Dette gjeld også for fagfelt som psykologi, biovitskap, informatikk og geologi.

Likevel er det heldigvis ikkje slik at engelsk dominerer alle fagfelt. Norsk blir framleis brukt i stor grad i undervisinga i mange fagfelt. I pedagogikk, som eg har hatt nokre fag i, er nesten all pensumet og undervisinga på norsk. Det er kanskje ikkje så rart ettersom om ein ønsker å bli ein lærar i Noreg er det viktigast å kunna mest om den norske pedagogiske konteksten. Norsk står også sterkt i juss og sjukepleie.

Det er også viktig å understreka at ikkje alle i Noreg kan lika godt engelsk. Dei fleste i Noreg klarer å uttrykka seg med bruk av eit kvardagsspråk på engelsk. Likevel er det mykje vanskelegare når det gjeld å uttrykka seg med eit fagspråk. For mange kan det vera vanskeleg å lesa vitskaplege artiklar på engelsk på eit fagfelt som i utgangspunktet allereie er vanskeleg å forstå. Mange vil nok difor gjera det mykje betre om dei får undervisinga og pensumet på norsk heller enn engelsk. Dette gjeld kanskje spesielt tidleg i studietida då ein kan mindre om fagfeltet sitt.

I tillegg er det viktig å understreka at universiteta ikkje har det einaste ansvaret for å formidla eit fagspråk på norsk, sjølv om dei er nokre av dei viktigaste. Fagspråk kjem også fram tidlegare i undervisningsløpet. Her står norsk framleis veldig sterkt. I tillegg blir det publisert veldig mykje populærvitskap på norsk. Desse sel også veldig bra og gjer folk eit solid norsk fagspråk i ulike felt. I tillegg er Store Norske Leksikon, eit digitalt norsk leksikon, ein veldig god kanal for formidling av vitskap og faginnsikt på norsk. Difor vil eg seie at alt i alt står framleis norsk veldig sterkt, også som fagspråk. Likevel må me også vera medvitne om at dersom norsk blir svekka på norske universitet, kan dette vera ein trussel for norsk fagspråk på lenger sikt.

La oss sjå på nokre nummer som visar litt av problemet. Berre ti prosent av all norsk forsking blir publisert på norsk. I tillegg har talet på masteroppgåver på norsk gått kraftig ned dei siste 20 åra. Fleire og fleire av dei tilsette på norske universitet er internasjonale, noko som gjer at meir og meir av undervisinga skjer på engelsk. Så kva blir gjort på norske universitet for å sikra og betra posisjonen til norsk? La oss sjå på universitetet i Bergen for eit konkret eksempel. Eg kjem til å referera til universitetet i Bergen som UiB framover.

I 2019 vedtok UiB ei rekke språkpolitiske retningslinjer. Der skreiv dei at UiB skal vera «eit språkleg forbilde for norsk utdanning, kultur og samfunnsliv» og at «formidling av norsk fagspråk og terminologi er ein viktig del av samfunnsoppdraget.» Dei fokuserte også på at nynorsk skulle ha ein viktig posisjon på universitetet. Likevel var det også viktig for UiB at desse måla skal vera realistiske. For eksempel er det urealistisk at all pensum og undervising skal vera på norsk. Det er viktig med globalisering og internasjonalisering i norske universitet. I tillegg forandra dei kravet om at internasjonale tilsette skulle kunna norsk etter to år. To år er veldig lite tid til å læra eit språk på eit veldig høgt nivå, spesielt dersom ein har eit morsmål som er veldig annleis enn norsk. Difor endra UiB det til at internasjonale skal kunna norsk etter tre år og ikkje to. Likevel er det framleis fokus på at dei skal kunna norsk.

Dei aller fleste i Noreg ønsker å ha eit sterkt norsk fagspråk. Til dømes viste ei undersøking i 2018 at 8/10 NHO-verksemder meiner at norsk skriftleg formdlingsevne har ei stor eller viss betydning. NHO er næringslivets hovudorganisasjon. Norsk er eit viktig språk i norsk næringsmiljø. Dei aller fleste i norsk næringsliv vil bruka norsk som arbeidsspråk.

