×

Vi använder kakor för att göra LingQ bättre. Genom att besöka sajten, godkänner du vår cookie-policy.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 69 – Fedme

69 – Fedme

Heihei! I denne episoden skal me snakka om fedme som tyder sjukeleg overvekt. Før me gjer det vil eg berre kjapt nemna Patreon.1. Der kan de støtta podkasten. Eg sett veldig pris på dei av dykk som allereie har valt å gjera det. Elles finn de teksten til episoden på nettstaden til podkasten. La oss byrja!

Fedme tyder sjukeleg overvekt og er eit stadig aukande problem i verda. Stadig fleire i båe Noreg og verda blir sjukeleg overvektige. For eksempel visar studiar at kvar femte person i Noreg kjem under kategorien fedme dersom ein tek utgangspunkt i KMI, eit mål for overvekt. Faktisk har heile 5% av alle menn og 7% av alle kvinner i aldersgruppa 40-45år i Noreg ein KMI på over 35, noko som er fedme grad II også kalla alvorleg fedme. Fedme førar til større sjanse for diabetes type 2 og andre hjarte og kar sjukdommar. Personar som er sjukeleg overvektige døyr i gjennomsnitt tidlegare, har fleire komplikasjonar med sjukdommar, og har større vanskar med å bevega seg. I denne episoden skal me sjå litt meir på fedme, årsakene til alvorleg overvekt og litt av konsekvensane. Først skal me definera fedme.

Ofte brukar ein KMI, kroppsmasseindeks, for å måla overvekt. KMI er det same som BMI på engelsk. For å finna ut KMIen sin så må ein veta høgda si og multiplisera dette talet med seg sjølv. Deretter målar du kor tung du er og delar det talet på kvadratet av høgda. For eksempel kan me ta utgangspunkt i ein person som er 1,8 meter høg og som veg 80 kilo. Då tek me 1,8*1,8 som blir 3,24. Også delar me 80 på 3,24 og får 24,7 som er KMIen til denne personen. KMI frå 18,5 til 25 blir definert som normal vekt. Overvekt er 25 til 30, medan fedme er alt over 30. Ein KMI på over 40 er svært alvorleg fedme.

I tillegg til KMI pleier ein å sjå på midjemål, fysisk aktivitet, kosthald og røykevanar for å måla helserisikoen til ein person. KMI er nemleg ikkje alltid eit like bra mål for å sjå om ein person er sunn eller ikkje. Musklar veg meir enn feitt. Dette gjer at personar som trenar mykje styrke kan få ein ganske høg KMI, utan at dette er helsefarleg på noko måte. Difor pleier ein ofte å også ta i bruk desse andre måla for å sjå om ein høg KMI er eit problem eller ikkje. Ein person med stort midjemål som ikkje trenar, spis mykje usunn mat og som røykar vil ha større helserisikoar ved høg KMI.

Heilt grunnleggjande kjem fedme av at ein over lang tid et fleire kaloriar enn det kroppen treng. Ein et meir mat enn ein forbrenn gjennom fysisk aktivitet. Då lagrar kroppen desse ekstra kaloriane som feitt. Frå evolusjonen gjer dette meining. Kroppen lagrar ekstra kaloriar som feitt som den kan bruka seinare, for eksempel i periodar ein går lenge utan mat. Dette kunne vera ein realitet for mange menneskje før i tida.

I dag får likevel dei aller fleste meir enn nok mat kvar dag. I tillegg er det kanskje eit mindre behov for å vera fysisk aktiv i det moderne samfunnet. Det er færre fysisk krevjande yrker og mykje har blitt automatisert. For eksempel finnes det no automatiske grasklipparar som gjer at ein ikkje treng å bevega seg for å klyppa plenen. Ein annan grunn er at det er mykje mat med høgt kaloriinnhald som ulike typar søppelmat og meir brus med sukker i seg. Likevel er det ikkje så enkelt at nokon er late og difor legg på seg. Meir og meir forsking visar at genar har stor påverknad på om ein person blir overvektig. For eksempel kan genar påverka kor lett me legg på oss og kor mykje me forbrenn.