Studentane ønsker også eit norsk fagspråk. Norsk studentorganisasjon (NSO) vedtok i 2018 ein resolusjon som sa at dei ønska eit norsk fagspråk. I samtalar med andre studentar har eg også høyrt at mange ikkje liker å skriva på engelsk eller å lesa vitskaplege artiklar på engelsk. Mange studentar ønsker norsk på universiteta.

Eit anna interessant poeng er at me kunne blitt betre til å samarbeida med Danmark og Sverige slik at me les meir skandinaviske språk på universiteta. Eg har lest litt litteratur på svensk og dansk (mest på svensk), men framleis er ikkje dette så veldig mykje. Norsk, dansk og svensk er veldig like, og kanskje kunne eit slikt samarbeid ha styrka fagspråka på alle dei skandinaviske språka? Kanskje det er lettare å stå imot engelsk dersom ein hadde samarbeidd med svensk og dansk? I tillegg kunne det ha styrka skandinavisk språkforståing og samarbeid, noko eg sjølv synes er veldig spennande.

Så får me sjå i framtida om engelsk kjem til å ta endå meir over i norske universitet, eller om ein klarer å finna ein balansegang mellom norsk og engelsk.

86 – Den engelske trusselen på norske universitet 86 – Die englische Bedrohung an norwegischen Universitäten 86 – The English threat at Norwegian universities 86 – A ameaça inglesa nas universidades norueguesas 86 – Английская угроза в норвежских университетах 86 – Англійська загроза в норвезьких університетах

Eg hugsar det godt. I think so well. Eu me lembro bem. Det var i eit historiefag om krossfararar. It was in a history subject about the Crusaders. All pensumet var på engelsk, alle faguttrykka på engelsk. All the syllabus was in English, all subject terms in English. Уся програма була англійською мовою, усі предметні терміни англійською мовою. Då eksamenen kom hadde eg valet om å skriva den på norsk eller på engelsk. When the exam came, I had the choice of writing it in Norwegian or in English. Коли настав іспит, у мене був вибір: писати його норвезькою чи англійською. Alle faguttrykka var på engelsk. All subject terms were in English. Усі предметні терміни були англійською мовою. Det var berre lettare å gjera det på engelsk. It was just easier to do it in English. Просто англійською це було легше зробити. Så i eit fag undervist av norske professorar på ein eksamen som skulle rettast av nordmenn, der skreiv eg på engelsk og ikkje på norsk. So in a subject taught by Norwegian professors on an exam that was to be marked by Norwegians, I wrote in English and not in Norwegian. Тож у предметі, який викладали норвезькі професори на іспиті, який мали оцінювати норвежці, я писав англійською, а не норвезькою. Engelsk er eit trugsmål for norsk på norske universitet. English is a threat language for Norwegian at Norwegian universities. Англійська є небезпечною мовою для норвезької в норвезьких університетах. Det er eit problem at engelsk tek meir og meir over på kostnad av norsk på universiteta. It is a problem that English is taking over more and more at the expense of Norwegian at the university. Min eigen erfaring på eit norsk universitet visar også dette. My own experience at a Norwegian university also shows this. Mesteparten av bøkene og artiklane eg les er på engelsk. Mykje av undervisinga skjer på engelsk. Much of the teaching takes place in English. Eg har skrive mange eksamenar på engelsk. Er dette eit problem?

Engelsk blir meir og meir vanleg på norske universitet. Det er viktig å kunne engelsk for å studera i Noreg. It is important to know English to study in Norway. Faktisk er det viktig å kunne engelsk sjølv om ein studerer fag som blir underviste på norsk. In fact, it is important to know English even if you study subjects that are taught in Norwegian. Mange er redde for at dette kan svekka posisjonen til norsk på lang sikt. Many are afraid that this could weaken the position of Norwegian in the long term. For eksempel kan det gjera det vanskelegare å utvikla eit fagspråk på norsk om norsk ikkje blir brukt på universiteta. For example, it can make it more difficult to develop a professional language in Norwegian if Norwegian is not used at universities. Universiteta har eit viktig ansvar når det kjem til å utvikla eit norsk fagspråk i ulike spesialitetar. Universities have an important responsibility when it comes to developing a Norwegian professional language in various specialisms. Om me mistar det så kjem også norsk til å bli eit fattigare språk. If we lose it, Norwegian will also become a poorer language. Difor er det heilt essensielt at me tek vare på norsk som eit universitetsspråk. Therefore, it is absolutely essential that we take care of Norwegian as a university language.

Men kva er problemet då? But what is the problem then? Kvifor ikkje berre gjer det? Why not just do it? Det er komplisert. Grunnen til det er at universiteta stadig blir meir og meir globale. The reason for this is that universities are becoming more and more global. Universiteta i Noreg ynskjer å tiltrekka forskarar og studentar frå heile verda. Globaliseringa av universiteta vil naturlegvis også gjera at det globale språket engelsk får ein viktigare posisjon i norske universitet. The globalization of the universities will naturally also mean that the global language English will have a more important position in Norwegian universities. I tillegg skjer veldig mykje av forskinga på ulike fagfelt rundt omkring i verda på engelsk. In addition, a great deal of the research in various fields around the world takes place in English. Dette er ein veldig stor styrke ettersom det då blir lettare å samarbeida på tvers av landegrenser. This is a very big strength as it then becomes easier to collaborate across national borders. Det blir då lettare for ein frå Noreg å samarbeida med nokon frå Argentina, sjølv om ingen snakkar den andre sitt språk. It then becomes easier for someone from Norway to collaborate with someone from Argentina, even if neither speaks the other's language. Likevel er det også eit problem at det kan svekka posisjonen til norsk i forsking og i universiteta. Nevertheless, there is also a problem that it can weaken the position of Norwegian in research and in the universities.

Så det er to sider til denne saka som me må vera klar over. Den eine sida er at universiteta ønsker å vera globale senter for forsking. One side is that universities want to be global centers for research. Norske forskarar ønsker å publisera artiklar i prestisjetunge engelskspråklege tidsskrift. Norwegian researchers want to publish articles in prestigious English-language journals. På den andre sida veit me at universiteta har ei viktig rolle i å ta vare på norsk som fagspråk. On the other hand, I know that universities have an important role in taking care of Norwegian as an academic language.

Språkrådet i Noreg, eit råd som jobbar for bruk av norsk, er svært kritisk til bruken av engelsk på norske universitet. The Language Council in Norway, a council that works for the use of Norwegian, is very critical of the use of English at Norwegian universities. For eksempel er veldig mykje av pensumet i ulike fag på engelsk. For example, a great deal of the syllabus in various subjects is in English. Frå historie kan eg bekrefta dette. I can confirm this from history. Store delar av pensumet eg har hatt har vore på engelsk, båe bøker og artiklar. Large parts of the syllabus I have had have been in English, both books and articles. Dette gjeld også for fagfelt som psykologi, biovitskap, informatikk og geologi. This also applies to fields such as psychology, bioscience, computer science and geology.

Likevel er det heldigvis ikkje slik at engelsk dominerer alle fagfelt. Nevertheless, it is fortunately not the case that English dominates all subject areas. Norsk blir framleis brukt i stor grad i undervisinga i mange fagfelt. I pedagogikk, som eg har hatt nokre fag i, er nesten all pensumet og undervisinga på norsk. In pedagogy, in which I have had a few subjects, almost all the syllabus and teaching is in Norwegian. Det er kanskje ikkje så rart ettersom om ein ønsker å bli ein lærar i Noreg er det viktigast å kunna mest om den norske pedagogiske konteksten. It is perhaps not so strange because if you want to become a teacher in Norway, it is most important to know the most about the Norwegian educational context. Norsk står også sterkt i juss og sjukepleie. Norwegian is also strong in law and nursing.