Ein metaanalyse publisert i 2012 viste at genetikk kan forklara 40 til 60% av skilnadane i kroppsvekta til folk. Faktisk er det nesten 1000 stadar i DNAet som har påverknad på KMIen. Personar med mange genar for overvekt vil vera mykje meir følsame for ein usunn livsstil, og då vil dei leggja på seg. Kva kan desse genane påverka? For eksempel kan det påverka appetitten, kor svoltne folk er. Nokon har genar som gjer at dei er meir svoltne enn andre, sjølv om dei har ete nok mat. Andre genar spelar inn på kor mange kaloriar kroppen brukar. I eit samfunn med mykje søppelmat med eit høgt innhald av sukkar og metta feitt, og der me sitt meir framfor ein skjerm på kontoret og heime, så er det mange som har genar som gjer det vanskeleg å halda vekta nede. Nokon har genar som gjer det vanskeleg å ikkje bli overvektige i det moderne samfunnet.

For mange av desse personane er det også vanskeleg å slanka seg. Mange kan gå ned i vekt over ein kort periode, men mange har problem med eit varig vekttap. Altså at vekttapet held seg over ein lang periode. Dei aller fleste legg på seg igjen etter ein slankekur dersom dei ikkje får hjelp av helsevesenet og legar.

Andre faktorar kan også spela inn på overvekt og fedme. Epigenetikk, sosiale forhold, utdanningsnivå, inntekt og infrastruktur er andre faktorar som kan spela inn. For eksempel pleier folk med lågare inntekt i gjennomsnitt å ha høgare KMI enn dei med høgare inntekt. Sosio-økonomisk status har altså mykje å seie. Dette kan nok ha med kunnskap, livsstilsvanar, kultur og liknande å gjere.

Tyder dette at det berre er genane som styrar om ein blir overvektig eller ikkje? Nei, sjølvsagt ikkje. Men det tyder meir enn ein lenge har trudd. Dette gjer at me må vera forsiktige med å stigmatisera overvekt og fedme. Kaloriar inn og kaloriar ut er ei så stor forenkling at det nesten ikkje gjer meining eingong. Det er så mange andre faktorar som spelar inn. Stigmatisering av overvektige er skadeleg. Overvektige blir ofte diskriminert i arbeidsmarkanden, i helsevesenet og i utdanningssystemet. Og det hjelper ikkje å stigmatisera. Det førar ikkje til mindre overvekt.

Overvekt førar ofte til høgare risiko for ein rekke sjukdommar. Det er større sannsyn for å få mange sjukdommar dersom ein har ein KMI på over 30. For eksempel er det auka risiko for diabetes type 2, høgt blodtrykk, fettlever, gallestein og nokre krefttypar. Det er også større risiko for belastningssjukdommar i skjelett, ledd og musklar sidan det er ein del ekstra vekt desse må støtta. I tillegg kan fedme føra til sjukeleg snorking. Det er altså mange komplikasjonar.

Likevel treng ikkje litt overvekt å vera farleg. Aktivitetsnivået har mykje å seie for om vekta er farleg eller ikkje. Fysisk aktivitet kan gjera at ein kan ha litt høgare KMI enn 25 utan at det treng å vera negativt.

Helsegevinsten av å gå ned i vekt er større jo yngre ein er. Dersom ein er sjukeleg overvektig er det betre å gjera noko med det så tidleg som mogleg. Hjå eldre ser det ut som overvekt faktisk ikkje førar til auka dødsrisiko, men å gå ned i vekt kan framleis føra til ei betring i livskvaliteten. Sjukeleg overvekt kan nemleg også føra til lågare livskvalitet.