Det er også viktig å understreka at ikkje alle i Noreg kan lika godt engelsk. It is also important to emphasize that not everyone in Norway can speak English equally well. Dei fleste i Noreg klarer å uttrykka seg med bruk av eit kvardagsspråk på engelsk. Most people in Norway manage to express themselves using an everyday language in English. Likevel er det mykje vanskelegare når det gjeld å uttrykka seg med eit fagspråk. Nevertheless, it is much more difficult when it comes to expressing oneself with professional language. For mange kan det vera vanskeleg å lesa vitskaplege artiklar på engelsk på eit fagfelt som i utgangspunktet allereie er vanskeleg å forstå. For many, it can be difficult to read scientific articles in English in a field that is already difficult to understand in the first place. Mange vil nok difor gjera det mykje betre om dei får undervisinga og pensumet på norsk heller enn engelsk. Many will therefore probably do much better if they receive the teaching and the syllabus in Norwegian rather than English. Dette gjeld kanskje spesielt tidleg i studietida då ein kan mindre om fagfeltet sitt. This perhaps applies particularly early in the study period when you can learn less about your field of study.

I tillegg er det viktig å understreka at universiteta ikkje har det einaste ansvaret for å formidla eit fagspråk på norsk, sjølv om dei er nokre av dei viktigaste. In addition, it is important to emphasize that the universities do not have the sole responsibility for imparting a professional language in Norwegian, even if they are some of the most important. Fagspråk kjem også fram tidlegare i undervisningsløpet. Technical language also appears earlier in the course of teaching. Her står norsk framleis veldig sterkt. Norwegian is still very strong here. I tillegg blir det publisert veldig mykje populærvitskap på norsk. In addition, a great deal of popular science is published in Norwegian. Desse sel også veldig bra og gjer folk eit solid norsk fagspråk i ulike felt. These also sell very well and give people solid Norwegian professional language in various fields. I tillegg er Store Norske Leksikon, eit digitalt norsk leksikon, ein veldig god kanal for formidling av vitskap og faginnsikt på norsk. In addition, the Store Norske Leksikon, a digital Norwegian encyclopedia, is a very good channel for imparting knowledge and specialist knowledge in Norwegian. Difor vil eg seie at alt i alt står framleis norsk veldig sterkt, også som fagspråk. Therefore, I would say that, all in all, Norwegian is still very strong, also as a professional language. Likevel må me også vera medvitne om at dersom norsk blir svekka på norske universitet, kan dette vera ein trussel for norsk fagspråk på lenger sikt. Nevertheless, we must also be aware that if Norwegian is weakened at Norwegian universities, this could be a threat to Norwegian professional language in the longer term.

La oss sjå på nokre nummer som visar litt av problemet. Let's look at some numbers that show a bit of the problem. Berre ti prosent av all norsk forsking blir publisert på norsk. Only ten percent of all Norwegian research is published in Norwegian. I tillegg har talet på masteroppgåver på norsk gått kraftig ned dei siste 20 åra. In addition, the number of master's theses in Norwegian has fallen sharply in the last 20 years. Fleire og fleire av dei tilsette på norske universitet er internasjonale, noko som gjer at meir og meir av undervisinga skjer på engelsk. More and more of the employees at Norwegian universities are international, which means that more and more of the teaching takes place in English. Så kva blir gjort på norske universitet for å sikra og betra posisjonen til norsk? So what is being done at Norwegian universities to secure and improve the position of Norwegian? La oss sjå på universitetet i Bergen for eit konkret eksempel. Let's look at the University of Bergen for a concrete example. Eg kjem til å referera til universitetet i Bergen som UiB framover. I will refer to the University of Bergen as UiB from now on.

I 2019 vedtok UiB ei rekke språkpolitiske retningslinjer. In 2019, UiB adopted a number of language policy guidelines. Der skreiv dei at UiB skal vera «eit språkleg forbilde for norsk utdanning, kultur og samfunnsliv» og at «formidling av norsk fagspråk og terminologi er ein viktig del av samfunnsoppdraget.» Dei fokuserte også på at nynorsk skulle ha ein viktig posisjon på universitetet. There they wrote that UiB should be "a linguistic role model for Norwegian education, culture and social life" and that "dissemination of Norwegian professional language and terminology is an important part of the social mission." They also focused on Nynorsk having an important position at the university. Likevel var det også viktig for UiB at desse måla skal vera realistiske. Nevertheless, it was also important for UiB that these goals should be realistic. For eksempel er det urealistisk at all pensum og undervising skal vera på norsk. Det er viktig med globalisering og internasjonalisering i norske universitet. Globalization and internationalization are important in Norwegian universities. I tillegg forandra dei kravet om at internasjonale tilsette skulle kunna norsk etter to år. In addition, they changed the requirement that international employees should know Norwegian after two years. To år er veldig lite tid til å læra eit språk på eit veldig høgt nivå, spesielt dersom ein har eit morsmål som er veldig annleis enn norsk. Two years is very little time to learn a language at a very high level, especially if you have a mother tongue that is very different from Norwegian. Difor endra UiB det til at internasjonale skal kunna norsk etter tre år og ikkje to. Therefore, UiB changes it so that internationals must know Norwegian after three years and not two. Likevel er det framleis fokus på at dei skal kunna norsk. Nevertheless, the focus is still on them knowing Norwegian.

Dei aller fleste i Noreg ønsker å ha eit sterkt norsk fagspråk. The vast majority of people in Norway want to have a strong Norwegian professional language. Til dømes viste ei undersøking i 2018 at 8/10 NHO-verksemder meiner at norsk skriftleg formdlingsevne har ei stor eller viss betydning. For example, a survey in 2018 showed that 8/10 NHO companies believe that Norwegian written communication skills are of great or some importance. NHO er næringslivets hovudorganisasjon. NHO is the main organization of business. Norsk er eit viktig språk i norsk næringsmiljø. Norwegian is an important language in the Norwegian business environment. Dei aller fleste i norsk næringsliv vil bruka norsk som arbeidsspråk. The vast majority of people in Norwegian business will use Norwegian as their working language.

Studentane ønsker også eit norsk fagspråk. The students also want a Norwegian professional language. Norsk studentorganisasjon (NSO) vedtok i 2018 ein resolusjon som sa at dei ønska eit norsk fagspråk. In 2018, the Norwegian Student Organization (NSO) adopted a resolution stating that they wanted a Norwegian professional language. I samtalar med andre studentar har eg også høyrt at mange ikkje liker å skriva på engelsk eller å lesa vitskaplege artiklar på engelsk. In conversations with other students, I have also heard that many do not like to write in English or to read scientific articles in English. Mange studentar ønsker norsk på universiteta.

Eit anna interessant poeng er at me kunne blitt betre til å samarbeida med Danmark og Sverige slik at me les meir skandinaviske språk på universiteta. Another interesting point is that we could do better to collaborate with Denmark and Sweden so that we read more Scandinavian languages at university. Eg har lest litt litteratur på svensk og dansk (mest på svensk), men framleis er ikkje dette så veldig mykje. I have read some literature in Swedish and Danish (mostly in Swedish), but so far this is not very much. Norsk, dansk og svensk er veldig like, og kanskje kunne eit slikt samarbeid ha styrka fagspråka på alle dei skandinaviske språka? Norwegian, Danish and Swedish are very similar, and perhaps such cooperation could have strengthened the professional language in all the Scandinavian languages? Kanskje det er lettare å stå imot engelsk dersom ein hadde samarbeidd med svensk og dansk? Perhaps it is easier to stand against English if one had collaborated with Swedish and Danish? I tillegg kunne det ha styrka skandinavisk språkforståing og samarbeid, noko eg sjølv synes er veldig spennande. In addition, it could have strengthened Scandinavian language understanding and cooperation, which I personally find very exciting.

Så får me sjå i framtida om engelsk kjem til å ta endå meir over i norske universitet, eller om ein klarer å finna ein balansegang mellom norsk og engelsk. So we will see in the future whether English will take over even more in Norwegian universities, or whether a balance can be found between Norwegian and English.