Kva kan ein gjera for å gå ned i vekt? Det viktigaste er å leggja om kosthaldet, altså kor mange kaloriar ein et. Dersom ein skal gå ned i vekt må ein eta mindre kaloriar enn ein treng. I tillegg er det lurt å auka den fysiske aktiviteten. Dette kan gjer at vekttapet blir sunnare. Ein måte ein kan slanka seg på er ved å dela det inn i to fasar: Vektreduksjonsfase og vedlikehaldsfase. I vektreduksjonsfasen er målet å gå ned i vekt. Den kan vara i seks til tolv månadar, og i denne perioden bør ein redusera energiinntaket med 500 til 1000 kaloriar kvar dag. I denne fasen er det viktig at ein held seg til planen over ein lang periode. For å gå ned i vekt er det viktig at ein får i seg mindre kaloriar over ein lang periode. Jo meir overvektig ein er, jo større kan kalorinedgangen normalt vera.

I vedlikehaldsfasen er målet å halda på vektnedgangen. Mange som slankar seg legg på seg vekta igjen ganske kjapt etterpå. Difor er det viktig at ein ikkje aukar energiinntaket for mykje i denne fasen. For eksempel er det lurt å velja mat med høgt innhald av fiber og protein, og lågt innhald av feitt og sukker. Grønsaker er eit perfekt eksempel på ei matvare som gjer god mettheitskjensle, men som har veldig lågt kaloriinnhald. For at vekttapet skal vera permanent er det viktig at ein held fram med livsstilsendringane som kosthald og fysisk aktivitet.

Det kan vera lurt å få hjelp av ein lege i denne prosessen. Det er vanskeleg å gå ned i vekt, og som me har sett så har genane våre mykje å seie for vekta vår. Mange som slankar seg, går opp igjen i vekt ganske kjapt etterpå. Så det kan vera lurt å få hjelp av ein lege til å legga opp kosthald og fysisk aktivitet slik at vekttapet kan bli meir permanent. I tillegg kan det vera lurt å vera medviten på kva psykiske konsekvensar slanking kan ha. Det er viktig at slanking ikkje førar til spiseforstyrringar som anoreksi eller bulimi. Ein skal ikkje slanka seg til evig tid. Det er ikkje eit poeng å bli tynnast mogleg. Det viktigaste er å få ein sunnare livsstil.

Til slutt vil eg berre seie at samfunnet me lev i har stor påverknad på vekta vår. Det er eit samfunnsproblem at fleire personar rundt omkring i verda slit med fedme. Talet på sjukeleg overvektige har auka i Noreg, akkurat som største delen av verda. Det kan altså sjå ut som om den moderne livsstilen gjer oss feitare. Fedme er altså ikkje så lett som at nokre er late og berre et søppelmat. Samfunnet rundt oss og genane me er fødde med kan ha stor påverknad på overvekt.

Det var alt for denne episoden. Har du nokre spørsmål kan du senda dei til meg på epost. Eg håpar å sjå deg i neste episode. Ha det bra!

69 – Fedme 69 – Fettleibigkeit 69 – Obesity 69 – Obésité 69 – Otyłość 69 – Obesidade 69 – Ожиріння

Heihei! I denne episoden skal me snakka om fedme som tyder sjukeleg overvekt. In this episode, we will talk about obesity, which indicates morbid obesity. Før me gjer det vil eg berre kjapt nemna Patreon.1. Der kan de støtta podkasten. Eg sett veldig pris på dei av dykk som allereie har valt å gjera det. I really appreciated those of you who have already chosen to do it. Elles finn de teksten til episoden på nettstaden til podkasten. Otherwise, they can find the text of the episode on the website of the podcast. La oss byrja! Let's get started!

Fedme tyder sjukeleg overvekt og er eit stadig aukande problem i verda. Stadig fleire i båe Noreg og verda blir sjukeleg overvektige. For eksempel visar studiar at kvar femte person i Noreg kjem under kategorien fedme dersom ein tek utgangspunkt i KMI, eit mål for overvekt. For example, studies show that every fifth person in Norway falls under the category of obesity if you take BMI as a starting point, a measure of obesity. Faktisk har heile 5% av alle menn og 7% av alle kvinner i aldersgruppa 40-45år i Noreg ein KMI på over 35, noko som er fedme grad II også kalla alvorleg fedme. In fact, a full 5% of all men and 7% of all women in the age group 40-45 years in Norway have a BMI of over 35, which is obesity degree II also called severe obesity. Fedme førar til større sjanse for diabetes type 2 og andre hjarte og kar sjukdommar. Obesity leads to a greater chance of type 2 diabetes and other cardiovascular diseases. Personar som er sjukeleg overvektige døyr i gjennomsnitt tidlegare, har fleire komplikasjonar med sjukdommar, og har større vanskar med å bevega seg. People who are morbidly obese die on average earlier, have more complications with diseases, and have greater difficulty moving. I denne episoden skal me sjå litt meir på fedme, årsakene til alvorleg overvekt og litt av konsekvensane. In this episode we will look a little more at obesity, the causes of severe obesity and some of the consequences. Først skal me definera fedme.

Ofte brukar ein KMI, kroppsmasseindeks, for å måla overvekt. BMI, body mass index, is often used to measure obesity. KMI er det same som BMI på engelsk. For å finna ut KMIen sin så må ein veta høgda si og multiplisera dette talet med seg sjølv. To find out your BMI, you must know your height and multiply this number by yourself. Deretter målar du kor tung du er og delar det talet på kvadratet av høgda. Then you measure how heavy you are and divide that number by the square of your height. For eksempel kan me ta utgangspunkt i ein person som er 1,8 meter høg og som veg 80 kilo. Då tek me 1,8*1,8 som blir 3,24. Også delar me 80 på 3,24 og får 24,7 som er KMIen til denne personen. I also divide 80 by 3.24 and get 24.7, which is the BMI of this person. KMI frå 18,5 til 25 blir definert som normal vekt. A BMI of 18.5 to 25 is defined as normal weight. Overvekt er 25 til 30, medan fedme er alt over 30. Ein KMI på over 40 er svært alvorleg fedme.

I tillegg til KMI pleier ein å sjå på midjemål, fysisk aktivitet, kosthald og røykevanar for å måla helserisikoen til ein person. In addition to BMI, one usually looks at waist measurement, physical activity, diet and smoking habits to measure a person's health risk. KMI er nemleg ikkje alltid eit like bra mål for å sjå om ein person er sunn eller ikkje. BMI is not always a good measure of whether a person is healthy or not. Musklar veg meir enn feitt. Muscle weighs more than fat. Dette gjer at personar som trenar mykje styrke kan få ein ganske høg KMI, utan at dette er helsefarleg på noko måte. This means that people who do a lot of strength training can have a fairly high BMI, without this being dangerous to their health in any way. Difor pleier ein ofte å også ta i bruk desse andre måla for å sjå om ein høg KMI er eit problem eller ikkje. Therefore, one often also uses these other measurements to see if a high BMI is a problem or not. Ein person med stort midjemål som ikkje trenar, spis mykje usunn mat og som røykar vil ha større helserisikoar ved høg KMI. A person with a large waist size who does not exercise, eats a lot of unhealthy food and who smokes will have greater health risks with a high BMI.

Heilt grunnleggjande kjem fedme av at ein over lang tid et fleire kaloriar enn det kroppen treng. Basically, obesity comes from consuming more calories than the body needs over a long period of time. Ein et meir mat enn ein forbrenn gjennom fysisk aktivitet. One more food than one burns through physical activity. Då lagrar kroppen desse ekstra kaloriane som feitt. Frå evolusjonen gjer dette meining. From the point of view of evolution, this makes sense. Kroppen lagrar ekstra kaloriar som feitt som den kan bruka seinare, for eksempel i periodar ein går lenge utan mat. The body stores extra calories as fat which it can use later, for example during periods when one goes a long time without food. Dette kunne vera ein realitet for mange menneskje før i tida. This could be a reality for many people in the past.

I dag får likevel dei aller fleste meir enn nok mat kvar dag. Today, however, the vast majority of them get more than enough food every day. I tillegg er det kanskje eit mindre behov for å vera fysisk aktiv i det moderne samfunnet. In addition, there is perhaps less need to be physically active in modern society. Det er færre fysisk krevjande yrker og mykje har blitt automatisert. There are fewer physically demanding occupations and much has been automated. For eksempel finnes det no automatiske grasklipparar som gjer at ein ikkje treng å bevega seg for å klyppa plenen. For example, there are now automatic lawnmowers that mean you don't have to move to mow the lawn. Ein annan grunn er at det er mykje mat med høgt kaloriinnhald som ulike typar søppelmat og meir brus med sukker i seg. Another reason is that there is a lot of food with a high calorie content, such as various types of junk food and more soft drinks with sugar in them. Likevel er det ikkje så enkelt at nokon er late og difor legg på seg. Nevertheless, it is not so simple that someone is lazy and therefore puts on weight. Meir og meir forsking visar at genar har stor påverknad på om ein person blir overvektig. More and more research shows that genes have a major influence on whether a person becomes overweight. For eksempel kan genar påverka kor lett me legg på oss og kor mykje me forbrenn. For example, genes can affect how easily we put on weight and how much we burn.

Ein metaanalyse publisert i 2012 viste at genetikk kan forklara 40 til 60% av skilnadane i kroppsvekta til folk. A meta-analysis published in 2012 showed that genetics can explain 40 to 60% of the differences in people's body weight. Faktisk er det nesten 1000 stadar i DNAet som har påverknad på KMIen. In fact, there are almost 1,000 sites in the DNA that have an influence on BMI. Personar med mange genar for overvekt vil vera mykje meir følsame for ein usunn livsstil, og då vil dei leggja på seg. People with a lot of problems with being overweight will be much more sensitive to an unhealthy lifestyle, and then they will put on weight. Kva kan desse genane påverka? What can these genes affect? For eksempel kan det påverka appetitten, kor svoltne folk er. For example, appetite can be affected by how hungry people are. Nokon har genar som gjer at dei er meir svoltne enn andre, sjølv om dei har ete nok mat. Some people have genes that make them hungrier than others, even if they have eaten enough food. Andre genar spelar inn på kor mange kaloriar kroppen brukar. Other genes affect how many calories the body uses. I eit samfunn med mykje søppelmat med eit høgt innhald av sukkar og metta feitt, og der me sitt meir framfor ein skjerm på kontoret og heime, så er det mange som har genar som gjer det vanskeleg å halda vekta nede. In a society with a lot of junk food with a high content of sugar and saturated fat, and where we sit more in front of a screen in the office and at home, there are many people who have problems that make it difficult to keep the weight down. Nokon har genar som gjer det vanskeleg å ikkje bli overvektige i det moderne samfunnet. Some people have genes that make it difficult not to become overweight in modern society.

For mange av desse personane er det også vanskeleg å slanka seg. For many of these people, it is also difficult to lose weight. Mange kan gå ned i vekt over ein kort periode, men mange har problem med eit varig vekttap. Many people can lose weight over a short period of time, but many have problems with permanent weight loss. Altså at vekttapet held seg over ein lang periode. This means that the weight loss is maintained over a long period. Dei aller fleste legg på seg igjen etter ein slankekur dersom dei ikkje får hjelp av helsevesenet og legar. The vast majority of people put the weight back on after a diet if they don't get help from the healthcare system and doctors.

Andre faktorar kan også spela inn på overvekt og fedme. Other factors can also play a role in overweight and obesity. Epigenetikk, sosiale forhold, utdanningsnivå, inntekt og infrastruktur er andre faktorar som kan spela inn. Epigenetics, social conditions, level of education, income and infrastructure are other factors that can come into play. For eksempel pleier folk med lågare inntekt i gjennomsnitt å ha høgare KMI enn dei med høgare inntekt. For example, people with a lower income tend to have a higher BMI on average than those with a higher income. Sosio-økonomisk status har altså mykje å seie. Socio-economic status therefore has a lot to say. Dette kan nok ha med kunnskap, livsstilsvanar, kultur og liknande å gjere. This may probably have to do with knowledge, lifestyle habits, culture and the like.

Tyder dette at det berre er genane som styrar om ein blir overvektig eller ikkje? Does this mean that it is only the genes that control whether one becomes overweight or not? Nei, sjølvsagt ikkje. No, of course not. Men det tyder meir enn ein lenge har trudd. But it means more than one has long thought. Dette gjer at me må vera forsiktige med å stigmatisera overvekt og fedme. This means that we must be careful not to stigmatize overweight and obesity. Kaloriar inn og kaloriar ut er ei så stor forenkling at det nesten ikkje gjer meining eingong. Calories in and calories out is such a big simplification that it almost doesn't even make sense. Det er så mange andre faktorar som spelar inn. There are so many other factors that come into play. Stigmatisering av overvektige er skadeleg. Stigmatization of the obese is harmful. Overvektige blir ofte diskriminert i arbeidsmarkanden, i helsevesenet og i utdanningssystemet. Obese people are often discriminated against in the labor market, in the healthcare system and in the education system. Og det hjelper ikkje å stigmatisera. And it doesn't help to stigmatize. Det førar ikkje til mindre overvekt. It does not lead to less obesity.

Overvekt førar ofte til høgare risiko for ein rekke sjukdommar. Being overweight often leads to a higher risk of a number of diseases. Det er større sannsyn for å få mange sjukdommar dersom ein har ein KMI på over 30. There is a greater likelihood of getting many diseases if you have a BMI of over 30. For eksempel er det auka risiko for diabetes type 2, høgt blodtrykk, fettlever, gallestein og nokre krefttypar. For example, there is an increased risk of type 2 diabetes, high blood pressure, fatty liver, gallstones and some types of cancer. Det er også større risiko for belastningssjukdommar i skjelett, ledd og musklar sidan det er ein del ekstra vekt desse må støtta. There is also a greater risk of stress-related diseases in the skeleton, joints and muscles since there is a lot of extra weight that these must support. I tillegg kan fedme føra til sjukeleg snorking. Det er altså mange komplikasjonar.

Likevel treng ikkje litt overvekt å vera farleg. Nevertheless, a little excess weight does not have to be dangerous. Aktivitetsnivået har mykje å seie for om vekta er farleg eller ikkje. The level of activity has a lot to say about whether the weight is dangerous or not. Fysisk aktivitet kan gjera at ein kan ha litt høgare KMI enn 25 utan at det treng å vera negativt. Physical activity can mean that you can have a slightly higher BMI than 25 without it needing to be negative.

Helsegevinsten av å gå ned i vekt er større jo yngre ein er. The health benefits of losing weight are greater the younger you are. Dersom ein er sjukeleg overvektig er det betre å gjera noko med det så tidleg som mogleg. If you are morbidly obese, it is better to do something about it as early as possible. Hjå eldre ser det ut som overvekt faktisk ikkje førar til auka dødsrisiko, men å gå ned i vekt kan framleis føra til ei betring i livskvaliteten. In the elderly, it appears that being overweight does not actually lead to an increased risk of death, but losing weight can still lead to an improvement in the quality of life. Sjukeleg overvekt kan nemleg også føra til lågare livskvalitet.

Kva kan ein gjera for å gå ned i vekt? Det viktigaste er å leggja om kosthaldet, altså kor mange kaloriar ein et. Dersom ein skal gå ned i vekt må ein eta mindre kaloriar enn ein treng. I tillegg er det lurt å auka den fysiske aktiviteten. Dette kan gjer at vekttapet blir sunnare. This can make weight loss healthier. Ein måte ein kan slanka seg på er ved å dela det inn i to fasar: Vektreduksjonsfase og vedlikehaldsfase. One way to lose weight is by dividing it into two phases: Weight reduction phase and maintenance phase. I vektreduksjonsfasen er målet å gå ned i vekt. Den kan vara i seks til tolv månadar, og i denne perioden bør ein redusera energiinntaket med 500 til 1000 kaloriar kvar dag. It can last for six to twelve months, and during this period you should reduce your energy intake by 500 to 1000 calories each day. I denne fasen er det viktig at ein held seg til planen over ein lang periode. For å gå ned i vekt er det viktig at ein får i seg mindre kaloriar over ein lang periode. Jo meir overvektig ein er, jo større kan kalorinedgangen normalt vera. The more overweight one is, the greater the calorie reduction can normally be.

I vedlikehaldsfasen er målet å halda på vektnedgangen. In the maintenance phase, the goal is to maintain the weight loss. Mange som slankar seg legg på seg vekta igjen ganske kjapt etterpå. Many people who lose weight put the weight back on quite quickly afterwards. Difor er det viktig at ein ikkje aukar energiinntaket for mykje i denne fasen. It is therefore important not to increase the energy intake too much in this phase. For eksempel er det lurt å velja mat med høgt innhald av fiber og protein, og lågt innhald av feitt og sukker. For example, it is wise to choose food with a high content of fiber and protein, and a low content of fat and sugar. Grønsaker er eit perfekt eksempel på ei matvare som gjer god mettheitskjensle, men som har veldig lågt kaloriinnhald. For at vekttapet skal vera permanent er det viktig at ein held fram med livsstilsendringane som kosthald og fysisk aktivitet. In order for the weight loss to be permanent, it is important to continue with lifestyle changes such as diet and physical activity.

Det kan vera lurt å få hjelp av ein lege i denne prosessen. It may be a good idea to get help from a doctor in this process. Det er vanskeleg å gå ned i vekt, og som me har sett så har genane våre mykje å seie for vekta vår. It is difficult to lose weight, and as I have seen, our genes have a lot to say about our weight. Mange som slankar seg, går opp igjen i vekt ganske kjapt etterpå. Many people who lose weight gain the weight back quite quickly afterwards. Så det kan vera lurt å få hjelp av ein lege til å legga opp kosthald og fysisk aktivitet slik at vekttapet kan bli meir permanent. So it might be a good idea to get help from a doctor to set up diet and physical activity so that the weight loss can be more permanent. I tillegg kan det vera lurt å vera medviten på kva psykiske konsekvensar slanking kan ha. In addition, it may be wise to be aware of the psychological consequences dieting can have. Det er viktig at slanking ikkje førar til spiseforstyrringar som anoreksi eller bulimi. It is important that dieting does not lead to eating disorders such as anorexia or bulimia. Ein skal ikkje slanka seg til evig tid. One should not lose weight forever. Det er ikkje eit poeng å bli tynnast mogleg. There is no point in getting as thin as possible. Det viktigaste er å få ein sunnare livsstil. The most important thing is to have a healthier lifestyle.

Til slutt vil eg berre seie at samfunnet me lev i har stor påverknad på vekta vår. In the end, I just want to say that the society we live in has a big influence on our weight. Det er eit samfunnsproblem at fleire personar rundt omkring i verda slit med fedme. It is a social problem that many people around the world struggle with obesity. Talet på sjukeleg overvektige har auka i Noreg, akkurat som største delen av verda. The number of morbidly obese people has increased in Norway, just like most of the world. Det kan altså sjå ut som om den moderne livsstilen gjer oss feitare. It can therefore appear as if the modern lifestyle is making us fatter. Fedme er altså ikkje så lett som at nokre er late og berre et søppelmat. Obesity is therefore not as easy as some people being lazy and just eating junk food. Samfunnet rundt oss og genane me er fødde med kan ha stor påverknad på overvekt. The society around us and the genes we are born with can have a big impact on obesity.

Det var alt for denne episoden. That's it for this episode. Har du nokre spørsmål kan du senda dei til meg på epost. If you have any questions, you can send them to me by e-mail. Eg håpar å sjå deg i neste episode. I hope to see you in the next episode. Ha det bra!